Språk er eit stoff som ofte er vanskeleg å fange på ein måte som gjer det eigna for vitskapeleg gransking. Språkforskarar har derfor til alle tider leita etter verktøy som kan hjelpe dei i språkjakta. Teknologiske framsteg har òg ført med seg metodiske nyvinningar i lingvistikken, og særleg hendingsrik har denne utviklinga vore den siste generasjonen. I dette innlegget skal vi sjå eit døme på kva ny teknologi har gjort med kvardagen til språkforskarar.
Av Stian Hårstad, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU
Det er no omtrent hundre år sidan den svenske språkvitaren Natanael Beckman (1868–1946) omtala grammofonen som eit «ultramodernt hjälpmedel för dialektuppteckningen».[1] Det hadde han sjølvsagt rett i, men i vår tid verkar utsegna smått komisk når vi tenkjer på kor kvardagsleg og normalt det er med ulike typar utstyr for lydopptak – ikkje berre for språkforskarar, men for folk flest. Det finst mange døme på at slike teknologiske nyvinningar har fått enorme konsekvensar for eit forskingsfelt. Det gjeld i første omgang det som handlar om forskingsmetodar, men det kan vidare få følgjer for teoriutviklinga. Dei siste tiåra er det naturlegvis datamaskina som har ført til dei største revolusjonane i språkvitskaplege metodar, og for mange yngre lingvistar er det rett og slett utenkjeleg å drive med språkforsking utan hjelp av digitale hjelpemiddel av ulike slag.

For å kaste lys over kor drastisk desse verktøya har endra arbeidet til mange språkforskarar, skal vi sjå på ein artikkel som Oddvar Nes (1938–2016) gav ut i 1986. Nes arbeidde ved Universitetet i Bergen i mange år, frå 1987 som professor i nordisk språkvitskap, og han er særleg kjent for arbeida sine om opphavet og historia til ulike stadnamn og ord (etymologi). I artikkelen «Ablegøy(er), gøy og pjolter. Ein rapport om arbeid med opp- og avklaring av ordgåter» får vi eit interessant innblikk i korleis ein ordhistorikar gjekk fram før ein hadde datamaskiner å hjelpe seg med.[2] Nes seier sjølv i innleiinga at det er avgjerande å følgje metodane til den samanliknande målvitskapen og å nytte «dei mange gode hjelperådene som no ligg føre». Og her kunne han altså knappast rekne inn databehandlingsverktøy. Han måtte basere seg på fysiske – det vil for det meste seie papirbaserte – tekstar, bøker og grammatikkar, for å stille opp hypotesar om når, kvar frå og korleis dei tre orda ablegøy(er), gøy og pjolter har komme inn i norsk.

I artikkelen frå 1986 skriv Nes dette om korleis han gjekk fram i jakta på ablegøy(er) i eldre kjelder (s. 7): «Leitinga tok til: Systematisk gjennomlesing av brevsamlingar etter Bjørnson, Garborg, Vinje, Aasen, Asbjørnsen, P.A. Munch og andre – utan resultat; det kjendest som å leite etter nåla i høystakken.» Denne jamføringa var heilt på sin plass: Å leite etter einskilde førekomstar av eit ord eller ei form på denne måten er særs tidkrevjande. Men Nes var uvanleg uthaldande og må ha bladd gjennom enorme tekstmengder i språkjakta si.
Spora etter ablegøyer fører han til dømes til Harald Meltzers folkelivsskildringar frå det gamle Kristiania, som først var på trykk i Christiania-Posten mellom 1848 og 1863. Heldigvis fann Nes avisa på biblioteket i Bergen, og så skriv han: «og no gjekk det raskt». Alt er relativt, for han måtte trass alt bla seg gjennom åtte årgangar av avisa før han fann forma Abelgøj i utgåva frå den 7. september 1855.

I jakta på opphavet til pjolter viser Nes seg like utrøytteleg: Frå eit avisstykke frå 1977 blir han leia vidare til ein tekst i Oslo Aftenavis tidfest til «rundt 1920». Denne avisa kom ut i åra 1924 til 1932, så det er store mengder å leite i. Men Nes blir ikkje skremd av det: «Det vart då å gå systematisk gjennom avisa.» Og i utgåva frå 14. september 1925 fann han det han såg etter.
Kor mykje tid Nes la ned i berre denne eine delen av språkjakta, er vanskeleg å slå fast, men det er klart at ei slik form for undersøking vart fullstendig utkonkurrert da dei digitale tekstkorpusa etter kvart vart tilgjengelege. Det kanskje viktigaste nye hjelpemiddelet for ein ordhistorikar er Nasjonalbibliotekets databasar på nett. Her ligg veldig mykje av alt det som har vorte skrive i Noreg dei siste hundreåra. Enno er det att ein god del aviser og tidsskrifter å digitalisere, men likevel gjev eit søk i denne tekstmengda mange verdifulle innsikter. Mellom anna kan vi på få sekund finne mange fleire døme på tidleg bruk av pjolter enn det Oddvar Nes viser fram – naturleg nok. Han skriv sjølv at han ikkje har hatt «høve til anna enn usystematisk leiting i blad frå Kristiania», og da endar han opp med eit stykke i Morgenbladet den 13. februar 1885 som det eldste belegget på pjolter (da i varianten Pjaalter).

Med tanke på all den «as og annsemd» Nes og føregangarane hans måtte legge ned i granskinga si, verkar det mesta litt uforskamma å overprøve eldstedateringa hans med nokre få tastetrykk. Nasjonalbibliotekets database viser at pjolter var på trykk allereie i 1883 i eit dikt av Kristofer Randers, og dette diktet var same året på trykk i Aftenposten (4. september). Vidare finn vi forma Pjolter-Plænen i Hedemarkens Amtstidende den 13. mai 1884, og pjolter i Dagbladet den 1. juni 1884 og Romsdals Amtstidende 1. november 1884. Og først etter dette kjem belegget i Morgenbladet frå 1885, som var det eldste Nes kunne finne.

Nes ser altså ut til å ha heilt rett når han reknar med at pjolter har kome i allmenn bruk mellom 1883 og 1885 (s. 22 i artikkelen), men hadde han hatt vår tids hjelpemiddel, hadde han kunna slått fast dette med langt sterkare kraft – og med langt mindre tidsbruk. Mellom anna kan ein no lett finne «Pjaalterdrikken» omtala som «den moderne drik der nu overalt nytes» i Sandefjord Blad 7. mars 1885. [3]
Men kva enda språkjakta til Nes med? Jo, etter ein «vidsveimd etterrøknad», som han sjølv kallar det, kom han fram til at ablegøyer er ei omlaging av det nederlandske babbel(e)guigje(s), som er samansett av babbelen (‘bable, pludre’) og guich (‘hånleg nikk, grimase’). Pjolter har framleis ukjend opphav, men Nes konkluderer med at ordet truleg er laga omkring 1879, og myten om at ein servitør (eller bargjest) med namnet P.J. Holter står bakom, blir forkasta.
Og alt dette slo Oddvar Nes fast utan bruk av datamaskin.
Vil du vite meir?

Den som vil lese meir om opphavet og historia til ord i norsk, kan gå til Johan H. Rosbachs Etymologi for alle. Levende ord (tredje og nyaste utgåva frå 2009) eller Våre arveord. Etymologisk ordbok av Harald Bjorvand og Fredrik O. Lindeman (andre og nyaste utgåva frå 2007).
Om du vil vite meir om språkforskaren Oddvar Nes, kan du lese innleiinga til heidersskriftet han fekk til sekstiårsdagen sin i 1998, Ord etter ord, redigert av Gunnstein Akselberg og Jarle Bondevik.
Vil du lese meir om tydinga til ord? Språkprat har hatt to tidlegare innlegg om dette temaet: «Det kom ein ”sleafylling” i natt» av Tor Erik Jenstad, som vart publisert 27. oktober 2016 og «Jolæ og mydlojolæ – Nokre melsdagsrefleksjonar» av Gunnstein Akselberg, som vart publisert 29. desember 2016.
[1] Kjelde: Beckman, Nat[anael]. 1918. Språkets liv: en inledning till språkets studium. Stockholm: Wahlström & Widstrand: 188.
[2] Kjelde: Nes, Oddvar. 1986. Ablegøy(er), gøy og pjolter. Ein rapport om arbeid med opp- og avklaring av ordgåter. Artikler juni 1986. Skriftserie, serie B, 23, 1–29. Bergen: Institutt for fonetikk og lingvistikk, Universitetet i Bergen.
[3] Kjelde: attgjeve i Kaldager Johan. 1981. Glimt fra dagliglivet i Sandefjord før 1900. Bind I. Sandefjord: J. Kaldager: 203.