Kva skjer når ein let lærarstudentar bryne seg på grammatikkoppgåver berre med utgangspunkt i sin eigen språklege intuisjon? Vi undersøkte!
Av Brita Ramsevik Riksem, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved fagseksjon for norsk, Institutt for lærarutdanning, NTNU Trondheim
Alle som har gått i norsk skule, har ei eller anna erfaring med grammatikk. Nokre forbind grammatikk med pugging av sterke verb og grøssar berre av å høyre ordet, medan andre gler seg over å oppdage språklege mønster og særeigenheiter. Saman med Cecilie Slinning Knudsen (stipendiat ved fagseksjon for norsk, Institutt for lærarutdanning, NTNU Trondheim) har eg undersøkt korleis lærarstudentar opplevde det å arbeide utforskande med grammatikk.

Grammatikk i skulefaget norsk har lenge vore eit omdiskutert tema, men heller enn å spørje om grammatikken skal ha ein plass i norskfaget, bør vi diskutere korleis vi jobbar med grammatikken. Tradisjonell grammatikkundervising er typisk forbunde med innlæring og pugging av reglar for eit «godt» og «korrekt» språk, og grammatikk har på mange måtar vore synonymt med rettskriving. Dette harmonerer dårleg med grammatikksynet i språkvitskapen. Innan språkvitskapen er ein hovudsakleg oppteken av talespråket, og grunntanken er at alle språkbrukarar har ein umedviten ekspertkompetanse i førstespråket sitt, altså i det første språket ein lærer som barn.
Ei grammatikkundervising som tar dette på alvor, vil først og fremst vere meir deskriptiv enn normativ. Kort fortalt legg ei normativ tilnærming vekt på reglar for rett og gale i eit språk, medan ei deskriptiv tilnærming skildrar språksystemet slik det faktisk er. Til dømes kan ein, med dei normative brillene på, seie at eit strikk er feil, sidan ordet strikk ikkje er eit inkjekjønnsord på verken bokmål eller nynorsk. Gjennom dei deskriptive brillene er det derimot interessant at substantivet strikk faktisk er eit inkjekjønnsord i fleire norske dialektar. Ved å bygge på språkbrukaren sine eigne språklege intuisjonar i slike tilfelle kan ein skildre språksystemet i eit talespråk, og ein kan synleggjere språkleg variasjon.

I den overordna delen av læreplanen (LK20) står det at skuleelevane skal få utfalde seg og lære gjennom leik, eksperimentering og utforsking, og nettopp verbet utforske er brukt i fleire kompetansemål. For å arbeide utforskande med grammatikk kan språksamtalar vere ein nyttig metode. Ein språksamtale tar gjerne utgangspunkt i konkrete språklege døme, og gjennom å diskutere, utforske og reflektere over dei språklege mønstra ein kan finne der, er målet å bli meir medviten sin eigen språklege kompetanse.
Lærarstudentane i undersøkinga vår fekk oppgåver som tematiserte språkleg fleksibilitet og variasjon. Oppgåvene hadde ingen openberr fasit, og studentane måtte ta i bruk sin eigen språkkompetanse når dei diskuterte ulike tolkingar og mogelege løysingar. Læraren skulle primært rettleie og hjelpe studentane med å samle trådane.

I språksamtalane brukte vi mellom anna to oppgåver der studentane skulle undersøke bøyingssystemet i norsk, som dokker kan sjå nedanfor:

Som dokker kan sjå, tok oppgåve (1) føre seg engelske lånord, medan oppgåve (2) brukte oppdikta ord, og studentane skulle setje til bøyingane dei meinte passa best. Studentane kunne enkelt bøye orda slik at dei passa i ei norsk setning, og vi diskutere korleis grammatikken dannar eit rammeverk for språket der vi kan setje inn både etablerte ord, fantasiord og lånord.
Komparativt (samanliknande) arbeid med språk er også utforskande ved at ein skal peike på og diskutere likskapar og ulikskapar mellom språk. Studentane våre fekk to komparative oppgåver. I den eine oppgåva skulle dei setje ein enkel engelsk tekst om til norsk og samanlikne den språklege oppbygginga til dei to språka. Sjølv med ein kort tekst kunne vi tematisere fleire grammatiske fenomen, til dømes plassering av verbalet, plassering av eigedomspronomen og adjektivbøying.
I den andre oppgåva skulle studentane samanlikne grammatiske og ugrammatiske setningar:

Målet med denne oppgåva var å diskutere grensene for språket: Kva i språket er fleksibelt, og kva held seg stabilt? For på same måte som vi intuitivt veit kva bøyingsendingar som skal setjast til ulike ord, reagerer vi også når vi høyrer noko som «skurrar» i oppbygninga av setningar.

Korleis fungerte denne utforskande grammatikkundervisninga for lærarstudentane? Ein av dei mest synlege – og positive – effektane ved det utforskande arbeidet var engasjement! Oppgåvene skapte diskusjon, og studentane syntest det var gøy, lærerikt, og at det gav dei ei kjensle av meistring. Særleg godt fungerte oppgåvene med engelske lånord, fantasiord og samanlikningsoppgåva med engelsk og norsk. Desse oppgåvene løyste studentane utan nemneverdige problem, og utforskinga gav (tilsynelatande) fleire aha-opplevingar og bidrog til ei bevisstgjering av ein umedviten språkkunnskap.
Utover i økta observerte vi likevel at engasjementet dalte, og studentane skildra også arbeidet som utfordrande. Dette var ikkje overraskande. Økta varte i tre timar, og det er krevjande å jobbe konsentrert over tid. Grammatikk er også eit emne der ein må halde styr på fleire ting samtidig, og mange studentar manglar eit fagleg grunnlag i grammatikk. Det var vanskeleg å frigjere seg frå eit normativt perspektiv, og fleire studentar ønskte seg tydelegare reglar og instruksjonar. I tillegg var den utforskande tilnærminga i seg sjølv uvand for dei. Oppgåva der studentane skulle samanlikne grammatiske og ugrammatiske setningar (oppgåve 3 ovanfor) viste seg å vere særleg utfordrande. Dette var ein nokså ukjend måte å jobbe med grammatikk på, og studentane mangla strategiar for å gå laus på denne oppgåvetypen.
Spørsmålet er om ei slik tilnærming til grammatikk kan gi studentar (og skuleelevar) auka kunnskap om språk? Ja, meiner vi. Ved å utforske talespråket og skildre dei språklege mønstra ein ser der, vil studentane bli kjende med ein språkkompetanse dei sjølve har. Altså handlar det ikkje om å lære seg grammatikk, men om ei bevisstgjering av den tause kunnskapen dei allereie har i førstespråket sitt. Målet blir deretter å setje studentane i stand til å skildre dette på ein fagleg forankra måte. I tillegg legg utforskinga til rette for å synleggjere språkleg variasjon og samanlikne ulike språksystem. Dette er positivt med tanke på utviklinga av eit meir overordna språkleg medvit. Og som framtidige lærarar vil den faglege forståinga til våre studentar påverke korleis dei sjølve kjem til å undervise om grammatikk i framtida.
Samtidig skal ein altså ikkje underslå at den utforskande tilnærminga kan vere krevjande. I klasserommet kan ho gi ei spanande utfordring for fagleg trygge studentar og elevar, men samtidig vere uoversiktleg og krevjande for dei som er meir usikre.
Å trekke koplingar mellom umedviten språkkunnskap og fagleg forståing krev også ein fagleg kompetent lærar. Ein veit aldri kvar utforskinga til elevane fører dei, og læraren må ha ein solid nok fagkunnskap til å støtte elevane i utforskinga, handtere spontane spørsmål og gi diskusjonane ei fagleg forankring. For ein fagleg trygg lærar vil det vere mindre «skummelt» å sleppe kontrollen og gi rom for utforsking og refleksjon.
Eit viktig mål for lærarutdanninga blir dermed å sørgje for at (framtidige) lærarar får den faglege kompetansen dei treng for å ta i bruk utforskande tilnærmingar til grammatikkundervisinga. Slik kan dei i neste omgang la elevane utfalde seg som språk(ut)forskarar i norsktimane.
Vil du vite meir?
Denne teksten bygger på artikkelen «‘Ikke så kjedelig som jeg trodde’ Mogelegheiter og utfordringar ved ei utforskande tilnærming til grammatikk for lærarstudentar» (Riksem & Knudsen, 2023). Her finn du utfyllande detaljar om både bakgrunn for undersøkinga, gjennomføringa og dessutan resultata. Artikkelen er tilgjengeleg her.
Boka Utforskende arbeid med grammatikk i skolen (Eiesland & Vindenes, 2022) gir ein god introduksjon til korleis ein kan arbeide utforskande med grammatikken på ulike nivå.
To tidsskrift har nyleg hatt eigne temanummer om grammatikk og grammatikkdidaktikk: ELLA 1(1): Gleden ved grammatikk og Acta Didactica Norden 17(4): Grammatikk i skole og utdanning. Her finst fleire artiklar som tematiserer grammatikk og tilnærmingar til grammatikk i undervising.
Også tidsskriftet Norsklæraren har publisert interessante artiklar om grammatikkundervising. Nokre av desse er Hognestad (2013) «Språkdelen av norskfaget – i læreplan og klasserom», Aa (2021) «Grammatikkdidaktikk på grammatikkfeltets grunn» og Vindenes & Eiesland (2024) «Oppdagelsesreiser i grammatikken: utforskende tilnærminger til språket som system».
