Dette hjartesukket høyrer vi ofte i framandspråksklasserommet. Det lette svaret er «fordi eg seier det», men veldig pedagogisk er det ikkje, akkurat. Så korleis kan vi språklærarar forklare elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule kvifor det er nyttig, lurt og ganske smart å lære grammatikk, og korleis bør vi undervise dei i grammatikk?
Av Astrid Aksnes Myskja, lektor i tysk, fransk og engelsk ved Sotra vidaregåande skule
Utan grammatikk vil ein aldri kunne dele djupe tankar og forklare noko i detalj. I ein tidlegare språkprat, «Menneskenes språkevne er vår superkraft!», av Kristin M. Eide, kan vi lese om marekattane, som har eit vokabular på tre «ord»: Med ulike skrik seier dei frå om dei ser ein slange, ein gepard eller ei ørn. Flokken reagerer deretter, og kan slik berge livet. Men ein marekatt kan ikkje seie «Håper eg ikkje ser ein slange i dag», «I går flykta eg frå ei ørn», eller «Såg du den store geparden?». For å kunna uttrykke ønske, fortelje om noko som har skjedd, eller stille spørsmål treng vi grammatikken.

For å motivere framandspråkselevar til å lære grammatikk må vi formidle til dei at grammatikken er sjølve limet i språket. Å produsere ytringar kan liknast med å bygge hus: Du kan stable ord på kvarandre utan bøyingar, bruke grunnformer av substantiv og verb og klare å kommunisere på eit vis. Men eit hus der murstein og plankar er stabla opp utan sement og skruar til å binde det i hop, vil fort ramle saman. Dette er funksjonen til grammatikken: kople ord saman, tilpasse former, skape forståing og samanheng og bidra til nyansar og formidling av kjensler.

Når vi så har etablert at grammatikk er viktig, må formidlinga av sjølve grammatikken vere pedagogisk og tilrettelagt. Vi som har studert eitt eller fleire andre språk enn norsk og engelsk, er gjerne litt nerdete på området, og synest det er vesentleg å bruke presise omgrep når vi skal snakke om språk og grammatikk.
I mine klasserom, der elevane skal lære tysk eller fransk, må vi sjølvsagt snakke om verb i fortid, notid og framtid. I fortid må vi skilje mellom preteritum og presens perfektum i tysk, og imparfait og passé composé i fransk. For enkelte elevar er det spanande å meistre desse uttrykka, og dei viser høg måloppnåing ved å bruke dei rett. Andre får den store sperra ved å ikkje forstå dei grammatikalske omgrepa. Då kan det kanskje hjelpe å heller snakke om enkel og samansett fortid?
På tysk må ein analysere setningar for å velje rett kasus. Då stoppar det heilt opp for enkelte. Sperrene kjem gjerne allereie i 8. klasse, og dei er ikkje lette å rive ned igjen.

For elevar som siktar mot høg måloppnåing, er sjølvsagt målet å sette subjekt og predikativ i nominativ, direkte objekt i akkusativ, indirekte objekt i dativ og tidsledd i akkusativ. Dessutan må dei vite at om dei analyserer heilt rett, og kjem fram til direkte objekt i setninga «Ich (subjekt –nominativ) danke (verbal) *dich (direkte objekt – *akkusativ)», så blir det feil, for etter akkurat dette verbet skal objektsleddet faktisk ha dativ: «Ich danke dir». Slike elevar finst, og dei må vi oppmuntre og heie på!
Men alle dei andre elevane, må dei vite om alt dette, berre for å miste motet heilt? Mitt svar er nei – til trass for at eg vil kalle meg språknerd. Eller kanskje nettopp derfor? Eg unner alle å lære språk, og veit at der er mange ulike mål, og endå fleire vegar dit.
Til dei av elevane mine som kjempar seg gjennom på låg og middels måloppnåing, vil eg heller seie: «Dersom analysen forvirrar deg: Ikkje gjer det! Ta heller ein titt på desse smarte hjelpeorda, som vi kallar preposisjonar. Lær desse små remsene med hjelpeord, så får du ein snarveg til kasusen som skal følge etter». Då kastar dei seg over durch, für, gegen, ohne, um, krysspeilar i skjema over bestemte og ubestemte artiklar, og er til og med ofte einige i at det er lurt å lære desse skjemaa utanat, så slepp dei å slå opp heile tida. Vekselpreposisjonane an, auf, hinter, in, neben, über, unter, vor, zwischen blir litt verre, men alle treng ikkje lære alle reglane for når det er akkusativ, og når det er dativ. Ein kjem langt med å sjekke om verbet uttrykker bevegelse i ei retning, eller om det uttrykker ro.
Resten av reglane kan vi presentere for dei med sterk middels måloppnåing eller høg måloppnåing. I ein tysk læreboktekst dukkar ikkje direkte og indirekte objekt opp særleg ofte, men preposisjonsuttrykk treng ein heile tida. Då er det lurt å ha fokus på det viktigaste, og så oversjå at der vil komme ein del analysefeil. På denne måten vil også dei med sperrene kunne meistre noko, og dermed tore å kommunisere. Og det er jo målet!

I grammatikkundervisinga må vi spele på den språkkunnskapen elevane allereie har: bokmål og nynorsk, engelsk og andre morsmål som er representerte i klasserommet. Når vi bruker det framandgjerande uttrykket preposisjon, mister vi alltid nokre elevar. Men desse smarte hjelpeorda står jo i pre-posisjon til det uttrykket dei heng saman med. Det kan ein forklare via den engelskkunnskapen som elevane oftast har. Dei forstår ofte uttrykk som prehistoric, preview og preschool. Om dei aldri har tenkt på det tidlegare, så går det ofte eit lys opp for dei ved å sjå dei samanhengane. Sterke verb på tysk er ofte ein bøyg, men ved å minne dei på go – went – gone på engelsk og lese – las (nynorsk) eller gå – gikk (bokmål) ser dei at det ikkje er tysk som er sært, men at tysk har grammatiske trekk som elevane sjølve bruker heile tida på norsk og engelsk utan å tenke på det.
Modale hjelpeverb er eit anna omgrep som er uforståeleg for enkelte, og som gjer at ein fort kan «miste» elevar i klasserommet. Men eit modalt hjelpeverb er jo berre eit verb som må «hjelpe» eit anna, og som bidrar til å modifisere innhaldet i setninga! Setninga «Eg les» har hovudverbet å lese. Men vi kan bruke desse modale hjelpeverba til å modifisere og tilpasse setninga til noko som er meir presist: Eg vil lese, eg kan lese, eg må lese, eg skal lese … Slik kan vi unngå misforståingar som kan oppstå om vi berre bruker verbet i infinitiv eller i beste fall presens.

Og hovudverbet, kva for ei form skal det stå i? Alt må vel bøyast, så her slenger elevane ofte på ein partisipp (gjerne utan å kunne det ordet), eller ei personbøying av hovudverbet: «Ich muss *gelesen/lese» på tysk eller «Je dois *lu/lis» på fransk. Men så peikar eg på at vi på engelsk ikkje seier «He must *reads», eller på bokmål «Jeg må *lest», men at vi faktisk i alle desse språka bruker infinitiv av hovudverbet i setningar med modale hjelpeverb.
Det er altså viktig at framandspråkselevane får vite kvifor dei skal lære grammatikk, og at ein som lærar speler på den språkkunnskapen dei har frå før. Då kan vi rydde litt i grammatikkrotet, skape litt mindre forvirring og gi elevane meir meistring og forståing.
Vil du vite meir?
Kristin M. Eide har skrive om vår unike evne til å uttrykka oss språkleg i denne språkpraten: Menneskets språkevne er vår superkraft! (sprakprat.no)
Brita R. Riksem har skrive om utforskande arbeid med grammatikk i denne språkpraten: https://sprakprat.no/2024/08/30/utforskande-arbeid-med-grammatikk/
Her er eit tips til fordjuping i norsk grammatikk: Brøseth, Eide, Åfarli og Hognestad (2019): Språket som system : norsk språkstruktur. Bergen: Fagbokforlaget
Her er eit tips til fordjuping i grammatikkdidaktikk: Nygård (2021): Grammatikk og grammatikkdidaktikk. Oslo: Samlaget
