Når metaforar døyr – og vaknar til liv att

Språket vårt er fullt av døde metaforar som ein gong var levande: kreative, assosiasjonsrike ord og uttrykk som tilførte språket noko nytt – heilt til dei blei brukt opp. Døme på dette er uslepen diamant, tidspress og trykke på stoppknappen. Kva er det som gjer at ein metafor døyr, kva var det som gjorde at den blei mykje brukt i utgangspunktet – og kva skal til for at ein død metafor vaknar opp att?

Av John Magnus Dahl, stipendiat i informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen

Eigentleg kan ein koke desse spørsmåla ned til eitt: Kva er ein god metafor?Filosofen Max Black, ein av forkjemparane for den såkalla interaksjonsteorien om metaforar, hadde eit svar på dette. Black meinte – i tråd med klassisk retorikk og poetikk – at metaforar fungerer slik at ein har ei nemning som står for ei anna, til dømes «Min elskling er ei rose».

Felles for alle metaforar er at ei nemning står for ei anna. Setninga «Min elskling er ei rose» er eit typisk døme på dette. Foto: Silje Drevdal.

Vidareutviklinga interaksjonsteorien sto for, handla om at den eine nemninga, kalla ramma eller vehikkelen, filtrerte ut visse aspekt ved nemninga ho står for, fokuset eller tenoren, men også at dette gjeld motsett veg. Når eg seier «Han er ein gorilla», overfører eg ei rekkje kvalitetar frå «gorilla» (ramma) til «han» (fokuset), som ‘primitiv’, ‘stor’, ‘muskuløs’, ‘aggressiv’. Men også «gorilla» får visse kvalitetar framheva som ein del av denne metaforen. Vegetarianisme eller kvinneleg seksuelt initiativ, eigenskapar som er typiske for gorillaer, er ikkje blant dei. Meir interessant er det kanskje at gorillaer eigentleg ikkje er særskilt aggressive, men sidan folketeori seier oss at aggressivitet er typisk gorilla-aktig og denne metaforen er så etablert, så dukkar nettopp denne eigenskapen opp som ein av dei første konnotasjonane (ålment delte assosiasjonar) våre når vi høyrer ordet gorilla.

Ifølgje interaksjonsteorien påverkar metaforar også det som nemninga viser til. Når ein til dømes seier «Han er ein gorilla», støttar dette opp om konnotasjonen (ålment delt assosiasjon) om at gorillaer er særskilt aggressive – trass at dette ikkje stemmer. Foto: ukjent. Tilgjengeleg under CC BY ND.

Når ein metafor vekkjer mange, og varierte, konnotasjonar, er den ifylgje Black resonant. Dessutan skal ein god metafor vere emfatisk, altså skal ein ikkje kunne byte ut nokre av ledda i metaforen. Slike metaforar gjer språket rikare, og dei kan til og med skape ny forståing, hevdar Black. Spørsmålet er om dette gjeld for alle område der me nyttar oss av metaforar. Har til dømes skjønnlitteraturen, som er til ‘for si eiga skuld’, same kvalitetskriteria som den føremålsretta retorikken?

Lyrikken har jo tradisjonelt blitt sett på som staden for gode metaforar. Ein poet som meistra å gjere metaforane både emfatiske og resonante, var Dylan Thomas, her både i original og i omsetjing ved Åsmund Bjørnstad: 

I see that from these boys shall men of nothing

Stature by seedy shifting,

Eg ser frå gutane skal menn av inkje

stå fram av frørik vingling.

«Frørik vingling». Det skapar masse konnotasjonar, og det er vanskeleg å endre uttrykket – kanskje ikkje minst fordi både originalens «shifting» og norske «vingling» allereie er eigenskapar me forbind med frø. Det er ikkje tvil om at dette er ein god metafor – for lyrikken. Som metafor i daglegspråket, eller til bruk i retorikk, er han derimot ganske dårleg. For kva tyder han eigentleg? Dette er slett ikkje Thomas’ mest ugjennomtrengjelege metafor, men det er vel liten tvil om at det krevst litt grubling for å få fullt utbytte av den. Og i poesien, som jo er ein aktivitet «på sida» av dagleglivet, er nettopp det eit ekstra kvalitetsmerke. Når det gjeld retorikken, derimot, er dette ein aktivitet som vil gjere noko i verda. Difor har retorikken andre krav til kva ein god metafor er, utover korleis han gjennom resonans og emfase gjer språket rikare og opnar opp for ny innsikt.

Denne boka frå 2019, Metaforer. Hva, hvor og hvorfor? av Norunn Askeland og Magdalena Agdestein, kan du lese meir om metaforar. Kjelde: Universitetsforlaget.

Aristoteles hevda i Retorikken at ein god metafor må vere høveleg. Meir konkret er han oppteken av at metaforen ikkje skal vere for høgtideleg. Men dette generelle rådet hjelper oss ikkje så mykje til å forstå kva ein god metafor er, då stil er både situasjonelt og kulturelt relativt. På persisk er det til dømes heilt vanleg å seie «ghorboonet beram» (قربونت برم ما ), som bokstaveleg tala tyder ‘eg riv levra mi ut for deg’, som eit teikn på kjærleik. Så dramatisk kan ein ikkje vere i norsk daglegtale eller i ein TV-debatt.

Aristoteles har eit anna poeng som kanskje er betre (eller kan hende er det eigentleg ei spesifisering av det førre): Metaforen skal ikkje verke utanpåklistra. Og her trur eg me er inne på noko. Ein god metafor skal verke som ein naturleg del av språket. Me skal kunne forstå han straks.

Ein gong var helsekø ein slik metafor. Då han blei introdusert av politikarar på 80-talet,  vekte han nye konnotasjonar: ubehaget me alle har kjent frå å stå i ein fysisk kø, frustrasjonen – og ikkje minst kor lett det er å løyse opp i ein kø ved å berre opne opp ei ny dør. Metaforen var henta frå vår eiga erfaringsverd. Helsekø er dessutan ein ganske emfatisk metafor: Det er vanskeleg å nytte eit anna ord enn her. Likevel har han blitt ein død metafor, det vil seie ein metafor som har gått over til å bli den konvensjonelle termen for fenomenet han opphaveleg var ein metafor for. No blir helsekø nytta nesten konsekvent for å skildre ventetider i helsevesenet, og ein kan stille spørsmål ved om metaforen skapar like ubehagelege konnotasjonar no som den gjorde i 1984. Dette peiker på noko viktig ved retoriske metaforar: Det nye ved ein metafor, kjenslene og innsiktene han gjev, altså dei poetiske kvalitetane, er også viktige – men dei blir etter kvart slitne vekk, og då døyr metaforen. Spenninga mellom det nye, uventa, poetiske og det nære, klare og forstålege er altså essensielt for ein god metafor i retorisk språkbruk.

Ein metafor kan gå frå å tilfredsstille krava til Aristoteles, til å døy. Ein metafor er død når dei poetiske kvalitetane ved han er slitne vekk. Dette held no på å skje med metaforen tidsklemma. Foto: Silje Drevdal.

Ein metafor som nettopp no er i ferd med å døy, er tidsklemma. Den dukka opp i avisene i 1997, og eg går ut ifrå at den var relativt ny då sidan fleire saker handlar om å utbrodere og forklare kva tidsklemma er, og kvifor det er ein samtidsdiagnose. Det interessante er jo at dette er ein ny variant av den døde metaforen tidspress, der både den fysiske kjensla og konnotasjonane til å vere utsett for belasting frå fleire kantar blir framheva og gjort tydelegare. Med andre ord blei metaforen vekt til live att ved å endre litt på uttrykket. Det finaste dømet frå politisk retorikk på ei slik endring, er frå Margaret Thatcher, som blei kritisert for å vere passiv i arbeidet med Maastricht-traktaten – det var fare for at det europeiske toget gjekk frå henne. Thatcher kontra med at «det er ikkje vits i å skunde seg til toget dersom toget gjeng feil veg».

Dette er glitrande politisk retorikk. Ikkje berre er replikken morosam, han syner òg fram ressursane som ligg i språket, i form av erfaringsnære, velbrukte metaforar, og korleis dei kan bli nytta kreativt. Og det er nok nettopp der løyndomen til ein god metafor ligg, og løyndomen til livsreisa deira: i spenninga mellom det daglegdagse og det originale.

Vil du vite meir?

Alle bør jo lese Aristoteles, og i verket Retorikken har han mange refleksjonar om kva som er ein god metafor. Du finn ei god norskomsetjing ved Tormod Eide, gjeve ut av Vidarforlaget i 2006.

Dersom du ser etter noko meir aktuelt, kan eg anbefale ei norsk bok frå 2019 som gjev ein lettfatteleg og grundig innføring i kva ein metafor er, og korleis metaforar verkar i ulike språkområde: Metaforer. Hva, hvor og hvorfor? av Norunn Askeland og Magdalena Agdestein.

Dersom du føretrekk lydmediet, snakkar eg om kva ein god metafor er i politikken, på Språkteigen. Metaforar kan dessutan vere visuelle, og då kan døde metaforar bli vekt til liv att – til dømes helsekø, noko eg skriv om hjå Vox Publica.