Det er eit vanskelegare spørsmål enn det ser ut til. Det er lettare å svara på kva ei preike bør vera, eller kva faglitteraturen seier. Men kva er ei preike slik den faktisk skjer, og slik du kan oppleva den? Preikene er ulike frå predikant til predikant. Det er likevel nokre fellestrekk. Her vil eg gå inn på dei faktorane som er med på å forma preika til noko me kjenner att, og til slutt vil eg seia noko om det som gjer preika god.
Av Tore Skjæveland, kyrkjefagsjef ved Bjørgvin bispedømekontor
Eg er sikker på at du kan kjenna igjen ei preike. Sjølv om preiker kan vera svært ulike både i oppbygging, framføring og bodskap, er det likevel noko felles. Det har både med tonefall, kroppsspråk, innhald og språkføring å gjera. Det er fordi ei preike ikkje er ein litterær sjanger, men ein retorisk sjanger. Det vil seia at det er den sosiale situasjonen som har skapt sjangeren. Preika i Den norske kyrkja er ein del av ein heilskap, gudstenesta, og har ei ramme fastlagt gjennom tekstrekker og kyrkjeår, liturgiar, reglar og uskrivne konvensjonar som er forma gjennom århundra. Preika skjer på om lag same måten kvar einaste søndag i gudstenester i alle lokalsamfunn i heile landet, og denne felles situasjonen fører til at preiker blir gjenkjennelege.

Når både prestane og kyrkjelydane er ulike, skulle ein forventa at preikene vart meir ulike enn dei er. Men det at preika ei retorisk handling som skal kommunisera, gjer at ein må ta omsyn til tilhøyrarane. Dei tradisjonelle tilhøyrarane, dei kyrkjevante, vil ofte høyra det som liknar på det dei har høyrt før, og det gjer at prestar i stor grad held seg til tradisjonelle former. Preika er heller ikkje ein tale på vegne av seg sjølv, men på vegne av kyrkja. Difor er det stort sett berre ordinerte prestar eller andre som er godkjent av biskopen som får sleppa opp på preikestolen. Og prestane har mykje felles, dei aller fleste har lik teologisk utdanning frå nokre få teologiske utdanningsinstitusjonar og har lært dei same ideala for preika. Samstundes er det ein sterk luthersk tradisjon at presten har stor fridom i kva som vert sagt. Idealet er at presten sjølv skal gå til bibelteksten og formidla bodskapen direkte derifrå utan å bli instruert ovanfrå – så lenge han eller ho held seg innanfor kyrkja og Bibelen si lære.
Preika skal ta sitt utgangspunkt i dagens bibeltekst, vanlegvis frå evangelia om Jesu sitt liv og forkynning. Det er sett opp tekstar i tre årlege tekstrekker for alle søndagar. Presteutdanninga legg stor vekt på at prestane skal kunna forstå teksten på originalspråket, gresk for det nye testamentet og hebraisk for det gamle testamentet. Preika har i den norske lutherske tradisjonen vore forstått som tekstutlegging og formidling av trusinnhaldet. Difor vil preikene ofte ha same form: lesing av tekst, forklaring av teksten eller ein del av teksten som predikanten legg vekt på, og kva det betyr og korleis det er viktig for tilhøyraren.

Språket i preika har tradisjonelt vore prega både av at prestar har lært seg akademisk språk og tenkemåte, og av at dei fleste prestar har vakse opp i kristne miljø og der blitt vande til ein bestemt måte å snakka om trua på. Det er denne uttrykksmåten som komikarar lett kan parodiera. Ein av grunnane til at stilen har halde seg, er det ein kan kalla meisterlæring, at prestar har lært av eldre prestar eller dei som har undervist dei, og medvite eller umedvite har kopiert preikestilen, tonefallet og kroppsspråket til sine førebilete. Blant yngre prestar er det mindre utbreidd, fordi ein prøver å kommunisera med nye tilhøyrargrupper.
I mi eiga forsking på tilhøyraradressering i preiker har eg sett på korleis språkbruk kan fungera inkluderande og ekskluderande. Eg fann at mange prestar refererte til bibelvers og bibelforteljingar som om dei alt var kjente for tilhøyrarane, og at dei difor ikkje fortalde heile forteljinga. Dette vert i retorikken kalla argumenterande allusjon og fungerer ved å skapa gruppefellesskap av dei som forstår allusjonen. Dei som tar hintet og kjenner igjen bibelreferansen, blir inkludert, men dette ekskluderer dei som ikkje veit kva presten refererer til.
Dette er diverre noko som mange forbind med preika, at ho talar til dei som er innanfor og kjenner språkbruken. På same måte som preika vert delvis forma av sine rammer, formar preika sine tilhøyrarar ved at dei som går regelmessig til gudsteneste, lærer seg språket og dei språklege kodane. Dermed er det ein fare for at preikespråket kommuniserar dårleg til andre grupper fordi ein må kjenna kodane og ha felles forforståing for å kjenna seg inkludert.
Fleire har observert at prestar ofte kan vera tydelegare, meir nærverande og lettare å forstå i gravferd og i bryllaup enn i søndagspreika. Dette tolkar eg som at språket vert annleis når dei kan snakka med målgruppa, dei sørgjande eller brudeparet, på førehand. Den same endringa har mange lagt merke til ved familiegudstenester, der språket ofte ikkje føreset så mykje forkunnskap og er enklare.

Kva er så ei god preike? Det vil vera subjektivt kva ein opplever som ei god preike, og det vil vera avhengig av kva preikeideal ein har. Nyare preikeforsking seier at ein får med seg innhaldet i ei preike gjennom indre dialog. Det ein sit igjen med, er dermed ikkje akkurat det presten sa, men si eiga tolking som blir til i møtet med presten sine ord. Då er det viktig at presten vert oppfatta som ein autentisk dialogpartnar, og at preika er tydeleg slik at dialogen finn stad.
Ulike preikeforskarar kan ha eigne meiningar om kva ei god preike er og bør vera. Eg vil seia at det likevel er tre ting som kjenneteiknar ei god preike. Det fyrste er at predikanten må henta sin bodskap frå det bibelske og kristne førestillingsunivers. Det handlar om trua, og hovudkjelda er Bibelen og det ein kallar frelseshistoria, korleis Gud har handla i historia for å frelsa menneska gjennom Jesus Kristus. Dette er kjernen i kyrkja sin bodskap, og preika må ha si forankring der. Korleis det vert framstilt, vil vera prega av kyrkja sine tradisjonar og teologi og predikanten sine eigne trusopplevingar.
Det andre er det sjelesørgeriske. Ei god preike må knyta saman den bibelske bodskapen med tilhøyraren sitt liv i dag. Presten må villa nå konkrete tilhøyrarar med den gode bodskapen. Preika er til for å hjelpa tilhøyrarane å leva sine liv i trua på Gud, og dei må høyra evangeliet om frelsa og Guds kjærleik inn i sin situasjon. Preika må ikkje tala generelt og abstrakt, men konkret om livet på godt og vondt så tilhøyraren kjenner seg igjen. Det sjelesørgeriske perspektivet fungerer når tilhøyraren opplever seg sett og forstått og predikanten står fram som ein truverdig og autentisk person som vil hjelpa. Undersøkingar viser at tilhøyrarar etterspør autentisitet, altså at predikanten står inne for bodskapen. Kor stor plass dette har, varierer, men det sjelesørgeriske må vera med så det ikkje berre vert eit generelt bibelforedrag.

Og sist, men ikkje minst, må preika kommunisera, så tilhøyraren får med seg at bodskapen er til han eller henne. Språket må vera klart og lett å forstå og innhaldet strukturert for å kunna halda på tilhøyraren. Illustrasjonar og metaforar må vera forståelege for målgruppa og passa til den kunnskapen tilhøyraren har. Preika må altså ha retoriske kvalitetar, elles vil ingen få ho med seg. Sjølv om det ser ut til at nokon trur det, er det ikkje andre reglar for kommunikasjon i ein preike enn i andre talar.
Ei god preike er då ein retorisk god og forståeleg tale som hentar ut frå Bibelen det predikanten i si omsorg ser at tilhøyraren treng slik at tilhøyraren kjenner seg sett og tatt på alvor.
Vil du vita meir?
Ei bok om preika som er tilgjengeleg elektronisk på Nasjonalbiblioteket er: Nordhaug, Halvor: Så mitt hus kan bli fylt. Luther forlag Oslo, 2000.
Denne teksten fortel om adressering i preika: Skjæveland, Tore:«Kven preikar presten eigentleg til?» Halvårsskrift for praktisk teologi, nr 2/2002, s. 45–57.
I denne teksten kan du lese om strukturen i preika: Skjæveland, Tore og Mostøl, Hallvard Olavson: «Jakta på den raude tråden – og knaggar i preika». Tidsskrift for praktisk teologi 2/2013, s. 32–40.