Stadnamn kan fortelja oss mykje om ein plass, og om folk og samfunnet omkring plassen på det tidspunktet namnet blei til. Noko me har vore interesserte i innanfor norsk og nordisk namnegransking, har vore å fortelja om den gamle religionen vikingane i Skandinavia brukte før kristendommen blei statsreligion. Kva for nokre plassar var heilage, og på kva måte var dei heilage? Korleis var kultplassane organiserte, og kven var prestar?
Av Krister SK Vasshus, ekstern lektor i norsk ved Roskilde Universitet og Københavns Universitet
Den førkristne norrøne religionen veit me ein del om frå før gjennom skriftlege kjelder som for eksempel den Eldre Edda. Dei fleste veit noko om at Odin hengde seg sjølv i treet Yggdrasil, og at Tor var glad i å hamra laus på jotnar med hammaren sin, Mjølner. Men dette er mytologi (det vil seia historier om gudane), og det fortel ikkje alltid så mykje om korleis religionen var organisert i den fysiske menneskelege kvardagen. Det har derimot namnegransking vist seg å kunna gi mange svar om. Og du lurer kanskje på korleis? La meg gi nokre eksempel!

Namnegransking er ei form for språkleg undersøking. Du tar eit namn, studerer det nøye, og prøver å gi ei skildring av kva namnet betyr, og korfor akkurat denne plassen har fått dette namnet. For eksempel ligg der ein plass i Etne i Hordaland som heiter Lunda. Ein lund er i utgangspunktet berre ein liten skog, men me veit at dei i jernalderen og vikingtida hadde heilage lundar som dei ofra i.
Ved sida av Lunda ligg Frette, som nok har fått namn etter ei elv som renn gjennom dette området. Namnet Frette kjem av eit ord som i norrønt blei brukt om ein særleg type bøn der ein spurde om framtida eller om gudanes vilje. Det kanskje mest interessante er at denne elva renn ut frå eit vatn som heiter Hellaugvatnet (Helgalaug på norrønt). Dette namnet er samansett av ordet heilag og laug, som tyder ‘vatn’, og har i moderne tid fått etterleddet vatn. Hellaugvatnet tyder altså ‘det heilage vatnet’, og me ser klare språklege spor etter ein religiøs praksis i området. Vatnet er heilag, og frå det renn der ei elv som dei kanskje ofra uti når dei spurde gudane om framtida. Like ved ligg ein heilag lund som har vore fredlyst, og der dei kan ha utført offerhandlingar. Stadnamna er her den einaste kjelda som fortel oss dette, for området har aldri blitt undersøkt av arkeologar, og gamle tekstar har heller ikkje utpeikt staden som eit kultområde.

I andre tilfelle har arkeologar funne ting, som i kombinasjon med såkalla sakrale stadnamn fortel oss noko om korleis kulten har blitt praktisert. Det gjeld for området kring Hove i Sandnes i Rogaland. Hove er ei dativsform av ordet hov, som i norrønt hadde to tydingar. Den eine tydinga er ‘gard’, og er i prinsippet same ord som tysk Hof. Men den andre tydinga er ‘tempel’, og i skriftlege kjelder (mellom anna i gudediktet Voluspå) kjem det fram at vikingane hadde tempel som dei kalla hov. Hove er rik på arkeologisk materiale, og det er tydeleg at det har vore ein rik og sentral gard som har hatt både politisk og økonomisk makt, særleg i folkevandringstida (ca. 400–550).
I området kring Hove ligg Lunde, Helland, Skei og kyrkjestaden Høyland. Namnet Lunde tyder på at der har vore ein heilag lund ved Hove, mens namnet Helland tyder ‘det heilage området’. Skei blir brukt som stadnamn på plassar der ein har hatt kappritt med hest, og er sånn sett ikkje utelukkande brukt i religiøse samanhengar. Grunnen til at eg likevel nemner Skei her, er fordi ein har hatt offentlege kultleikar på slike stader. Der finst nemleg mange eksempel på stader med namnet Skei (eller variantar av namnet) som ligg tett opp til sakrale namn. Samanlagt tyder det på at den politiske og økonomiske eliten som heldt til på Hove òg har hatt ei rolle i religionsutøving og kultpraksis. Dette inntrykket blir forsterka av at ein i mellomalderen valde å legga kyrkjestaden like ved Hove. Anten har den nye religionen tatt over kultplassen frå den gamle religionen, eller så har plasseringa av kyrkja vore politisk strategisk for høvdingeætta på Hove.

At høvdingeætter og stormenn hadde kontroll over religionsutøving, er ikkje noko nytt for forskinga. Det er dokumentert både gjennom skriftlege kjelder, arkeologiske utgravingar og undersøkingar av stadnamn andre stader i Skandinavia. I Midt-Sverige finst der namnemiljø som tydeleg viser korleis religion var organisert kring maktsentrum, og i Danmark har dei nå eit forskingsprosjekt om forholdet mellom religion og stormannsplassar. Men på Vestlandet og Sørlandet i Noreg er dette fenomenet ikkje så vanleg, og det er vanskelegare å finna tydelege eksempel på at stormenn har styrt kulten. I mi eiga forsking på heilage lundar i Sørvest-Noreg har eg kome fram til at lundane der ikkje har vore innvigde til éin bestemt guddom, at dei ikkje har lege på grøderike område, at dei ofte ligg i nærleiken av andre kultplassar, men at dei sjeldan ligg ved sentrale plassar styrte av høvdingar eller kongar.
Så kven var prestar når det så ikkje var høvdingen eller kongen? Titlar som godar, gydjer, vølver og tuler finn me i skriftlege kjelder. Men i stadnamn finn me spor etter kultleiarar som ikkje er skildra som dette i skriftlege kjelder, som for eksempel vivil (norr. Vifill) og lyte (norr. Lýtir). Dette viser korleis me kan finna mykje informasjon i stadnamna våre, og korleis kombinasjonen mellom namnegransking, tekststudium og arkeologi gir utgangspunkt for ny kunnskap om gamle ting.
Vil du vita meir?
Du kan lesa om religion i stadnamn i for eksempel artikkelen «Ikkje-teofore sakrale stadnamn samansett med lund» frå 2015 som eg har skrive. Denne finn du her. Ei aktuell bok om religion i stadnamn er Gudarnas platser. Förkristna sakrala ortnamn i Mälarlandskapen frå 2001 av Per Vikstrand.
Er du interessert i å vita meir om korleis ein kan seia noko om dei overordna samfunnsstrukturane i førhistorisk tid, kan du eksempelvis lesa desse artiklane:
“Social order in the early Scandinavian landscape” – artikkel av Stefan Brink i boka Settlement and Landscape frå 1999.
“Afsøgning efter centralpladsrelevante navnemiljøer i Danmark” – artikkel av Lisbeth Eilersgaard Christensen i boka Navnemiljøer og samfund i jernalder og vikingtid frå 2009.
Som nemnd er der for tida eit prosjekt i Danmark som granskar samanhengen mellom stormannsplassar og religiøs aktivitet, og det kan du lesa meir om her.
Er du interessert i den norrøne religionen, er det mykje å ta av. Ein veldig god gjennomgang finst i Gro Steinslands bok Norrøn religion – Myter, riter, samfunn frå 2005. Ein annan viktig forskar innanfor temaet er Olof Sundqvist, og i dette blogginnlegget har eg brukt boka hans Kultledare i fornskandinavisk religion frå 2007 som kjelde.