I november 2015 vart det klart at Språksamlingane og ansvaret for desse skulle flyttast frå Universitetet i Oslo (UiO) til Universitetet i Bergen (UiB). Det var mykje ståhei og skriving rundt saka: Språkforskarane i Oslo gremma seg over at UiO ikkje tok ansvaret med å drive samlingane vidare, mens tilsette ved UiB og andre språkforskarar på Vestlandet jubla over å få Språksamlingane til Bergen. Men kva er Språksamlingane for noko? Og kva er det som er så interessant med ei slik samling?
Av Randi Neteland, førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet
Språksamlingane er eigentleg mange ulike samlingar av og om språk og språkbruk i Noreg. Nokre dokumenterer ulike dialektar, andre er dokumentasjon av skriftspråka nynorsk og bokmål. Ei samling er eit oversyn over stadnamna i landet vårt, ei anna dokumenterer ordforrådet i norrøne mellomalderhandskrifter. I samlingane som dokumenterer dialektane våre, finn vi mange lydopptak med forskjellig innhald. Her er det folk som fortel om seg sjølv, som les opp ein tekst eller ord frå ei liste. Vi finn også særs systematiske skriftlege oversyn over korleis ord blir uttalt og bøygd i ulike dialektar, oversiktar og kart der forskarar har teikna inn dialektgrenser, og dessutan fleire arkivkommodar med skriftlege svar frå heile landet om kva ord og ordformer som finst i dialektane der.

Alt dette har språkforskarar samla inn i løpet av dei siste åtti åra, anten fordi dei ville ha data til forskinga si, eller fordi det var noko dei såg som viktig å ta vare på. Både forskingsmetodane og synet på kva slags delar av språket som er verdt å ta vare på, har endra seg fleire gonger i løpet av desse åra. Men alle som har bidrege til samlingane, har vore opptekne av systematisk dokumentasjon av språk og språkbruk.
Kvifor har dei vore så opptekne av dokumentasjon av språk? Kvifor finst slike språksamlingar? Kva er vitsen med å dokumentere for eksempel korleis dei har uttala diftongen /ao/ i Årdal (eller Aordal, som det heiter med diftongen på rett plass), eller kva slags ord for snø som finst i dialektane i Trøndelag? Har vi bruk for desse forskjellige oversiktene over språkbruken i samfunnet vårt før og no?
Mange vil svare ja på det siste spørsmålet, mange nok til at det finst pengar og vilje til å drive Språksamlingane vidare. Men folk svarar ja av ulike grunnar. Det finst minst tre ulike perspektiv ein kan ta for å grunngje kvifor vi skal samle på dokumentasjon av språk og språkbruk.
Det eine perspektivet kallar eg for museumsperspektivet. Mange ser på Språksamlingane som eit slags museum som tek vare på gamle ord og uttrykk, stadnamn og skrivemåtar, og gir oss ein dokumentasjon på korleis folk brukte språket i gamle dagar. Akkurat som på eit kulturhistorisk museum der vi kan sjå på levesett i eldre tider og få eit nytt perspektiv på oss sjølve og vår tid, kan vi sjå på eldre språkbruk og få eit nytt perspektiv på notidas språkbruk. Og akkurat som at mange museum no slepp til forskarar i samlingane sine, så kan språkforskarar gå inn i Språksamlingane og bruke dei i forskinga si.
Dette fører oss over til det andre perspektivet: forskingsperspektivet. Mange forskarar vil seie at vi må ta vare på desse samlingane og arkiva fordi dei har vore brukt til viktig forsking før – og skal brukast til forsking også i framtida. For ein dialektforskar er det utvilsamt nyttig å kunne høyre på eit gamalt opptak frå Årdal før hen reiser ut for å undersøkje dialekten der. Språksamlingane er altså ikkje berre arkiv, men ressursar for forsking.
Men begge desse to perspektiva gir også næring til kritikk mot Språksamlingane. Kritikarane kan ta museumsperspektivet og seie at samlingane er gamaldagse og uinteressante museumsgjenstandar, eller dei kan ta forskingsperspektivet og seie at desse forskingsressursane er utdaterte, og derfor av lita interesse for moderne forskarar. Slik kan dei argumentere for at vi ikkje treng Språksamlingane.
UiB og Språkrådet sin visjon for Språksamlingane presiserer derimot at samlingane skal vere «ein levande infrastruktur for norsk språk». Med «levande» ligg nok eit ønske om at Språksamlingane både skal bli brukt aktivt og bli vidareutvikla. Visjonen lyder kanskje som eit festtale-utsegn, men det er ikkje berre verkelegheitsfjerne språkforskarar som har nytte av Språksamlingane. Det er faktisk ganske mykje samfunnsnytte som skjuler seg bak det grå namnet. La oss kalle dette for samfunnsnytteperspektivet. Eg vil trekke fram to eksempel på korleis ein kan sjå på Språksamlingane som samfunnsnyttige.
Det første eksempelet er dei populære ordbøkene på nett: Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Desse ordbøkene er mykje brukte: Bokmålsordboka hadde over 50 millionar søk i 2015, medan Nynorskordboka hadde om lag 39 millionar søk. Nettenesta er gratis og drifta som eit samarbeid mellom Språksamlingane og Språkrådet. Oppslagsorda og forklaringane i ordbøkene er basert på informasjon som finst i Språksamlingane, og dei vert kontinuerlig oppdaterte slik at alle oppslaga har korrekt rettskriving og bøyingsmønster.
Eit litt mindre kjent eksempel er stadnamntenesta. Alle statlege, fylkeskommunale og kommunale organ som skal vedta skrivemåtar av stadnamn (for eksempel namn på nye bydelar, byggjefelt og vegar), må leggje forslaga sine fram for stadnamntenesta for godkjenning. I tillegg kan stadnamntenesta gi allmenne råd og svare på spørsmål om stadnamn. Også her byggjer kunnskapen på Språksamlingane, som inneheld eit digitalt stadnamnarkiv med ca. 700 000 stadnamn frå heile landet. For kvart stadnamn finn ein opplysningar om skrivemåte og om uttale på den lokale dialekten. Det er også ein kode – ein kartreferanse – for kvart stadnamn som viser til dei utallege karta som ligg i store, flate arkivskuffer. Når dei tilsette i stadnamntenesta skal godkjenne eit nytt stadnamn, kan dei gå inn i arkivet og sjå korleis namnetradisjonane er på staden frå før, og slik sikre at dei nye stadnamna harmonerer med dei gamle.

Dette er to konkrete samfunnsnyttige sider ved Språksamlingane. Det er nok ikkje så lett å sjå den direkte samfunnsnytten av alle delane av samlinga, men viss vi vekslar mellom dei ulike perspektiva, ser vi at mange av dei andre delane av samlingane også har sin nytte som dokumentasjon og som forskingsressurs.
Å få Språksamlingane til Bergen er spanande for oss språkforskarar på Vestlandet. Sjølv om vi hadde tilgang til desse ressursane før, tenkjer vi kanskje meir på dei og på korleis vi kan bruke desse ressursane i forskinga vår når dei har kome nærare oss fysisk. Det finst både godt tilrettelagte, digitale delar av samlingane som er klare til bruk, og det finst innsamla materiale som er heilt uutforska og berre ligg i arkivskuffene og ventar på at ein nysgjerrig forskar skal fatte interesse for dei.

Vil du vite meir?
Blogginnlegget til Tor Erik Jenstad, «Det kom ein ”sleafylling” i natt» (24. november 2016) er basert på kunnskap frå Språksamlingane. Jenstad har mellom anna delteke i arbeidet med å lage det store ordboksverket Norsk Ordbok, som gir oversikt over alle orda som finst i dei norske dialektane og i nynorsk skriftspråk. Dette er ein del av Språksamlingane.
På Høyden, UiB si uavhengige avis, har ei side der dei samlar nyhende om Språksamlingane. Denne finn du her. I denne reportasjen får du vite mykje om samlingane.
Her er lenke til Språksamlingane sine nettsider, der ein kan lese meir om Språksamlingane og klikke seg vidare inn på dei forskjellige forskingsressursane som er tilgjengelege.