Vanskelege ord i vanskelege tider

Alle vil på eit tidspunkt bli arving, dersom dei lever lenge nok. Men korleis opplever dei språket i arve- og skiftedokumenta? Foto: Elin Stensvand

I 2015 døydde det 40.727 personar i Noreg, om lag like mange som året før, og som i resten av åra mellom 2004 og 2014. Det vil seie at det til ei kvar tid er ei stor mengde arvingar i landet. Alle vil på eit tidspunkt bli arving, dersom dei lever lenge nok. For mange er det å bli arving, og vere den som skal syte for å gjennomføre eit økonomisk oppgjer etter den avdøde, ei påkjenning. Ikkje minst fordi det kan vere svært vanskeleg å forstå kva det faktisk går ut på, til dømes kva rettar og plikter det medfører. Styresmaktene gir hjelp, men det er ikkje lett når hjelpa kjem i eit uforståeleg språk.

Av Elin Espe Stensvand, master i nordisk språkvitenskap.

7. november 2016 fortalde Aftenposten om Hanne Svensrud Paalvast som blei enke i ein alder av 22 år, og som i tida etter dødsfallet måtte bruke alle kreftene sine på å kontakte «diverse etater». I saka ”Jeg hadde mistet den kjæreste jeg hadde. Så måtte jeg forholde meg til et byråkratihelvete” kan vi lese følgjande:

“Bare dager etter dødsfallet måtte Hanne undertegne skifteattesten. Det var starten på en papirmølle i byråkratiet som skulle ta de kreftene den unge enken hadde igjen.”

regbilde-2
Alle vil på eit tidspunkt bli arving, dersom dei lever lenge nok. Men korleis opplever dei språket i arve- og skiftedokumenta? Foto: Elin Stensvand

I masteroppgåva mi studerte eg språket i arve- og skiftedokument, som ein får nærkontakt med i rolla som pårørande. Eg kjem tilbake til kva arv og skifte eigentleg er, litt seinare. Perspektivet mitt i oppgåva var klarspråkleg. Klarspråk tyder korrekt, klart og brukartilpassa språk i tekstar. Stat og kommune gir informasjon om rettigheiter og plikter, og det er difor viktig at forvaltningsspråket er klart. Likevel er det ikkje nødvendigvis slik i praksis.

Tidleg i arbeidet mitt med arve- og skiftedokument vart det tydeleg at orda var eit openbert problem for forståinga i desse tekstane. Eg valde difor å sjå nærare på ordbruken i 16 brev og skjema som blir brukt i samband med arveoppgjer.

Historia om Hanne som mista mannen sin, er ikkje unik, sjølv om dei fleste som opplever dette, som regel er betydeleg eldre. Det å oppleve at ein av våre næraste døyr, er på alle måtar ein unntakstilstand. Sorga til dei pårørande vil vere individuell og personleg, og gjerne avhenge av korleis dødsfallet skjedde, og kor gamal den avdøde var. For nokon verkar det umogleg å skulle ta seg av formalitetane knytt til dødsfallet, medan andre kan finne ei trøyst i det å gjere noko konkret og handfast.

I samband med eit dødsfall må dei etterlatne gjennom ein nokså omfattande prosess, der dei kjem i kontakt med ei rekkje aktørar, både i privat og offentleg sektor. Det er mykje å ta stilling til, og mange avgjersler å ta, for dei attlevande, i tillegg til alle praktiske oppgåver og utfordringar som dei må hanskast med. Nokre få døme på dette er detaljar knytte til gravferd, eventuell minnestund og annonsering i avisa. Ganske tidleg etter dødsfallet blir ein òg nøydd til å ta stilling til arven etter den avdøde.

flere-dokument
I masteroppgåva mi studerte eg ordbruken i 16 brev og skjema som blir brukt i samband med arveoppgjer. Perspektivet mitt var klarspråkleg, noko de kan lese meir om på Difis og Språkrådets nettsider om klarspråk. Foto: Elin Stensvand

I oppgåva mi ønskte eg å finne ut korleis bruken av eit utval vanskelege ord kom til uttrykk i tekstmaterialet. I alt inneheldt dokumenta 42 prosent ord eg vurderte som vanskelege for mottakarane. To tredelar av desse var fagord. Tre av dei hyppigast brukte fagorda var arv, arving og skifte. Dei kan kanskje verke opplagte nok, men kva som skil arv og skifte, og kva det eigentleg handlar om, kan vere uklart i praksis.

Arv tyder verdiane som skal overførast til slektningar og/eller dei som er førte opp i testamentet til avdøde. Alle som skal ta imot arv, er arvingar. Skifte tyder ”deling” og handlar i denne samanhengen om måten vi overfører arv innanfor gjeldande offentlege lover og reglar. Andre døme på fagord eg fann, var ”fullmakt”, ”skifteattest” og ”arvelater”. Litt mindre vanskelege fagord var mellom anna ”vedlagt”, ”utstedes” eller ”forestå”.

Blant resten av dei vanskelege orda var størsteparten vage. Dette var til dømes ”hensiktsmessig”, ”tilstrekkelig” og ”hovedsakelig”. Ordet ”hensiktsmessig” blir mellom anna brukt i skjemaet ”Melding om uskiftet bo”. Der finn vi ordet i denne setninga:

”Før det begjæres uskifte, bør det nøye vurderes hvorvidt dette er den mest hensiktsmessige ordning for gjenlevende ektefelle.”

Her finn vi vagheit på fleire nivå. Ordlyden bidreg i liten grad til ei klargjering av innhaldet for mottakaren i den konkrete situasjonen. Fordelinga av arv må i praksis gjennomførast ved å velje den måten som totalt sett er mest føremålstenleg (”hensiktsmessig”), som i praksis vil seie den mest lønsame, beste eller moglege måten. Dette vil vere eit skjøn som den attlevande må ta stilling til, gjerne i samråd med familien. Skjemaet er vagt i forma og gir uklar forståing og rettleiing om kva som faktisk er mest ”hensiktsmessig”.

I tillegg til fagorda og dei vage orda var det òg nokre andre vanskelege ord og uttrykk i tekstane, som til dømes ”rettsgebyrloven § 3 sjette ledd” (ei lovtilvising) eller ”o.a.” (ei forkorting), som kan bidra til å gjere lesinga vanskelegare for ”folk flest”. For kva er rettsgebyrloven, og kva står det der? Og kva anna viser eigentleg «o.a.» til? Dette gir dessverre ikkje dokumenta noko nærare forklaring på.

opplysninger-om-attlevande-ektefelle2
Dei 16 breva og skjemaa i masteroppgåva inneheldt 42 prosent ord eg vurderte som vanskelege for mottakarane. Foto: Elin Stensvand

Som ein del av oppgåva mi gjennomførte eg òg ei lita undersøking, i form av samtalar med åtte potensielle mottakarar av eitt av breva. Dette var fire unge masterstudentar i nordisk og fire eldre tilsette ved ei avdeling for teknisk drift. På førehand såg eg for meg at språkstudentane kanskje ville vere betre i stand til å tyde innhaldet i brevet enn dei driftstilsette. Situasjonen viste seg å vere omvendt. Tendensen var at dei som tidlegare hadde vore borti arv og skifte, visste kva dei ulike omgrepa og nemningane stod for, medan dei som aldri hadde hatt noko med dette å gjere, ikkje visste det. Til dømes kunne 3 av 4 studentar ikkje gjere greie for ordet ”skifte”, medan berre 1 av 4 av dei driftstilsette hadde same problem. Undersøkinga mi var likevel så lita at resultata ikkje kan gi noko grunnlag for vidare konklusjonar eller resultat.

Halvparten av tekstane eg undersøkte, var på nynorsk, og halvparten var tilsvarande tekstar på bokmål. Nynorskversjonane hadde 40 prosent vanskelege ord, medan bokmålsversjonane hadde 44 prosent. Dette kan seiast å vere ein overraskande liten skilnad, då det ofte blir sagt at nynorsk har ein meir folkeleg uttrykksmåte, medan bokmål har ein lang tradisjon som administrasjonsspråk som byggjer på dansk-tyske tradisjonar med latinsk opphav. Både bokmåls- og nynorsktekstane har dermed så høge prosenttal for vanskelege ord at det er grunn til å tru at dei hindrar god kommunikasjon. Dette er synd, då eg meiner det er eit viktig poeng at det offentlege skal kommunisere til og med innbyggjarane på ein måte som gjer at bodskapen er råd å forstå.

Ein forståeleg bodskap handlar mellom anna om å sikre at folk forstår kva rettar og plikter dei har. Det kan òg handle om noko så enkelt som at ei vanskeleg tid i livet ikkje treng å gjerast endå vanskegare. Og sjølv om det handlar om noko enkelt, er det like fullt viktig for den det gjeld, som til dømes for Hanne Svensrud Paalvast, og alle oss andre som kjem til å bli arvingar, berre vi lever lenge nok.

skog
Ein forståeleg bodskap i arve- og skiftedokument er viktig for at ei vanskeleg tid i livet ikke skal bli endå vanskelegare. Foto: Silje Drevdal

Vil du vite meir?

Dette blogginnlegget er basert på masteroppgåva mi, frå 2015. Den finn du her.

Same år leverte Brita Øvregård masteroppgåva si, Klarspråk i bruk, om same tema. Den finn du her.

På Difis og Språkrådets nettsider om klarspråk, http://www.klarspråk.no, kan du lese meir om klarspråk og klarspråksarbeidet i Noreg.

Sjå også blogginnlegget «Klarspråk i brev fra stat og kommune» av Lydia Eidsnes, som ble publisert i Språkprat 27. oktober 2016.