Tilhøvet mellom offisielle normer og faktisk språkbruk i nynorsk

Det særmerkte med språksituasjonen i Noreg er ikkje at vi har fleire offisielle språk. Slik er det til dømes også i Sveits, der både tysk, fransk og italiensk er offisielle språk. Det særmerkte er at norsk skriftspråk har to offisielle målformer, nynorsk og bokmål, som båe har stor valfridom når det gjeld staving og bøying, og som dermed kan bli temmeleg like kvarandre. I dette innlegget skal vi først sjå kort på kvifor vi har fått denne særmerkte språksituasjonen, før vi skal sjå nærmare på korleis valfridomen i den offisielle norma for nynorsk blir brukt i faktiske tekstar.

Av Stig J. Helset, førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda

Då Noreg kom ut av unionen med Danmark og fekk si eiga grunnlov i 1814, var det svært stor skilnad på det talemålet dei aller fleste nordmenn nytta i kvardagen, og det danske skriftspråket som dei møtte i skulen og i det offentlege rom. I tiåra som kom, strøymde det dessutan ei bølgje av nasjonalromantiske straumdrag innover den unge nasjonen. Til saman gav dette tildriv til danninga av eit eige norsk skriftspråk, der Ivar Aasen og Knud Knudsen kom til å legge grunnlaget for det som skulle bli høvesvis landsmål og riksmål.

Helset.1
Stortinget har vore kjerne i det norske demokratiet heilt sidan 1814. Både jamstillingsvedtaket av 1885 og nynorskrettskrivinga av 2012 vart vedteke i stortingsbygningen, som vi ser på dette biletet. Foto: Slugrubug. Tilgjengeleg under CC BY-SA 2.0.

I jamstillingsvedtaket av 1885 vart landsmålet jamstilt med riksmålet som skriftspråk i Noreg. Nasjonen hadde dermed fått to offisielle skriftspråk som låg rimeleg langt frå kvarandre reint språkleg – ikkje ulikt situasjonen i andre nasjonalstatar, som til dømes Sveits. Ein kunne slik tenke seg at riksmålet og landsmålet fekk leve side om side upåverka av kvarandre og av ytre omstende dei neste 100 åra. Slik skulle det ikkje gå. I Noreg kom språkspørsmålet nemleg til å bli tett samanvove med ein større og breiare kulturell og politisk kamp mellom ulike sosiale grupper. Dei sosiopolitiske tilhøva gav slik grobotn for ein særeigen språkpolitikk med hyppige rettskrivingsendringar kjenneteikna av tilnærming mellom målformene (ei tilnærmingslinje), samstundes som ein skulle ta omsyn til talemåla og skriftspråkstradisjonen. Ved inngangen til det 21. hundreåret hadde vi såleis éi offisiell norm for bokmål og éi offisiell norm for nynorsk som båe hadde særs stor valfridom mellom det som gjerne blir omtala som høvesvis radikale, moderate og konservative former.

Men i 2002 vedtok Stortinget at tilnærmingslinja ikkje lenger skulle vere gjeldande politikk. I staden skulle bokmål og nynorsk no kvar for seg utvikle seg på eigen grunn. Hovudgrunnlaget for vidare normering av det nynorske skriftspråket skulle vere språket slik det ser ut i nynorske tekstar, med særleg vekt på tekstar som blir vurderte som normdannande. På desse premissane blei det i 2012 vedteke ei ny nynorskrettskriving utan sideformer. Ein snevra dermed inn valfridomen ved at ein del radikale og konservative former blei tekne ut, samstundes som ein framleis opna opp for ei rekkje ulike jamstilte former.

Helset.2
Fram til 2012 var det mogeleg å skrive ‘mogeleg’ på heile seks ulike måtar innanfor nynorsknorma. Illustrasjon: Marvin Halleraker.

Dei offisielle normene seier ikkje noko om korleis ein skal kombinere ulike stavings- og bøyingsformer i nynorsk. Likevel tyder fleire studiar på at det dannar seg uoffisielle rettskrivingsnormalar basert på kva typar former som folk føler ‘høyrer saman’. For språkforskarar er det svært interessant å undersøkje kva typar former folk faktisk bruker i skrift, og som vi forstår er dette også viktig kunnskap å ha for normering av nynorsk i tida framover.

I doktorgradsprosjektet mitt ønskte eg å undersøke om det i nynorsk eksisterer såkalla normklynger av ulike språklege former, ved at ulike former blir brukt saman slik at vi får fleire ulike typar (varietetar) av nynorsk. Eg var særleg interessert i å finne ut om det eksisterer varietetar som ein kan karakterisere som konservativ, moderat eller radikal nynorsk.

For å undersøke dette gjennomførte eg ein stor og systematisk studie av korleis folk kombinerer ulike typar stavings- og bøyingsformer i nynorsk. I studien undersøkte eg 216 språklege variablar i eit tekstutval som bestod av 330 autentiske nynorske tekstar med til saman 21 millionar ord, henta frå tidsrommet 1980–2010. Tekstutvalet som eg brukte, var digitalisert og tagga, og det inneheldt eit spekter av sjangrar, slik som avistekstar, tidsskriftartiklar, fagboktekstar, læreboktekstar, skjønnlitterære tekstar og tekstar frå offentleg målbruk.

Helset.3
I studien min undersøkte eg språket i eit digitalisert og tagga tekstutval med ulike typar nynorske tekstar. Foto: Silje Drevdal.

For å kartlegge eventuelle normklynger i tekstutvalet mitt brukte eg ein såkalla korrespondanseanalyse. Dette er ein statistisk metode som set oss i stand til å avdekkje og synleggjere komplekse relasjonar innanfor store datamatriser ved hjelp av geometriske representasjonar i form av vekta koordinatsystem. Dei mest frekvente formene, typiske for dei fleste tekstar, vil ha ein tendens til å hamne nær sentrum av koordinatsystemet. Meir sjeldne former vil ha ein tendens til å hamne lengre ute i kantane – og på motsette sider av kvarandre dersom dei tenderer til å vere gjensidig ekskluderande.

Nedanfor ser vi resultatet av hovudanalysen i studien, der eg eg jamførte bruken av 33 utvalde språklege variablar. Desse hadde det til felles at dei i nynorsknormala som var gjeldande fram til 2012, både hadde radikale og konservative tillatne skrivemåtar.

Helset.4
I denne figuren er radikale former oppe til venstre, merkte med grøn farge, moderate former nær sentrum, merkte med blå farge, og konservative former, nede til høgre, merkte med raud farge.

Studien viser at moderate former fullstendig dominerer over radikale og konservative former i tekstutvalet, noko som også grafen ovanfor indikerer. Vi ser nemleg at typisk moderate former som mykje, noko, no,, berre, skule, skole, mogleg, rekkje, byggje, bygge, ungdommen, anten, haldning, tole, søndag, dessverre, lukke, annan, han, hovding, høvding, skuld, draum,, jarn, gjev, sommar og køyre hamnar nær sentrum av koordinatsystemet, noko som viser at dei er høgfrekvente i materialet. Samstundes hamnar desse formene nær kvarandre i rommet, noko som etter tolkingsreglane innanfor korrespondanseanalyse gir grunnlag for å rekne med ei normklynge som består av moderate former.

Vi ser også at ein god del radikale former plasserer seg ute til venstre i grafen: mye, noe,, da, bare, gir, holdning, rekke, enten, ønske, tåle, jern, mulig, hos, annen, først, skap, kjøre, lys, gammal, lykke, skyld, lyd og drøm, medan ein del konservative former plasserer seg nede til høgre i grafen: so, honom, ljod, sumar, ynske, fyrst, sundag, hjå, ljos, skåp, gamal, ungdomen og diverre. Den relativt store innbyrdes avstanden innanfor kvar av desse gruppene gjer at det likevel er meir tvilsamt om det er statistisk grunnlag for å rekne med ei normklynge av radikale former og, særleg, ei normklynge av konservative former.

Den statistiske analysen min av språket i nynorske tekstar tilseier dermed at dei moderate formene står langt sterkare enn både dei konservative og dei radikale formene i nynorsk. Sidan nynorskrettskrivinga skal byggje på språket i nynorske tekstar, tilseier dette at ein ved framtidig normering av nynorsk bør gå jamvel lengre i retning av ei rettskriving prega av moderate former enn det som var tilfellet i den nye norma frå 2012.

Vil du vite meir?

Helset.5
Språkrådet har mykje nyttig informasjon om norsk språkhistorie og dei to målformene på nettsidene sine. Her finn du informasjon om mellom anna historia til bokmål og nynorsk. Om du ønskjer å lese meir om nynorskrettskrivinga frå 2012, finn du stoff om ho her. Kjelde: www.språkrådet.no.

Denne teksten er basert på ph.d.-avhandlinga mi: «Norm og røyndom – ein statistisk studie av operative normer i det nynorske skriftspråket» (2017).

Den vitskaplege artikkelen Helset, Stig J. 2018. «Norm og røyndom – tilhøvet mellom fastsett og operativ norm» vil bli publisert i Maal og Minne 1/2018.

Den vitskaplege artikkelen Helset, Stig J. 2016. «Tilhøvet mellom konservative, moderate og radikale former i nynorsk – ein studie av nynorskskrivaren sine språklege intuisjonar og val» blei publisert i Maal og Minne 1/2016.

Kommentarer er stengt.

Et WordPress.com-nettsted.

opp ↑

%d bloggere like this: