Har du høyrt om Odda, Sauda, Tyssedal eller Høyanger? Og korleis dei snakkar der? Desse vestnorske småbyane er ikkje berre berømte for kombinasjonen store fabrikkar og spektakulær natur, men også for dialektane sine. Her finn vi språkbrukarar som er tydeleg plassert i det vestnorske dialektlandskapet, samstundes som dei brukar språklege variantar som vi ikkje assosierer med vestnorske dialektar, som ”ikke”, ”kommer” eller ”høst”. Kvifor er det sånn? Korleis vart desse dialektane slik dei er i dag?
Av Randi Neteland, førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen

Mange av dei vestnorske industristadane oppstod på byrjinga av 1900-talet. På den tida var teknologien kome så langt at ein kunne bruke straum til å smelte om metall og lage ulike legeringar av metallet, men ikkje så langt at ein kunne transportere straum over store strekningar slik vi gjer i dag. Smelteverka og andre straumkrevjande fabrikkar måtte derfor plasserast rett i nærleiken av straumkjelda – eit fossefall. Samstundes måtte ein jo plassere fabrikken ein stad der det var gode moglegheiter for å transportere produktet ut på verdsmarknaden – ei hamn. Dermed vart industristadane ofte plasserte inst i fjordar mellom høge fjell. Her låg det gjerne ei lita jordbruksbygd frå før – eit samfunn som vart totalt omkalfatra då industrialiseringa tok til.
Industrisamfunna vaks fram i takt med at kraftverka og fabrikkane vart bygde opp og opna for drift. Mange innflyttarar kom for å jobbe på kraftverket og fabrikken, men like mange kom for å ta andre jobbar. Samfunnet trong ikkje berre industriarbeidarar og ingeniørar, men også kjøpmenn, handverkarar, legar og lærarar – kort sagt folk til å fylle alle funksjonar ein treng i eit samfunn. I etableringsfasen må vi sjå for oss at det var ein hektisk byggeaktivitet på staden. Fabrikk, husrom, butikkar og offentlege bygningar – så å seie alt som måtte til for å skape ein liten by – vart bygd opp i løpet av nokre få år. Det måtte gå så fort, for folk kom flyttande i strie straumar i håp om å finne arbeid – i løpet av få år kunne det kome fleire tusen nye innbyggarar.

Desse innflyttarane kom frå mange stadar i landet, og hadde med seg dei forskjellige talemåla sine. Den opphavlege dialekten var ikkje lenger dominerande, og ein kunne i staden høyre ei heil rekkje ulike dialektar. For eksempel kunne ein høyre stavangerdialekt, bergensk, riksmål, nordlandsk, oslomål og mange andre talemål når ein gjekk i gatene i industristaden Sauda. Den opphavlege dialekten inngjekk berre som ein liten del av dette dialektmangfaldet, som var så stort at nokre forskarar kallar det for eit språkleg kaos. Dei første innbyggarane i det nye samfunnet skapte ikkje nokon ny dialekt. Sannsynlegvis snakka dei berre alle dei forskjellige dialektane som dei hadde frå før, og tilpassa seg litt til kvarandre.

Ungane som vaks opp i dette miljøet, var i ein spesiell situasjon. Dei høyrde ein dialekt heime og mange andre ulike dialektar i gata og på skulen – og ingen av dialektane var i overtal. Dette førte til at ungane plukka opp element frå dei ulike dialektane, og resultatet vart ein miks av slik foreldra, eldre søsken og naboar snakka. Kvart barn skapte sin eigen måte å snakke på, og dei orda, lydane og bøyingsendingane dei høyrde oftast, var også dei dei brukte mest sjølve. Vi kallar det for ei språkleg utjamning når eit språkleg element som er meir utbreidd, vert føretrekt framfor eit mindre utbreidd element. I tillegg kunne ungane ta i bruk dei orda, lydane og bøyingsendingane som var enklast å lære seg av dei ulike alternativa dei høyrde rundt seg. Dette kallar vi gjerne for ei grammatisk forenkling, fordi resultatet er eit språksystem som er relativt enkelt, til samanlikning med den opphavlege dialekten og mange av innflyttartalemåla, som hadde meir kompliserte lyd- og bøyingssystem. Men heller ikkje i denne første oppveksande generasjonen utvikla det seg nokon felles dialekt på staden. Kvart barn hadde sin eigen måte å snakke på som hang nært saman med korleis dei næraste i familien og omgangskretsen snakka.
Ungane deira, neste generasjon barn, hadde dermed foreldre som hadde vakse opp på industristaden, og som hadde ulike måtar å snakke på. Prosessane med utjamning og forenkling fortsette – også desse barna tok i bruk dei orda, lydane og bøyingsendingane dei høyrde oftast, eller dei som var enklast å lære seg. Dette mønsteret gjentok seg i dei neste generasjonane. Slik vart språkbruken på staden gradvis meir lik inntil det hadde oppstått ein ny dialekt – industristaddialekten.
Vi ser at den store variasjonen mellom alle talemåla som innflyttarane hadde med seg, gradvis vert mindre for kvar generasjon. Dialektane som vert brukt på industristadane på Vestlandet i dag, er resultatet av denne gradvise endringa. Vi kan både finne spor av innflyttartalemål frå andre landsdelar, og vi kan høyre at mange av innflyttarane må ha kome frå regionen. Historia på staden – og då særleg innflyttarbølga – forklarer kvifor industristaddialektane er så spesielle i dag.
Vil du vite meir?
Doktorgradsavhandlinga mi handla om utviklinga av industristadtalemålet i Årdal og Sauda. På denne nettsida finn du informasjon om prosjektet Språkutvikling på industristader, som doktorgraden min var ein del av: http://folk.uib.no/hnohs/IP/
Vil du sjå ein liten film der eg teiknar og forklarer om industristaddialektar, sjå her: https://vimeo.com/121118208
Vil du lese ein fagfellevurdert artikkel om utviklinga av sauda- og årdalsdialekten, kan du lese ”Innflyttertalemåls innvirkning på talemålsendringer i industristeder” publisert i Maal og Minne nr 1/2014: http://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/224
Vil du vite meir om lokalhistoria til industristaden Sauda, sjå Sauda Sogelag si nettside: https://www.facebook.com/Sauda-Sogelag-216583475019952/