Etternamn er det siste namnet i namnerekkja i offisielle namn i Noreg og mange land, slik som Olsen og Berg. Korleis har utviklinga av etternamn vore i Noreg? Dette er tema for denne språkpraten, som er den første av tre om etternamn.
Av Ivar Utne, førsteamauensis i nordisk språk ved Universitetet i Bergen, emeritus
I Noreg fekk vi faste etternamn litt etter litt frå 1500-talet og mest frå rundt 1900 og seinare. Det var først blant samar, for eksempel variantar av Utsi, dernest utanlandske etternamn med innvandring, som Schmidt. Seinare kom sen-namn med grunnlag i fedrenamn og etternamn frå gardsnamn, som Olsen og Haugen. Faste etternamn for alle blei lovfesta i 1923 i Lov om personnamn (namnelova), som du finn i nyare versjon her.

For å forstå opphavet til etternamn både i Noreg og elles i verda er det nyttig å kjenne til korleis det har vore eller framleis er i kulturar utan faste etternamn. Frå gammalt av i alle kulturar har folk først hatt berre førenamn. Dette er det første namnet ein har, slik som Ola og Kari. Så har dei etter kvart lagt til ei ekstra beskriving, kalla tilnamn. Dette vart først gjort munnleg. Beskriving av ein person har vore nyttig, både for å skilje folk med like førenamn frå kvarandre og ikkje minst fordi det fortel klarare om kven eller korleis personen er, enn kva eit førenamn gjer.
I Noreg var det gjennom fleire hundreår sidan mellomalderen munnlege former av tilnamn. Det er yrke i namn som Jens Smed og eigenskapar viste som Svarte-Per (sota eller farge på klede, hår eller anna) og Sterke-Nils. Bustad ser vi i namn som Eli i Vika og Vik-Eli. Foreldra finst i namn som Nils-Anna eller Anna hass Nils (dottera til Nils) og Brita-Lars (sonen til Brita). Ektefellar blei omtalte med namn som Per-Mari (kona til Per) og som Mari-Per eller Per hennar Mari (mannen til Mari). Blant samar og kvenar i Noreg er slike skikkar framleis i munnleg bruk.
Fram til den første norske namnelova i 1923 var det i hovudsak ulike offisielle etternamneskikkar på landsbygda og i byane. På landsbygda var det oftast patronym (fars førenamn med ending) som skifta mellom generasjonar. Skriftleg var det uttrykt som Anna Sjursdotter og Lars Nilsson, eller Sjursdatter og Nilsen, etter fedrane Sjur og Nils. Dette systemet var særleg gjennomført i kyrkjebøker.
På landsbygda var òg namnet på garden der ein budde, vanleg i staden for eller i tillegg til farsnamnet i mange dokument utanom kyrkjebøker, og dessutan dels i fadderlister i kyrkjebøkene, som Eli Vik eller som Eli Olsdotter Vik. I kyrkjebøkene stod elles gjerne gardsnamnet som bustad, og ikkje som etternamn.



I byane var faste etternamn utbreidde. Det kom i bruk frå rundt 1700-talet blant innvandra byborgarar som hadde skikken med seg. Dei hadde helst tysk og dansk bakgrunn. Elles fekk folk som budde i eller flytta til dei fleste byar og tettstader, faste etternamn frå seint på 1800-talet.

Frå den første namnelova frå 1923 måtte alle ha faste etternamn etter kvart. Dei fleste fekk då eit førenamn frå tidlegare farsslekt med son- eller sen-ending eller frå garden (staden) der dei budde eller hadde flytta frå. Slik kunne det bli Ola Nilsson, Eli Nilsen og Eli Vik. Kvinnene fekk son- og sen-namn etter faren sitt son- eller sen-namn (frå hans fars førenamn + son/sen) eller frå ektemannen sitt etternamn. Nye generasjonar brukte etter dette oftast same etternamnet vidare.
I tiåra før og etter lovfestinga av faste etternamn var det ofte ustabil bruk av etternamn for same person, med sen-namn frå ulike tidlegare farsnamn og bruk av eitt eller fleire namn frå gardar. Ein viktig grunn til lovfesting var å få eitt etternamn på kvar person og for heile familiar. Denne ordninga stabiliserte seg rundt midten av 1900-talet.
Frå 1923 blei det òg krav om at etternamn som blei tekne frå gardsnamn, skulle ha datidas moderne (normerte) norske skrivemåte, som Anne Vik og Lars Dal. Dei som tidlegare hadde teke i bruk etternamn frå eldre skrivemåtar av namn på gardar, fekk halde på dei, som Hans Vig og Eli Dahl. Ofte var det slik at dei med eldre etternamnformer hadde teke dei i bruk som faste etternamn då dei flytta frå landet til byane. Nyare namneformer kom i bruk for folk på gardane fordi dei oftast ikkje gjekk over til faste etternamn før lovfestinga.

Korleis har det vore med etternamn for kvinner? Frå gammalt av har kvinner og menn hatt kvar sine etternamn gjennom livet. På landsbygda var det slik fram til namnelova i 1923, oftast med datter- og dotter-ending skriftleg, som Anne Larsdatter og Kari Nielsdotter. Munnleg var det slik det er beskrive tidlegare i artikkelen. I byane beheldt kvinner sine faste etternamn gjennom livet til ut på 1800-talet, då det var overgang til mannen sitt litt etter litt. Då folk flytta frå landsbygda til byen, gjekk kvinnene over til mannen sitt etternamn.
Barn på landet fekk farens førenamn med endingar som etternamn fram til 1923. I byane hadde barn fått farens faste etternamn, dersom han hadde det, slik det òg har vore mest utbreidd for heile landet fram til 2000-talet. No er òg mors etternamn på veg inn.
Korleis er så fordelinga av ulike namnetyper på personar i Noreg no? Sen-namn finst hos fleirtalet i Noreg (rundt 54 %), og knapt kvar femte har etternamn frå namn på gardar (rundt 18 %). Resten har for det meste etternamn dels som har kome med innvandring for nokre hundre år sidan (rundt 4 %) og mest sidan seint på 1900-talet (rundt 24 %).[i]
I tillegg til førenamn og etternamn har rundt 25-30 % òg mellomnamn.[ii] Med mellomnamn meiner vi eit namn som finst mellom førenamn og etternamn, og som elles blir brukt som eit etternamn. Eit slikt namn er Beyer for Fredrik Beyer Schmidt. På 1700-talet kom slike mellomnamn i bruk i høgare sosiale lag, gjerne frå kvinnegreiner i slekta. Søskena fekk ofte kvar sine mellomnamn. I første halvdelen av 1900-talet var det framleis under 5 % av barna som fekk mellomnamn av etternamntype. Frå rundt 1970 og seinare auka bruken av mellomnamn, og søsken fekk no ofte same mellomnamn. Det var gjerne moras etternamn frå før foreldra gifta seg. På same tid blei det òg meir og meir vanleg at gifte kvinner tok etternamn frå før giftarmål som eige mellomnamn føre mannen sitt.

No midt på 2020-talet får rundt halvdelen av barna mellomnamn, og rundt 10 % i tillegg får doble etternamn med bindestrek (Nora Berg-Jensen), oftast etter begge foreldra. Rundt kvar tredje kvinne som giftar seg no, har mellomnamn, medan sambuarar held på etternamna og skiftar stort sett ikkje namn. Rett nok er det nokre prosent, truleg under 5 %, der folk i parforhold som gifte og sambuarar tek felles mellomnamn, eller kvart sitt frå den andre sitt etternamn.
I Noreg fekk altså folk flest faste etternamn i løpet av første halvdelen på 1900-talet. Før det hadde etternamn vore i bruk eit par hundre år i høgare sosiale lag og blant andre bybuarar. Etternamn i Noreg omfattar mest sen-namn (Hansen) bygde på førenamn tidlegare i slekta (Hans), og etternamn frå namn på gardar der nokon i familien har budd (Haugen). Etternamn har òg kome med innvandring frå mange land, særleg sidan 1970-åra, noko vi kjem tilbake til i ein seinare språkprat om etternamn.
Vil du vita meir?

Denne språkpraten er den første av tre om etternamn. Dei to andre vil handla om utanlandske etternamn i Noreg og om forslag til korleis ein kan arbeide med etternamn i skolen.
Eg har skrive om innføring av etternamn i Noreg i slektstidsskriftet Genealogen nr. 2, 2001 (Utviklinga av slektsnavn i Norge, med særlig vekt på sen-navn), og om etternamn for kvinner i nr. 2, 2002 (Gifte kvinners etternavn, slektsnavn og mellomnavn). Begge artiklane har lange historiske linjer med mange detaljar. Korte framstillingar finn du i eit par kapittel i boka mi Hva er et navn? (2011).
Arne Torp har òg skrive ei bok om etternamn: Etternavna våre. Fra Astrup til Åstorp (2018). Boka dekkjer historiske linjer og omtaler ulike etternamntypar.
Det finst eit stort norsk etternamnleksikon på papir: Olav Veka: Norsk etternamnleksikon (nyaste frå 2016).
[i] Desse tala byggjer på teljing 1.2.1993 og på omfanget av folk med innvandrarbakgrunn til 1.1.2025.
[ii] Desse tala er basert på data frå SSB pr. 1.1.2015 og berekning ut frå årlege publiseringar av namnestatistikk hos SSB.
