Vi har ikkje alltid hatt faste etternamn i Noreg – i tidlegare tider var det berre førenamnet som var fast. Også i dag er det ei stor gruppe som byter namn i løpet av livet, så mange som 80 % av kvinner og berre 6 % av menn i heterofile ekteskap. Kvifor kvinner byter, medan menn held på etternamna sine gjennom livet, har mellom anna historiske forklaringar. I denne språkpraten skal eg fortelje om korleis namnepraksisar har endra seg i Noreg.
Av Line Førre Grønstad, doktorgradsstipendiat i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen
