Veit du kva kranken på ein sykkel er? Eller kva ordet sykkel eigentleg betyr? Og kvifor snakkar vi om sykkelritt? I denne språkpraten skal du få betre greie på det språklege ved sykkel og sykling
Av Morten Rønning, høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet
Sykkel-VM 2017 blir arrangert i Bergen frå 16. til 24. september. Mange er oppglødde over å få eit så stort arrangement til byen og ser fram til å få markert byen for alle sykkelinteresserte i verda. På den måten vil ein gjere Noreg og Bergen kjent og få fleire turistar til byen. Motstanden mot tilskipinga er også merkande, mellom anna fordi tilskipinga vil føre til praktiske problem for innbyggarane når dei skal på jobb og skole, og fordi det allereie er mange turistar i Bergen. Her skal det likevel ikkje handle om gleda og spenninga ved tilskipinga og problem som følgjer med, men om det språklege ved sykkel og sykling.

Norges Cykleforbund blei stifta i 1910, og skrivemåten den gongen var sjølvsagt med bokstaven ‘c’. Også nynorsk hadde opphavleg sykkel med ‘c’. Lars Eskelands Norsk rettskrivings-ordbok (2. utg., 1912) har såleis oppslagsforma cykkel. Underlegare er det at Norsk Riksmålsordbok så seint som i 1983 har cykkel/cykle som oppslagsformer, rett nok ved sida av sykkel/sykle. Elles i samfunnet hadde ein då for lengst gått over til å skrive dette ordet berre med ‘s’.

Nynorskordboka kan opplyse om at ‘sykkel’ kjem «frå eng., fork. for bicycle eigl. ‘tohjular’», og det er same ord som ‘syklus’. Ein syklus er tidsrommet mellom hendingar som regelbunde kjem att. Sjølve nemninga sykkel kjem frå hjula på sykkelen, som går rundt slik som syklusar gjer.
Kva er så forholdet mellom ordet sykkel og forgjengaren til sykkelen: velosiped? Ordet velosiped har noko med fart å gjere, jf. engelsk velocity. Etterleddet ped er det same som vi har først i pedal, altså viser ordet til at ein bruker føtene for å få fart. Nynorskordboka gjer denne hypotesen sannsynleg. Under oppslagsordet velosiped finn vi: «frå fr av lat. velox ‘snøgg’ og pes ‘fot’», og ein velosiped er, som vi veit, ein gammaldags sykkel med svært stort framhjul og lite bakhjul.

Her heime blei denne typen sykkel kalla veltepetter ganske enkelt fordi det var så lett å tippe framover og ramle av sykkelen om vegbanen ikkje var fri for hol og stein. På 1890-talet blei velosipeden avløyst av det ein her kalla sikkerheitssykkelen med like store hjul framme og bak. Ikkje berre blei veltepetteren avløyst av sikkerheitssykkelen, men ordet sykkel kom i allmenn bruk til erstatning for velosiped. Orda sykkel og velosiped har, som vi skjønner, språkleg sett ikkje noko med kvarandre å gjere.

Kva gjer ein så med ein sykkel? I dag syklar vi; det går kanskje an å seie at ein køyrer (på) sykkel, i alle fall dersom sykkelen har motor: køyre motorsykkel. I gamle dagar reid ein på ein sykkel. I nynorskordlista frå 1912, som eg viste til over, er ordet cykle forklart med ‘rida på hjul’, og ein cyklist er ein hjulridar. Jamfør uttrykket ‘ride a bike’ på engelsk. Også i Hamsuns Segelfoss by, som kom ut i 1915, rir arbeidarane på syklane sine: «Det er moderne arbeidere, de går i galoscher, de er kommet ridende til stedet, deres cykler står i nærheten.» Vidare står det følgjande: «Det er unægtelig også en fordel for arbeidsherren at den slitte arbeider nu kan ride på sin cykkel helt op til arbeidsplassen om morgningen.» I dag finn vi berre att spor av denne språkbruken i termane sykkelritt og sykkelryttar. Ein sykkel er altså framkomstmiddelet ein syklar på, men i dag kan ordet også bli brukt om namnet på idretten. På nettsidene til sykkel-VM skriv arrangøren til dømes at «[s]ykkel er en av få idretter hvor et VM-gull rangerer over et OL-gull».

Ein sykkel har visse delar og utstyr. Vi var innom pedalane lenger oppe, som altså har samanheng med det latinske ordet for ‘fot’. I tillegg til hjul og pedalar har ein sykkel eit styre, og med til utstyret høyrer ein sykkelslange. Styret bruker ein til ‘å styre’ med, og på racersyklane er det av typen bukkehornstyre, ein lett skjøneleg metafor rett og slett fordi det liknar på bukkehorn. Språket inneheld eit rikt utval metaforar, som vi ikkje tenker over til dagleg, men heller oppfattar som kvardagslege. Eit anna slikt døme er (sykkel)slange, som vel framleis finst inni dekka og er fylt med luft.
Ein sykkel har vidare ein krank nedst i sykkelramma. og på kvar side av den er pedalane festa. Nynorskordboka definerer ordet krank slik: «(leie i sykkelramme for) pedalaksel». Ordboka opplyser vidare at krank er eit hankjønnsord, som kjem frå lågtysk. Vanlege trøsyklar har òg eiker mellom felgen og navet. I Bergen blir eikene heller kalla spilar, altså «ein tynn (metall)pinne som held noko utspent» (Nynorskordboka).
Navet er sentrum i hjulet, og den eine enden på eikene er festa i navet, og den andre enden i felgen. Felgen er den metallringen som ein legg dekket rundt. Viss lufta går ut av dekket, kan ein konkret sykle på felgen, men den som i overført tyding er på felgen, er enten utsliten eller forelska. På same måten er også ordet nav opphav til metaforar. Ein kan snakke om ein uunnverleg person som eit nav i arbeidet. Men nyordet å nave har derimot ingenting med navet på sykkelen å gjere.

I dag er det påbode med hjelm for syklistar. Ordet hjelm er så gammalt at vi kan føre det heilt tilbake til indogermansk og sanskrit. Det vil seie at vi har hatt ordet i språket vårt i tusenvis av år. Hjelm liknar mykje både på engelsk helmet og tysk Helm, og det er sjølvsagt ikkje tilfeldig, for her er det språkhistorisk slektskap. Den norske forma hjelm er broten, mens engelsk og tysk har ubrotne former. Bryting er nemning på ei eldre skandinavisk språkutvikling der kort ‘e’ blei ‘broten’, det vil seie at denne ‘e’-en gjekk over til ‘ja’ eller ‘jo’ i norsk.[i] Ei seinare utvikling er ‘ja’ til ‘je’. Dei brotne formene i dei nordiske språka skil seg frå ubrotne former i andre germanske språk, som tysk og engelsk. Andre døme er hjarte, hjelpe mot engelsk heart og help og tysk Herz og helfen.
Som rimeleg kan vere skal sykkel-VM brukast til å profilere Bergen, og ti av løypene går, etter kva arrangøren seier, til Ulriken, eit kjent fjell i byen. Akkurat det, stemmer vel ikkje heilt, syklistane syklar forbi nedanfor fjellet. For å komme opp til det høgste punktet i løypa må ryttarane trø opp Salmon Hill. Dette er eit nytt namn laga i høve verdsmeisterskapen. Ingen av dei som bur i denne bydelen, har høyrt namnet før, men sponsorane har gitt bakken namnet. Det står att å sjå om namnet kjem til å leve vidare etter at sykkel-VM er avslutta.

Vil du vite meir?
Er du interessert i sykkel og sykkelsport, har du sikkert glede av desse nettsidene: Dei offisielle nettsidene til sykkel-VM i Bergen, som har blitt vist til undervegs i teksten, «Forskrift om krav til sykkel» og det som står i Wikipedia om sykkel.
Er du meir interessert i det metaforiske sykkel-språket, kan du lese her om korleis dei tar i bruk nemningar frå hesten i det vestafrikanske språket fulfulde.
Og så kan du ikkje ha lese ein så lang tekst om syklar utan å vere interessert i å høyre litt om dresin – ein spesiallaga sykkel som går på skjener. Den kan du både lese om i Wikipedia og i Store Norske Leksikon. Ordet dresin er for resten døme på eit eponym, for det er laga etter namnet til oppfinnaren av dresinen – Karl F. Drais von Sauerbronn. (Eit eponym er eit ord som er laga av namnet til ein person, for eksempel diesel og quisling.)
[i] Kjelde: Nynorsk etymologisk ordbok 1919/1992. (Ei etymologisk ordbok gjer greie for opphavet til orda.)