Tradisjonelt og nyskapa fagspråk på samisk

I akademiske tekster må ein ha eit vel utvikla fagspråk. Men fagspråk er ikkje noko ein berre nyttar i akademiske tekster, men i alle samanhengar. Denne teksta handlar om både tradisjonelt samisk fagspråk brukt om reinar og nyskapa samisk fagspråk i universitetsverda.

Av Håkan Rydving, språkvitar og professor i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen

Noko av det mest inspirerande eg har gjort som professor, er utan tvil dei gongene eg har vore opponent ved disputasar på samisk. Desse disputasane viser at det er mogleg å vende utviklinga for trua språk berre dei blir brukt i mange ulike samanhengar, som til dømes i vitskaplege tekster og diskusjonar. For å skrive akademisk tekst må ein ha eit vel utvikla fagspråk. Takka vere terminologiarbeidet dei seinaste tiåra finst det i dag samiske ord innanfor dei fleste fagområde, og ein kan derfor skrive vitskaplege tekster på samisk. Frå 1994 har eit vitskapleg tidsskrift, Sámi dieđalaš áigečála, ‘Samisk vitskapleg tidsskrift’, blitt publisert, mange mastergradsoppgåver og fleire doktoravhandlingar har blitt skrivne på samisk, og det har vore disputasar på samisk ved universiteta i Tromsø, Uleåborg og Helsingfors.

Fagspråk er ikkje noko ein berre nyttar i akademiske tekster, men i mange andre samanhengar attåt. I tillegg til dei delane av eit ordtilfang som ein brukar i dagleglivet saman med familie og venner, til dømes når ein handlar mat eller diskuterer TV-program, nyttar vi alle ulike fagspråk både i yrkeslivet og på fritida. Barneskulelærarar og fiskarar, dataingeniørar og mjølkeprodusentar har sine eigne fagspråk, ein del med mange tradisjonelle ord, andre med mange nyord. Dei som ser på fotball eller opera, har også sine fagspråk. Dette gjeld naturlegvis på samisk òg. Samiske barneskulelærarar og fiskarar, dataingeniørar og mjølkeprodusentar nyttar særskilde fagspråk, liksom samisktalande som ser på fotball eller opera.

Eg vil i denne korte teksta gje døme på både eit tradisjonelt og eit nyskapa samisk fagspråk. Det første er nokre av dei mange orda i den rikt utvikla terminologien for reinar (reinterminologien) på sørsamisk, det andre er nordsamiske ord ein kan nytta i universitetsverda i allmenta. Sørsamisk blir tala i nordre Hedmark, Trøndelag og søre Nordland og dessutan på svensk side austover til Bottenvika. Nordsamisk, som er hovuddialekten til dei fleste samisktalande, blir tala i nordre Nordland, Troms og Finnmark i Noreg, og i dei nordlegaste delane av Sverige og Finland.

Rydving 1
Samisk har ein rikt utvikla terminologi for reinar, ut frå blant anna kva alder reinen har, og kva form hornkrona har. Foto: Aina Bye, kjelde: Sametinget.

Den sørsamiske reinterminologien nyttar tre system av termar som utfyller kvarandre. Dette har sørsamisk til felles med dei andre samiske hovuddialektane. Det første systemet klassifiserer reinar med utgangspunkt i alder, kjønn og forplantningsevne, det andre systemet går ut frå hårfargen til reinen, medan det tredje går ut frå forma til hornkrona. Med hjelp av dette sinnrike systemet er det mogeleg å skilje ut ein einskild rein i ein stor reinhjord.

Det første systemet gjeld altså klassifisering av reinar ut frå alder, kjønn og forplantningsevne. Allereie det første leveåret til ein reinkalv nyttar ein ulike ord om reinkalven avhengig av kor gammal han er (alder). Ein nyfødd kalv blir kalla slibnjege, ein kalv på 2–6 veker tjaalkemiesie, ein fjorårskalv som framleis følgjer mora tjearma, og så bortetter. Reinkalvane blir fødde i mai, og frå og med hausten det andre året nyttar ein ulike termar for hann- og horeinar (kjønn):

  1,5–2,5 år 2,5–3,5 år 3,5–4,5 år 4,5–5,5 år
horein voenjele voenjele aaltoe rutnjetje runtnetjeråtnoe
hannrein horhtje vueperes sarve girrehke guesehke 

Det finst vidare særskilde ord ut frå forplantningsevne. Døme på dette er ord for ei reinku som har kalv (aaltoe), for ei som ikkje har fått kalv det året (råtnoe), for ei som har mista kalven sin (tjåaptja), og for ei som aldri har fått kalv (staajne råtnoe).

Rydving 2
Dette er ei teikning av reinar i ein hage av den samiske kunstnaren og forfattaren Johan Turi (1854–1936).

Det andre systemet gjeld klassifisering ut frå hårfargen til reinen. Systemet peiker ut nokre hovudfarger som blir kombinert med nemningar for ulike fargeskiftingar. Talet på grunnfarger ein reknar med, frå heilt svart til heilt kvit, varierer mellom ulike geografiske område. I sørsamisk finst det blant anna særskilde nemningar for ein rein som er heilsvart (tjeehpes), mørk med kvit snut (geerhmes tjööse), mørkegrå (graeviesjovje), grå (jovje), mørkare ljos (måskoehtjööse), ljos med kvit snut (tjööse), og kvit (tjielkejovje). Til orda for grunnfargene legg ein termar for teikningar på hovud, kropp og bein, som til dømes mindre og større kvite eller mørke flekker eller at hårtoppane er ljosare enn resten av håret.

Rydving 3
Det tredje systemet i den sørsamiske reinterminologien gjeld forma til hornkrona til reinen. Foto: ennymore. Tilgjengeleg under CC0 Creative Commons.

Det tredje og mest omfattande systemet av termar beskriv forma til hornkrona til reinen. Systemet er komplekst og variasjonsrikt, og i kvart geografisk område finst det dessutan fleire mogelege måtar å beskrive ein einskild hornkrone på. Ein del av termane tek utgangspunkt i hornkrona si form frå sida eller framifrå, andre frå greinene si form og plassering, frå lengda på horna eller frå symmetrien til horna. Hjå reinen har både hann- og horeinar horn, og dei blir felt og veks ut på nytt kvart år. Særskilde termar blir derfor brukt om blant anna ein horein som saknar horn (haame), eller berre får eitt horn (tjahtje), og for ein hannrein som har brote av eller felt horna (nuljehke).

Utanom dei tre hovudsystema av termar for reinar finst det også andre nemningar som ein kan nytte for å peike ut ein rein. Eit døme på dette er termar som indikerer særskilde eigenskapar: ei reinku som tek særskilt godt hand om kalven (gråmka), ei som ikkje bryr seg om kalven (veahtohke), ein sta rein (stabnjehke) eller ein rein som er uredd og lett å ha med å gjere (staalehke).

Rydving 4
Med spesifikke termar for å skildre korleis reinane ser ut og ter seg, kan reineigarane skilje dyra i flokken frå kvarandre når dei snakkar saman. Foto: Aina Bye, kjelde: Sametinget.

Den sørsamiske reinterminologien er eit døme på eit tradisjonelt fagspråk som har utvikla seg over mange hundreår. Dei nye samiske fagspråka som språkforskarar og språkbrukarar har arbeidd med å skape, er derimot frå dei seinaste tiåra. Det har blant anna blitt publisert ordlister med framlegg til matematiske, medisinske, datavitskaplege, litteraturvitskaplege og samfunnsvitskaplege fagtermar på samisk.

Rydving 5
Illustrasjonen viser tre ordlister med framlegg til samiske fagord innafor datavitskap (til venstre), litteraturvitskap (i midten) og samfunnsvitskap (til høgre). Foto: Håkan Rydving.

Nokre av dei nye fagorda er lånord og omsetjingslån, andre er avleia av tradisjonelle samiske ord. I nordsamisk, som blir snakka i både Noreg, Sverige og Finland, kan lånorda og omsetjingslåna bli forskjellige i dei tre landa. Det er til dømes vanleg at dei nye orda er basert på skandinaviske ord i Noreg og Sverige, men på finske ord i Finland. Medan skandinaviske lånord som universitehta ‘universitet’, fakultehta ‘fakultet’, instituhtta ‘institutt’ og eksámen ‘eksamen’ blir nytta av nordsamisktalarar i Noreg og Sverige, er i staden allaoahpadat ‘universitet’, dieđagoddi ‘fakultet’, oahpadat ‘institutt’ og dutkkus ‘eksamen’ vanlege i Finland. Desse orda er omsetjingslån til yliopisto ‘universitet’ og tiedakunta ‘fakultet’ og tilpasingar til samisk av dei finske orda opisto ‘institutt’ og tutkinto ‘eksamen’. I andre tilfelle – når både norsk, svensk og finsk har same ord – er det tilsvarande samiske ordet det same i heile det nordsamiske området. Døme på slike ord er internasjonale ord som arkeologiija ‘arkeologi’, historjá ‘historie’, matematihkka ‘matematikk’, fysihkka ‘fysikk’ og kemiija ‘kjemi’.

Ein del nye fagord er også heimlege nordsamiske avleiingar, som til dømes čála ‘skrift; skriftleg oppgåve’ (av čállit ‘skrive’), dieđa ‘vitskap’ (av diehtit ‘vite’), dihtor ‘dator’ (av diehtit ‘vite’), dutkan ’forsking’ (av dutkat ‘granske, undersøke’) og logaldat ‘førelesing’ (av lohkat ‘lese’). Som døme på ein annan type nye ord kan eg nemne gielladieđa ‘språkvitskap’, servodatdieđa ‘samfunnsvitskap’ og luonddudieđa ‘naturvitskap’, som er samansetningar liksom i norsk.

Dei seinaste tiåra har ein gjort eit imponerande arbeid med å utvikle nye samiske fagspråk. Samisk fekk offisiell stilling som minoritetsspråk i Noreg og Finland i 1992 og i Sverige i 2000. Dette har bidrege til å heve språket sin status. Samisk blir nytta i stadig fleire samanhengar. Det blir interessant å følgje med i utviklinga av både dei tradisjonelle og dei nye samiske fagspråka dei nærmaste åra.

Rydving 6
Denne skjermdumpen viser den samiskspråklege heimesida til Universitetssjukehuset Nord-Noreg med lenkjar til informasjon på samisk. Kjelde: Universitetssjukehuset Nord-Noreg.

Vil du vite meir?

Avsnittet om sørsamisk reinterminologi har eg henta frå kapittelet mitt om sørsamisk i A. Dalen & J. R. Hagland & S. Hårstad & H. Rydving & O. Stemshaug, Trøndersk språkhistorie: språkforhold i ein region (Trondheim 2008), s. 357–392. Døma på universitetstermar har eg funne i ulike nordsamiske ordbøker.

Ein klassisk oversyn over nokre tradisjonelle fagspråk finn du i artikkelen «Tradisjonell samisk fagterminologi» av Nils Jernsletten, publisert i Festskrift til Ørnulv Vorren (Tromsø 1994), sjå s. 234–253.

Det finst fleire prosjekt som arbeider med samisk snø- og isterminologi. Her kan du lese om eit av dei som arbeider med samisk fagspråk i relasjon til klimaforsking.

Ein annan interessant diskusjon om moglegheitene for å nytte (nord)samisk snøterminologi i naturvitskapleg snøforsking finn du i artikkelen «Traditional Sámi snow terminology and physical snow classification – two ways of knowing» i tidsskriftet Cold Regions Science and Technology 85 (2003), s. 117–130.

Vil du sjå eit døme på ein samiskspråkleg vitskapleg artikkel om samisk fagspråk, kan eg anbefale Ole Henrik Magga si undersøking av sørsamiske snøtermar, publisert i Sámi dieđalaš áigečála 2014 (1) med tittelen «Lullisámegiela muohtasánit», ‘Sørsamiske snøord’. Denne kan du lese her.

Den mest omfattande studien av fagspråket i reindrifta er publisert på fransk (!) av ein kollega i Paris, Yves Delaporte, og omhandlar fagspråket blant reingjetarar i Guovdageaidnu i Finnmark. Boken heiter Le regard de l’éleveur de rennes, ‘Reingjetaren sitt blikk’, og blei publisert i 2002.

Nokre døme på samiske termlister med nyskapa ord på nord-, lule- og sørsamisk finn du her.

Fleire av dei problema for norsk fagspråk som Gjert Kristoffersen diskuterer i ein tidlegare språkprat (20. oktober 2016), gjeld for samisk òg, ikkje berre i relasjon til engelsk, men dessutan i forhold til majoritetsspråka. Sjå Kristoffersens språkprat her.