Det kom ein ”sleafylling” i natt

Full vinter, og rikeleg med snø. Men kor mykje, kanskje ein sledefylling, eller ein lårsnø? Foto: Unni Ulltveit

Har du nokon gong hørt om skosnø, knesnø og merragrynning? Korleis forklarte folk kor djup snøen var før dei fekk centimetermål? Her kan du utvide ordforrådet ditt: Bli kjend med nokre folkelege norske snømål som er sprunge ut frå praktiske behov og gjerne med referanse til kroppen!

Av Tor Erik Jenstad, redaktør på prosjektet NAOB (Det Norske Akademis Store Ordbok) og forskar på prosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible)

Det går mot vinter og snø enten vi likar det eller ei. I den seinare tida har nok vintrane jamt over vorte mildare, og skiføret meir usikkert og ustabilt. Skiløparar er på jakt etter gode forhold, og media melder jamt om snødjupna på aktuelle stader. Folk rapporterer også om snømengda på sosiale medium, og legg ut bildebevis med tommestokken stukken ned i snøen.

I slike tilfelle blir snødjupna alltid oppgitt i centimeter. Men her finst ein del tradisjonelle, folkelege måtar å oppgi kor djup snøen er, både totalt og kor mykje som har komme i siste snøfall. Det er nokre slike nemningar vi skal sjå på i dette innlegget. Desse er sjølvsagt ikkje så eksakt på centimeteren, men dei gir likevel eit kjapt inntrykk av forholda og er såleis praktisk nyttige.

bilde-1-generelt-snobilete
Full vinter, og rikeleg med snø. Men kor mykje, kanskje ein sledefylling, eller ein lårsnø? Foto: Unni Ulltveit

Eskimoisk går for å ha eit spesielt rikt ordforråd for snø. Dette kan nok til ein viss grad vera ein myte. Faktum er at også norsk er veldig rikt på snøord, i alle fall dersom ein registrerer alt som finst i målføra. Det ordforrådet vi tek for oss her, er berre ein liten, avgrensa del av det totale ordtilfanget som beskriv snø. Hovudtyngda av ordtilfanget som er omtalt her, er frå Midt-Noreg (Trøndelag pluss Nordmøre), men det er også døme frå andre stader i landet. Materialet er for det meste henta frå Norsk Ordbok, både dei trykte artiklane og bakgrunnstilfanget som ligg i setelarkivet.

Viktigaste måten å oppgi snømengd på i dette materialet er å relatere til kroppen. Dette føyer seg inn i ein lang og gammal tradisjon med å bruke kroppen som referanse for mål, slik vi kjenner det frå tomme, fot, alen (avstand frå tuppen av langfingeren til olbogen (”alen-bogen”)) og famn (så mykje som du kan femne rundt – avstanden mellom langfingrane på begge hender). Med innføringa av metersystemet i 1875 fekk slike mål mindre å seie, men dei kan enno bli brukt i dagleglivet.

Når den første snøen legg seg, har det mange stader vore tale om ein skosnø. Det vil seie omtrent så mykje (ny)snø at det går akkurat over ein lågsko. Ordet har tyngdepunkt i Trøndelag og på Vestlandet, men det er også somme belegg på det austafjells og på Helgeland. Ein parallell har vi i skråsnø frå Lom. Her er førsteleddet skrå eit gammalt ord for sko (vel opphavleg skinnsko, for det er same ord som i skrå ’skinnbrev’). Somme vil også kunne nyansere mellom ein heil og ein halv skosnø.

bilde-2-skosno
Her er snømengda om lag ein skosnø. Foto: Unni Ulltveit

Om lag det same som skosnø, eller kanskje litt mindre, er oklesnø, med spreidde heimfestingar. (Norsk Ordbok fører opp Rollag, Sandsvær, Fyresdal, Suldal, Kvinnherad og Stryn.) Da går snøen til okla.

Ei ”naturgjeven” nemning er også knesnø, som vil seie at snøen når til knes på eit vakse menneske. Dette ordet er også vidt utbreidd, kanskje enda meir allment enn skosnø. ”Knesnø uppå nysådd åker er jamgodt med eit yvertad” (ei breie med gjødsel), seier eit ordtak.[1] I Jølster og Gloppen har dei seiemåten eit kne snø, der kne altså blir mengdemålet.

Mellom skosnø og knesnø har vi leggsnø, om snølag som rekk til midt på leggen. Det er berre to belegg i Norsk Ordbok, frå Tresfjord i Romsdal og Nordli i Sør-Trøndelag. Men Aasen fører det opp utan heimfesting. På indre Nordmøre har vi midleggsnø (”meleggsnø”), der mid- tyder nettopp midt på. På gammalvore surnadalsmål kunne dei også seie at snøen gjekk midt å legg, med den gamle preposisjonen å i staden for .

Går vi vidare oppover på kroppen, kjem vi til lårsnø, også eit ord som synest lokalt for indre Nordmøre (Stangvik, Surnadal). Som nemninga seier, går snøen da oppå låret.

Riktig djup snø er fudsnø – den går opp til fuda, eller baken. Dette er eit lokalt ord for indre Ryfylke. Ein nordmørsk seiemåte for dette er å vea te skraffs (”vada til skrevs”). Eller som ein trøndersk snøbrøytar klaga seg, han hadde baska med djup laussnø: Det var pudder til pungen!

bilde-3-takras
I meste laget med snø – minst lårsnø, kanskje også fudsnø. Foto: Unni Ulltveit

I Leksvik i Nord-Trøndelag møter vi nemninga hykjillsnø om ei viss snømengd. Hykjill (høkel) er kneleddet (hasen) på bakfoten på hest, og da veit vi om lag kor djup snøen er. I Hemne heiter det at ”snø’n råkk te hykkjylls på hæsta”.

Somme nemningar viser til plassering av plagg på kroppen: Hosebandsnø (Fåberg, Tingvoll) går opp dit ein festar hosebandet, altså rett nedafor kneet. Og i Surnadal har dei frå gammalt snakka om snøstobbsnø, der snøstobbå (snøstubber) er det same som snøsokkar. Og dei går heilt opp til kneet.

Vi såg at hasen på hesten kan bli brukt som snømål. Hesten møter vi også i eit anna prinsipp for å uttrykkje snødjupn, nemleg i ordet merragrynning. Da går snøen oppunder buken på ei merr, som dermed vil ha vanskar med å ta seg fram i skogen. Bortimot ein meter snø kan det dreie seg om. Ordet er først og fremst kjent i Sunndal kommune (dei gamle kommunane Sunndal, Øksendal og Ålvundeid) på indre Nordmøre, men er også oppgjeve frå Leksvik. Grynning er danna til verbet å grynne, som blant anna kan tyde å vada (heilt til grunnen, botnen) i laus snø. Merragrynning har så danna mønster for nokre andre, meir eller mindre spøkefulle samansetningar med andre dyrenemningar: kattagrynning, musagrynning og til og med våndskjergrynning. Våndskjer er det same som spissmus, og ein våndskjergrynning blir såleis eit temmeleg tynt snølag, nærmast berre eit lite rim på bakken. Alle desse tre samansetningane er berre registrert frå Sunndal og står ikkje i Norsk Ordbok. Dei to siste er ført opp i Jenstad 2007. Alt i alt blir noverande Sunndal kommune eit sentralområde for leddet -grynning i folkelege mål for snødjupn.

Praktisk viktig er også den siste nemninga vi skal sjå på. Ein sledefylling med snø vil seie at det fyller opp under botnen (rimane) på ein langslede når ein kjører. Da er det snakk om 25–30 cm. Ordet finst frå Trøndelag og nedover Vestlandet heilt til Hardanger. Sommaren 1923 kom det så mykje snø ved sankthanstider på indre Nordmøre at det var ein sledefylling, er det fortalt. Somme stader legg dei eit litt anna innhald i ordet: så mykje snø at det så vidt er sledeføre (Hitra, Orkdal), men det må nok vera sekundært.

Vil du vite meir?

Ivar S. Ertesvåg har samla mange norske ord for snø på si heimeside. Kjelde: ‘Norske ord for/om snø’ av Ivar S. Ertesvåg,  http://folk.ntnu.no/ivarse/snjoord.html

Det er ikkje skrive så mykje om ord for snø i norsk. Ein liten artikkel om ord for snømengd kjem i Bygdabladet for Støren, Rognes og Snøan 2016. Eg hadde elles eit lite innlegg «Norske ord for snø» i avisa Dag og Tid 15.3.2001.

Dei lokale samansetningane med -grynning er omtalt i Tor Erik Jenstad: Sunndalsord (2007).

Om dei påstått mange eskimoorda for snø, og ei avliving av den myten, kan ein lesa her:

Pullum, Geoffrey K. (1991). The Great Eskimo Vocabulary Hoax and Other Irreverent Essays on the Study of Language, University of Chicago Press.

Ei detaljert framstilling av ordforrådet for snø hos ein svensk reinsgjetar finst i Yngve Ryds bok: Snö – en renskötare berättar (2001).

[1] Kjelde: Nils H. Magerøy: Gamle visor og kvedor: 61