Arbeid som språkforskar

DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET TALEMÅL

Heilt frå me var småe, har me «herma» etter andre, for det er det som er den naturlege måten vår å læra eit språk på. Me har teke etter talespråket til foreldra våre, jamaldringar i barnehage og skule, barnehagelærarar, lærarar i skulen, slekt og vener. Tenk på kor mange som har vore med på å påverka akkurat den måten du sjølv pratar på. Kanskje er du framleis påverkeleg og endrar språket ditt? Nokon har ei særleg evne til å herma etter andre sitt språk og kan vera veldig underhaldande å lytta til. Rune Nilson har fått radiopris for imitasjon av dialektar langs kysten av Noreg. 

A-1: Evna til imitasjon

Lytt til Rune Nilson i dette videokuttet og prøv å finna ut kva som gjer at han klarer å få fram dei klare skilnadene. Deretter kan du gjerne dela synspunkta dine med ein medelev. 

A-2: Prøv deg som imitator!

Vel deg eit talemål som ikkje er ditt eige, men gjerne eit som du har god kjennskap til, for eksempel fordi det er eit talemål nokon i familien eller slekta di snakkar. Skriv det først som ei kort melding (gjerne eit avsnitt) før du øver på å framføra meldinga på dette talemålet. 

A-3: Ta utgangspunkt i eige språk!

A-3-1: Lytt til ditt eige talemål og finn ut kva infinitivsendingar du har.

Du kan laga dine eigne setningar, eller høyra etter kva som er naturleg for deg å seia i dømet nedanfor:

Når eg blir stor, vil eg bli god til å springa raskt, kasta langt med spyd og køyra eigen bil.

Svake hokjønnsord endar på trykklett vokal i ubunden form eintal, t.d. 

ei jente, ei pute

Sterke hokjønnsord endar på konsonant eller trykktung vokal i ubunden form eintal, t.d.

ei bygd, ei bok, ei bru

A-3-2: Ta utgangspunkt i din eigen dialekt og finn ut kva som er naturleg bøyingsending for deg i bestemt form av hokjønnssubstantiv. Finn også ut om du har ulik ending i dei svake og dei sterke hokjønnsorda.

Du kan laga dine eigne setningar eller bruka hokjønnssubstantiva i dømet nedanfor:

Den nye jenta i klassen hadde lese boka om Gunnlaug Ormstunge før ho kom til bygda, for mora og tanta hennar kom frå Island.

A-3-3: Skriv ned for deg sjølv kva du meiner desse omgrepa tyder:

Diftongering, segmentering, differensiering

DEL B: LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTEN/TEKSTANE 

No er det tid for fagleg påfyll. Les enten artikkelen “Elevar som sosiolingvistiske forskarar” (tekst 1) eller Endrer man språket gjennom livet? (tekst 2). Hugs å nytta eigna lesestrategiar, slik at du er i stand til å «læra vekk» sentrale punkt og viktig innsikt til ein medelev om teksten du har fordjupa deg i, etterpå. 

B-1: Arbeid med Språkprat-artikkelen 

Les artikkelen din slik at du kan forklara sentrale fagomgrep og hovudpoenget i artikkelen for den andre etterpå. Her er nokre hjelpespørsmål du kan ta tak i?

B-1-1: Tekst 1

«Elevar som sosiolingvistiske forskarar” (2021, mars) av Ragnhild Lie Anderson

  1. Kva meiner ein med ein sosiolingvistisk bakgrunnsvariabel?
  2. Kva nytte har ein av slike bakgrunnsvariablar?
  3. Kva er segmentering? (gje døme)
  4. Kva er differensiering? (gje døme)
  5. Kva er eit sterkt hokjønnsord? (gje døme)
  6. Kva er eit svakt hokjønnsord? (gje døme)
  7. Kva meiner ein med delt femininum eller delt hokjønn? (gje døme)
  8. Kva er a-mål? (gje døme)
  9. Kva er e-mål? (gje døme)
  10. Kva meiner ein med panelinformant?
  11. Kva er Dialektdatabasen for Sogndal, og kva kan han brukast til?
  12. Forklar viktige skilnader mellom fjordamål og sognemål

TB-1-2: Tekst 2

Endrer man språket gjennom livet? (2017, desember) av Per Sigmund Sævik Bøe

  1. Kva samfunnsnytte peikar Sævik Bøe på at ein språkforskar kan ha? Kva tenkjer du om dette?
  2. Korleis kan ein undersøkja om ein person endrar talespråket sitt i løpet av livet?
  3. Kva kallar ein personar som er med i slike språkendringsstudiar gjennom livet?
  4. Kvifor trur du at enkelte endrar språket sitt når dei vert eldre?
  5. Kva form for språkdrag vert sett på som spesielt vanskelege å endra? Kva tenkjer du om dette?
  6. Kva ved talespråket er truleg mest stabilt? 
  7. Når i livet endrar me truleg språket vårt mest?
  8. Kva er ei sosial norm?
  9. Kva meiner ein med sosial kontekst?
  10. Gje døme på språkendringar det blir peikt på frå Øygarden, Bergen og Stavanger.
  11. Kvifor meiner du at nokon endrar språket sitt meir enn andre?

DEL C: FORDJUPING OG UTFORSKING AV TEMAET

C-1: Prøv deg som forskar! 

Gå inn på Dialektbasen for Sogndal og gå gjennom «heimsida» og «kva er sosiolingvistikk». (Dersom de arbeider fleire i lag, kan de summera opp det de har lært, saman før de går vidare.) Lytt til dei seks eksempeltrekka på «heimsida» i basen og finn også eigne eksempelord. På sida «kva er sosiolingvistikk» kan de etter å ha lese gjennom teksten gjerne fordela avsnitta mellom dykk (dersom de jobbar saman) og deretter forklara kvart dykkar avsnitt for den/dei andre på gruppa di. 

No er du endeleg klar for å begynna som språkforskar sjølv. Lag ditt eige/dine eigne forskingsspørsmål og set i gang med å bruka basen. Du/de kan bruka døma frå artikkelen eller laga heilt eigne spørsmål. 

Eksempel på forskingsspørsmål:

  1. Er det nokon skilnad på infinitivsendingane hjå gutar frå Dalen og jenter frå Dalen i 2016-opptaka?
  2. Kva skjer med talemålet til ein (eller fleire) utvald(e) person(ar) gjennom livet? (då må de sjå på ein eller fleire personar som er med i to opptak, markert med p (panel) andre gongen) 

Reflekter gjerne også over korleis du får dei resultata du får, dvs. kva som gjer at du finn språkleg variasjon eller endring.