Skarre-r, retrofleksar og austlandisering aust på Agder – Bidrag til ein fagleg sjølvbiografi

Foto: Gjert Kristoffersen

I eit langt liv som språkinteressert person er det få fenomen eg har vore så oppteken av som r-uttale. I norsk har me to klart skilde uttalar av r-lyden: skarre-r og framtunge-r (rulle-r). Kva kjenneteiknar r-uttalen aust på Agder, og er det noka kopling mellom r-uttale og retrofleksar i området? I dette innlegget oppsummerer eg kva eg har hevda om dette dei siste tiåra, og heilt til sist kva for tankar eg gjer meg om dette i dag.

Av Arne Torp, pensjonert professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo

Grunnen til at eg har vore så oppteken av r-uttale, er truleg ikkje minst oppvekstbakgrunnen min, med to foreldre som begge hadde framtunge-r, mens både eg og bror min fekk skarre-r. Dette skjedde trass i at me alle saman hadde vakse opp i den same bygda (Holt i Aust-Agder) og snakka meir eller mindre det same målet. Derfor har eg skrive om r-lydar mange gonger det siste halve hundreåret (jf. «Vil du vite meir?» til slutt i innlegget).

torp 4
R-lydar i norsk stod sentralt i femte episode av NRK-programmet Dialektriket. Dette biletet er frå Bremanger i Sogn og Fjordane. Foto: NRK

At skarre-r er ein relativt fersk fonetisk innovasjon i Vest-Europa, er nokså allment akseptert; truleg finst han ikkje som normal r-uttale nokon stad her i landet før på 1700-talet.[1] Av utbreiinga i Skandinavia kan me sjå at han først har komme til større byar og deretter har spreidd seg i eit geografisk mønster som viser sprang mellom bysentrum. Truleg har han først komme til to av dei gamle skandinaviske storbyane, dvs. København og Bergen, og har derfrå spreidd seg til dei områda som historisk har hatt desse byane som naturleg sentrum. For København gjeld dette heile Danmark + Sør-Sverige, og for Bergen det meste av Vestlandet.

Eit anna fenomen som bør omtalast i samband med skarre-r, er dei såkalla retrofleksane. Desse lydane er heller ikkje urgamle, men på delar av det norske og svenske språkområdet kan dei nok likevel vere ein god del eldre enn skarre-r-en, for dei har truleg komme inn i lag med fonemet tjukk l. Den tjukke l-en har oppstått dels av gammalnorsk /l/: gammalnorsk hol, n. ‘hol’ > austnorsk /hø:ɽ/, og dels av gammalnorsk /rð/: gammalnorsk borð, n. ‘bord’ > austnorsk /bu:ɽ/. Tjukk l finn ein spor etter i skrift alt på 1300–1400-talet.[2] Dei andre retroflekse konsonantane har oppstått ved assimilasjon mellom tjukk l eller /r/ + ein etterfølgjande framtungekonsonant, som til dømes t: /gʉ:ɽ/ + /t/ > /gʉ:ʈ/, ‘gult’, og /sʉ:r/ + /t/ > /sʉ:ʈ/ ‘surt’.

Det som er dialektgeografisk interessant med retrofleksar og skarre-r, er at desse endringane ser ut til å blokkere kvarandre gjensidig: Har ein dialekt først fått retrofleksar, verkar dei som ein slags vaksine mot å få skarre-r seinare.[3] Dette ser ein tydeleg ved å jamføre utbreiinga av retrofleksar og skarre-r. Som kartet viser, er det ingen stad overlapping av skarre-r og retrofleksar, med unntak av eit område med ei ny utvikling i ein del av Aust-Agder, som me skal komme attende til seinare.

torp 5
Dette kartet viser utbreiinga av retrofleksar og skarre-r i Skandinavia. Ein har retrofleksar i dei grøne og gule områda, medan det berre er i det grøne området at ein også har tjukk l. I dei raude områda skarrar alle, medan berre dei yngre skarrar i dei oransje områda. Kjelde: PM – Populærvitenskapelig magasin nr.  5-1989 s. 16.

Som kartet viser, er det eit stort grønt område som me kan kalle indre nordskandinavisk. Her har dialektane både tjukk l og retroflekse konsonantar. På det gulgrøne området lengst nord i Norge har målet berre retrofleksar ved r, for her finst ingen tjukk l-lyd. På det raude området sør i Sverige, i heile Danmark og på Sørvestlandet i Norge har talemålet skarre-r og ingen retrofleksar. Men kartet viser også at skarre-r-en er ei nokså ny endring på Sørvestlandet, for i den oransjefarga delen av dette området er det oftast berre yngre som har skarre-r.[4]

Me ser også at det berre er to område i Skandinavia der talemålet verken har skarre-r eller retrofleksar, nemleg den nordlege delen av Vestlandet og den austre delen av Agder. Eg har altså vakse opp akkurat der retrofleksane og skarre-r-en møtest nordaust på Agder-kysten.

torp1
Den austre delen av Agder har vore eit av dei områda i Noreg som verken har skarre-r eller retrofleksar. Men kva kjenneteiknar talemålet i dette området no? Foto: Gjert Kristoffersen

Denne vaksineteorien kan knapt «bevisast» på annan måte enn ved å peike på dei fakta som går fram av kartet ovanfor, men eg trudde fullt og fast på denne teorien heilt til eg begynte å sjå nærmare på talemålsutviklinga nettopp i det området der eg sjølv har vakse opp. Då eg gjorde ei lita undersøking av talemålet til nokre elevar ved ungdomsskolen i Tvedestrand i 1992–93, oppdaga eg nemleg at alle dei unge der hadde retrofleksar, same kva slags r-uttale dei hadde. Den same tendensen hadde elles Gjert Kristoffersen registrert i Arendal alt i 1980.[5] Her var det altså noko som skurra: I Arendal går i dag skarre-r og retrofleksar i hop hos alle dei unge som skarrar, og det stemte ikkje med vaksineteorien.

torp 2
Talemålet blant unge i Arendal ser ut til å «motbevise» vaksineteorien, ved at dei har både retrofleksar og skarre-r. Foto: Karl Ragnar Gjertsen, kjelde: Wikipedia. Tilgjengeleg under CC BY 2.5

For å berge denne teorien begynte eg så å tenkje på om den «unormale» utviklinga med både retrofleksar og skarre-r i det same området kunne ha samanheng med ei anna r-utvikling i kystmåla aust på Agder, nemleg r-vokalisering. Mellom Arendal og Risør har det seg slik at r-lyden blir vokalisert spesielt i dei stillingane der ein får retroflektering i austnorsk. Ord som kors og vers blir nemleg uttala slik i mitt mål: [koəs] og [væs]. Min uttale av slike ord liknar reint lydleg vel så mykje på den austnorske uttalen [koş] og [væş] med ein retrofleks konsonant til slutt, som på uttalen [koRs] og [væRs], med tydeleg skarre-r, som er den normale uttalen på Agder frå og med Grimstad og vidare vestover. Eg har dermed tenkt at det er r-vokaliseringa som har bana vegen for retrofleksane i desse dialektane.

Men i det siste har eg begynt å tvile på denne teorien også. Det ein ser i dag i dette området, er nemleg ikkje berre at dei unge har retrofleksar, men at mange av dei rett og slett snakkar ein heilt annan dialekt enn den tradisjonelle. Ein god del unge til dømes i Arendal har nå eit talemål som skil seg lite frå vanleg oslomål. Det har knapt vore undersøkt kor mange unge innfødde i Arendal som ikkje snakkar tilnærma tradisjonelt arendalsmål, men arendalsfolk med godt kjennskap til talemålet hos dei unge har fortalt meg at det er ganske mange, kanskje dei fleste. Og dette gjeld ikkje berre unge med innflyttarforeldre, men også unge med foreldre som snakkar arendalsmål.

Det ser altså ut til at i alle fall bymåla aust på Agder i dag er utsette for ei massiv austlandisering. Dette bør nok helst kallast dialektskifte, ikkje berre dialektendring, for her er det i grunnen tale om full utskifting av det tradisjonelle talemålet. Kor langt vestover denne austlandiseringa vil gå, er sjølvsagt ikkje godt å seie. Men etter det eg har forstått, er det først og fremst i Aust-Agder ein har merka dette dialektskiftet. Så vidt eg veit, ser målet i Agder-hovudstaden Kristiansand førebels ut til å halde seg langt betre.

torp 3
Det ser ut til at målet i Kristiansand held seg betre enn bymåla aust på Agder. Foto: Kristiansand kommune / Anders Martinsen fotografer

Om ein skal prøve å gi ei språkleg forklaring på at det lokale målet held seg betre i Kristiansand enn lenger aust, kan ein kanskje tenkje seg at det kan ha noko å gjere med det målmerket som vanlege folk legg mest merke til, dvs. tonefallet. Det har seg nemleg slik at den vestnorske høgtonen begynner mellom Lillesand og Kristiansand, mens heile den austlege delen av Agder har austlandsk lågtone. Det betyr at tonefallet eller talemusikken i Aust-Agder liknar meir på tonefallet i Oslo enn i Kristiansand. Austegdar som skiftar ut lokale ordformer som e og ikkje med jæi og ikke, vil dermed høyrast ut mest som oslofolk – eventuelt med såkalla Frogner-r dersom dei held på skarre-r-en. Kristiansandsk kan derimot aldri låte som oslomål utan at tonefallet også blir lagt radikalt om.

Den velkjende tonefallsgrensa mellom Kristiansand og Lillesand kan dermed i framtida kanskje også komme til å markere skiljet mellom eit vestleg Agder-område der det tradisjonelle talemålet held seg relativt godt, mens alt frå og med Lillesand og austover blir oslomål. Men det skjer heldigvis knapt i mi tid!

ALTERNATIV TIL FØRSTE BILDE - Øst i Agder 3.Torp 5
Foto: Gjert Kristoffersen

Vil du vite meir?

Som nemnt har eg skrive om r-lydar mange gonger det siste halve hundreåret.

Det første større innlegget mitt om emnet er frå 1986. De finn dette innlegget her.

Neste omgang var i 1997, då eg skreiv ein artikkel i Nordica Bergensia nr. 13 (s. 29–50) med tittelen «Fonologisk regionalisering – spesielt om skarre-r og retrofleksar.».

I 2002 blei eg invitert til ein internasjonal r-konferanse i Nederland, og føredraget mitt derifrå kan lesast i rapporten frå konferansen, som du kan laste ned frå denne sida. Artikkelen min står på s. 81–97 i den elektroniske pagineringa på nettet (s. 75–96 i originaldokumentet).

I 2007 sette eg så eit førebels punktum for R-forskinga mi med ei populær (dvs. ikkje tung akademisk, men truleg heller ikkje veldig omtykt, i alle fall lite kjøpt) bok med den fyndige hovudtittelen R, og undertittelen: ei urokråke i språket (Det Norske Samlaget, 170 s.).

I dei siste åra har eg likevel igjen fått sjansen til å tenkje over både r-ar og alle andre lydar i og med at eg har vore med på å skrive bind I, Mønster, i Norsk språkhistorie (Novus, Oslo 2016), der det på s. 193–206 står om dei ulike konsonantsystema i moderne norsk talemål.

Elles handla 5. episode i NRK-programmet Dialektriket om blant anna r-lydar i norsk. De kan sjå denne episoden her.

[1] Kjelde: Mønster 2016: 197

[2] Kjelde: Mønster 2016: 200–202

[3] Kjelde: Nordica Bergensia 13 1997: 36–38

[4] Kjelde: Mønster 2016: 198

[5] Kjelde: Kristoffersen, Gjert 1980: Dialektutvikling hos skolebarn. Oslo, Novus: 119ff