Registeret i Gulatingslovi og ord eg gjerne skulle sett hadde kome i bruk igjen

Nyvinningar og kulturkontakt gjev nye impulsar og nye ord. Men endringar fører også til at ord forsvinn. Med utgangspunkt i registeret til mellomalderlovverket Gulatingslovi kommenterer eg her ein del ord som har gått ut av bruk, og presenterer med stort frimod ei liste med ord eg gjerne skulle sett i bruk igjen.

Av Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen

Lanseringa av Det norske akademis ordbok (NAOB) har gjeve nyord ein del merksemd.[i] Her er ny teknologi; (vip(p)se), populærkultur (alvisk), og reine importord (whatever). Men dei orda som forsvinn får sjeldan merksemd, sjølv om nokre av desse orda med fordel kunne ha blitt tekne i bruk igjen. Dermed har eg mora meg med ord frå Gulatingslovi, og funne fram eit knippe ord. Medan nokre av dei kan gå rett inn i dagleg bruk, må andre få ei tyding tilpassa våre liv.

Budal2.1
Handskriftsida ovanfor viser ei side frå det eldste fullstendige handskriftet av av den eldste Gulatingslovi. Lovhandskiftet heiter Codex Rantzovianus (E don var 137 4to), vart skrive mellom 1250 og 1300, og er i dag i København. Denne lova gjaldt for Gulatinget fram til 1274. De kan lese meir om Gulatingslovi her. Kjelde: www.heimskringla.no.

Gulatingslovi tek føre seg og regulerer samvær mellom menneske, mellom anna familieforhold, ulike typar konfliktar og situasjonar som kan føra til konfliktar. Dermed inneheld ho også ord frå ulike sider av eit menneskeliv, liv som ikkje er så ulike våre eigne.

Dei ulike samansetjingane av moderne familiar kan somme tider vera utfordrande og gje lange forklaringar. Gulatingslovi har her to nemningar, sammødra eller samfedra, for dei som har felles mor eller far, og dette er dei første to framlegga mine til ord som burde ha vore teke i bruk att. Begge orda kan nyttast i moderne norsk utan noka justering av tydinga. Dei neste tre orda på lista mi gjeld også familiesamansetjingar. Nemningane eingifte, tvigifte og fleirgifte bør kunna erstatta lånorda monogami, bigami og polygami. Desse finst ikkje berre i Gulatingslovi, men også i ordbøker over moderne norsk, men vert sjeldan nytta.

Buldal2.2
På Nasjonalbiblioteket sine nettsider finn de Gulatingslovi i Knut Robberstad si omsetjing. Her kan de blant anna sjå orda sammødra, samfedra, eingifte, tvigifte og fleirgifte i bruk. Kjelde: https://www.nb.no/.

Me omtalar gjerne ei kan hende ugift, men tiltrekkjande, kvinne som kastar vrak på mann etter mann, som ein manneetar. I denne bruken kjem nok substantivet frå det engelske man eater, mellom anna kjent frå songen med same tittel av Hall and Oates frå 1982, der åtvaringa kling tydeleg: «She’s deadly, man. And she could really rip your world apart.» I oppføringa på manne-eter i Det norske akademis ordbok vert det vist til ei sak i Aftenposten (17.06.2007) om filmskaparen og fotografen Leni Riefenstahl, som «helt opp til 90-årsalderen drev (…) med undervannsdykking. Og med nye elskere, hun var den rene «manne-eter» hele sitt liv». Formuleringa er langt frå uproblematisk i eit kjønns- og likestillingsperspektiv.

I Gulatingslovi finst det ei manneta. Det er ikkje same type manne-etar, men også her er dette problematisk. Ei manneta er ei trollkjerring som vart skulda for å faktisk eta menneske, ikkje berre å «eta menn» i overført tyding. Det norrøne substantivet maðr, opphavet til mann, tyder både ‘mann’ og ‘menneske’.  Ei manneeta var altså rett og slett ein kvinneleg kannibal.

Det engelske ordet man eater (på norsk: manneetar) er særleg kjend frå songen «Maneater» av Daryl Hall & John Oates frå 1982. Videoen ovanfor er frå den offisielle musikkvideoen til songen. Medan kvinner her berre «et menn» i overført tyding, innebar forestillinga om ein manneta i Gulatingslovi at kvinner faktisk åt menn (menneske). Kjelde: http://www.youtube.com.

Vart ein skulda for å vera ei manneta (kvinneleg kannibal), ville det vera klokt å rømma, å gje seg på flakkeveg, der ein beveger seg i lite føreseielege mønster. Ein bør også vera viss på at ein har synlege skadar før ein skuldar nokon for overfall. Finst det korkje vitne eller spor etter blod og blåmerke, heiter det svarteslag, og det kan ingen straffast for. Substantivet svarteslag kan dermed godt få nytt liv i tydinga «skuldingar utan bevis eller vitne».

Eit anna, heller uheldig, brotsverk i Gulatingslovi er det om ein mann kastar «etter éin og råkar ein annan, då heiter det gasseglefs» (Gulatingslovi s. 201). Den uheldige mannen skal bøteleggjast for feilkastet sitt. Hankjønnssubstantivet gasseglefs kjem frå det norrøne substantivet gassagløpr. Dei to ledda til ordet har ingenting med hanngjæser (gassar) eller med glefsing å gjera. Ein norrøn gassi er definert som ein «tåbe, tosse, ubesindig person, bulderbasse» i Ordbog over det norrøne prosasprog. Opphavet til andreleddet glefs, det norrøne substantivet gløpr, tyder ‘ugjerning’. Toskedåd kunne kanskje ha vore ein moderne versjon av ordet. Men det er mindre kraft i det, og dåd fungerer dessutan dårleg på nynorsk. Det er meir trøkk i ein allittererande (bokstavrimande) gasseglefs, og dette substantivet kan dessutan lett gjerast om til verbet å gasseglefsa.

Budal2.3
Kor strengt bør ein straffa ein gasseflefs? Dette spørsmålet vart nylig aktuelt då saka til ei kvinne som hadde kasta kokande vatn mot ei kvinne, men heller trefte ei anna kvinne, vart teken opp på nytt (NRK Sogn og Fjordane, 19.04.17). Kjelde: www.nrk.no.

Også advokat Halvard Helle skulle gjerne sett ordet i bruk igjen. Han førte i fjor ei sak for Høgsterett om ei kvinne som i ein krangel trefte feil person med kokande vatn, og meiner at «gasseglefs er eit flott ord som kling betre enn feiltreff» (NRK Sogn og Fjordane, 19.04.17). Ikkje berre kling det betre, men det er kan hende også meir presist. Gasseglefsen er slett ikkje uproblematisk i juridisk samanheng. I strafferetten heiter dette aberratio ictus, og det store spørsmålet vert då om brotsverket er forsettleg eller ikkje. Gasseglefsaren skadar jo ikkje det faktiske offeret med vilje.

Budal2.4
Også såkalla flugemenn finst i Gulatingslovi. Dei var ein type leigemordarar. Er denne nemninga kopla til flugefiske, som me ser på biletet ovanfor? Foto: Ziga.

Ein større grad av vilje har kanskje ein flugemann, eit anna ord frå Gulatingslovi. Det er ein leigemordar, altså ein som vert lokka med løn for brotsverket. I artikkelen Fiska dei gamle nordmennene med fluge?, som de finn eit utdrag frå her, meiner Knut Liestøl at fluge har tydinga «lokkemat, freisting», og at uttrykket flugemann er inspirert av flugefiske.

No må det seiast at det er nokså usikkert kva tid flugefisket kom til Noreg, og at mykje tyder på at det var etter mellomalderen. Det er godt mogeleg at fluge-metaforen skriv seg inn i ein heilt annan og langt eldre tradisjon, ein tradisjon der flugene ber med seg hugen, eller viljen til nokon. Då kan flugemannen vera ein som har fått i seg viljen til ein oppdragsgjevar og blitt reiskapen hans, slik Eldar Heide drøftar i doktorgradsavhandlinga si frå 2006 (sjå særleg s. 179 og utover). Med ei slik forklaring vert spørsmålet om intensjon og vilje like aktuelt som for gasseglefsaren. Dersom ein flugemann er fanga av viljen til nokon andre og berre er ein reiskap, må han kanskje forståast som ein ufriviljug leigemordar utan makt over eigne handlingar. Er det då rett å straffa han?

Budal2.5
I videospelserien Hitman kan du sjølv prøve deg som ein flugemann (leiemordar) med 47 som einaste identifikasjon. Kjelde: hitman.com.

Framstillinga mi ovanfor gjev oss eit utval ord frå Gulatingslovi som det kunne ha vore fint å ta i bruk igjen. Nokre av orda, slik som ein- , tvi- og fleirgifte, har blitt erstatta av lånord. Andre ord kan vera nyttige for å skildra familieforhold kort og konsist: å vera sammødra eller å vera samfedra. Det er så få kvinnelege kannibalar at eg tvilar på at manneta kjem til å få ein renessanse, og det bør me vera glade for. Men både det norrøne manneta og det moderne manne-etar fortel om eit uheldig kvinnesyn. Ein flakkeveg er kanskje sjølvforklarande, men dei tre siste orda eg har presentert over, treng å få justerte, moderne tydingar:

  • Flugemann (subst. m.). Ein ufriviljug leigemordar utan makt over eigne handlingar.
  • Gasseglefs (subst. m.). Å kasta noko på ein person, men treffa ein annan. Høyrer saman med gasseglefsar (subst. m.) og verbet å gasseglefsa, som sannsynlegvis ville fått same bøying som å glefsa (v1, v2, v3), altså med stor valfridom.
  • Svarteslag (subst. n.). Skuldingar utan bevis eller vitne.

Flugemannen finst i superheltseriar og kriminalromanar. Svarteslag finst litt overalt i liva våre. Og gasseglefsaren er underteikna som forsøker seg på ballspel.

Vil du vita meir?

Budal2.6
Bildetekst: Direktøren i Fritt ord, Knut Olav Åmås, skriv om Det norske akademis ordbok i Aftenposten 23.01.18. Hovudbiletet illustrer nyordet dødse, som tyder «stupe fra stor høyde, gjøre akrobatiske stunt i luften og ta vannet i sammenkrøket stilling». Kjelde: http://www.aftenposten.no.

Ordskiftet i Klassekampen mellom Ingunn Ims (01.02.2018), Tor Guttu (03.02.2018) og Leiv Inge Aa (07.02.2018) er vel verd å lesa for innsyn i kva som ligg til grunn for ordboksarbeid.

Gulatingslovi i Knut Robberstad si omsetjing finst ope tilgjengeleg i fleire utgåver på Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Det gjer også Norges gamle love i fleire band, som de finn her. Særleg femte bandet, Glossarium, er interessant dersom ein leitar etter ord som har forsvunne.

På nettstaden norgeshistorie.no finst det meir informasjon om mellomaldersamfunnet og om korleis tinga fungerte.

[i] Det har storma litt kring lanseringa av Det norske akademis ordbok (NAOB), og då kring kva for ein variant av bokmålet som ligg til grunn for dette verket. I omtalen på nettsidene til ordboka vert det presisert at dette er «den formen av bokmålet som ligger nærmest riksmålet, og som i ord- og bøyningsformer stort sett er identisk med riksmålsnormen». Det var ingen grunn til å ha ein liknande storm ved lanseringa av Norsk Ordbok i 2014. Ho er nemleg ikkje ei nynorsk rettskrivingsordbok, men derimot ei «ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet», slik det står i omtalen på nettsidene til denne ordboka. Ettersom eit ordboksverk vil vera normerande for språkbruk, er det grunn til å murra når normen som vert presentert, er for smal.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Lag et nettsted eller blogg på WordPress.com

opp ↑

%d bloggere like this: