Kva tyder ordet «jordmor», og kvifor heiter fødselshjelparen framleis det og ikkje noko kjønnsnøytralt?

Jordmoryrket er den eldste kvinneprofesjonen vi veit om, jordmødre er nemnde alt i Det gamle testamentet. For nokre få år sidan starta styresmaktene med å døype om yrkestitlar for å få dei kjønnsnøytrale. Kvifor skjedde det da ikkje noko med «jordmor»?

Av Ernst Håkon Jahr, professor dr. philos. ved Universitetet i Agder

Denne teksten er ei vidareutvikling av debattinnlegget «-Kva tyder jordmor?» som vart publisert i Sykepleien.no 25.03.21.

La oss først sjå litt på kor jordmor-namnet kjem ifrå. Lenge har dette ordet blitt forklart i ordbøkene med at fødsel i gammal tid skjedde på jordgolv. Jordmora var da den som løfta barnet opp frå jordgolvet. Denne forklaringa finn vi framleis i dei fleste oppslagsverka.

Eit vanleg syn har vore at namnet jordmor var kopla til jord, sidan fødslar i gammal tid skjedde på jordgolv. Denne forklaringa står framleis i oppslagsverk, som vi kan sjå i denne skjermdumpen frå NAOB – Det Norske Akademis ordbok. Kjelde: NAOB.

På tysk heiter jordmor Hebamme, frå verbet heben, å løfte. Men på norsk burde det bli løftemor/hevemor, ikkje jordmor, som meir peikar på kor løftinga starta frå. Som vi snart skal sjå, er det lite som stør jordgolv-forklaringa.

Det er lite som stør forklaringa av at ordet jordmor kjem av at fødselshjelparane løfta dei nyfødde barna opp frå jordgolv. Kjelde: Tope A. Asokere on Pexels.com

Kva ord blir brukt i ulike språk om den personen som bistår ved fødselen (fødselshjelparen)? Oversikta nedanfor viser at desse orda er nokså ulike frå språk til språk:

  • Latin: obstetrix, av obstare, som tyder stå framfor, om kvinna som står framfor den fødande
  • Norrønt: nærkona, om kvinna som er nærverande ved fødselen
  •  Italiensk: levatrice, frå latin levare, som tyder heve, om kvinna som løftar opp barnet etter fødselen, også ostetrica (jf. latin) blir brukt i italiensk
  • Spansk: comadre/comadrona, som tyder med-mor
  • Fransk: sage femme, som tyder klok kvinne
  • Tysk: Hebamme, frå heben, om kvinna som løftar opp barnet etter fødselen
  • Engelsk: midwife, som tyder med-kvinne
  • Nederlandsk: vroedvrouw, som tyder klok kvinne
  • Svensk: barnmorska, frå lågtysk bademôdersche, om den som badar det nyfødde barnet
  • Islandsk og færøysk: ljósmó∂ir, som tyder lys-mor
  • Dansk: jordemoder, som tyder jord-mor
  • Norsk: jordmor, i dialektane finn vi òg mellom anna ljosmor og nærkone

Fleire tilhøve har såleis vore med på å gi namn på fødselshjelparen i dei ulike språka. Det er ei klok kvinne (fransk, nederlandsk), ei som er med (spansk, engelsk) eller nærverande (norrønt), ei som står framfor den fødande (latin, italiensk), ei som løftar barnet opp (italiensk, tysk), og ei som badar barnet (svensk). Alt dette er lett å skjøna som grunnlag for ord for fødselshjelparen.

Men verken jordmor eller ljosmor fell naturleg inn i dette. Jord eller lys har ikkje noko direkte med ein fødsel å gjera. Det vi da må prøve å koma fram til, er ei forklaring på ordet jordmor som etter innhald og i språklig-historisk samanhang står til truande.

Ulike språk har ulike namn på fødselshjelparen, der fleire tilhøve har vore med på å gi namna. Kjelde: Jonathan Borba on Pexels.com

Enda dei norske standardverka, som til dømes NOAB (sjå ovanfor), stort sett seier det same om opphavet til ordet jordmor, er det likevel ikkje slik at forklaringa med jordgolv har vore den einaste. Til saman har fire ulike forklaringar vore diskuterte. No skal vi sjå på dei etter tur:

Den første forklaringa er at ordet jordmor kjem frå gjordmor, basert på verbet å gjorde, dvs. ‘omgjorde’. Fødselshjelparen ‘om-gjorder’ ut frå dette den fødande, anten ved å binde noko rundt midja hennar, eller ved å halde rundt henne bakfrå. Men hadde dette vore riktig, skulle vi vente å finne tidlege døme på skrivemåten med ‘gj’ frå før lyd-samanfallet mellom gj– og j– var skjedd. Vi finn berre døme med ‘j’, og følgjeleg kan ordet jordmor vanskeleg ha noko med «omgjording» å gjera.

Den andre forklaringa er sjølve jordgolv-forklaringa, som altså har vore å finne i alle standardverka, men ho fortener å pensjonerast heilt no. Det første danske belegget vi har på ordet jordemor, er frå så seint som 1535. Mange fødslar på 1400- og 1500-talet skjedde slett ikkje på jordgolv. At jordmora da skulle bli kalla slik på grunn av dei meir kummerlege tilhøva i tidlegare tider, er det ingen grunn til å tru.

Ein variant av jord-teorien er at det ikkje er jordgolvet som er viktig, men ei kraft som ein meinte kom frå jorda. Dette fører oss direkte over i den tredje forklaringa.

Den tredje forklaringa er at ordet jordmor har å gjera med jordånd, altså ei moder jord-forklaring. Ettersom jordånder var viktige for folk i tidlegare tider, kan dét vera ein betre grunn til at fødselshjelparen skulle kallast noko med jord. Sjølve jorda blei tidlegare assosiert med mektige og magiske krefter. Er altså jord– i jordmor å forstå som noko anna enn berre «mold»? 

Professor i etnologi, Nils Lid, meinte at ordet jordmor er ei overføring frå ei kvinneleg jordånd, eit vette, som bur i grunnen under huset. Jordmora skulle da sjå til at denne jordånda skulle verke positivt for barnet. Lid viser til at ordet for jordmor i samisk, madderakka, i tillegg er namnet på ei jordgudinne under samehytta.

Med tanke på jordmoras viktige funksjon og sosiale status i mange samfunn må forklaringar som koplar ordet jordmor til jordånd, seiast å vera meir truverdige enn jordgolvforklaringa.

Ein variant av jordteorien er at ordet jordmor kjem frå ei kraft frå jorda, altså ei jordånd. Foto: Siri Ansok.

Den fjerde forklaringa er at ordet jordmor kjem frå  jodmor. Denne forklaringa har å gjera med ordet for nyfødd barn i norrønt: jó∂. Med dette ordet kan både jordmor og ljosmor forklarast ut frå det same opphavet, nemleg eit tenkt, men dessverre ikkje belagt, ord jo∂amódir / jo∂smódir. Som følgje av at ordet jó∂ for nyfødd barn etter kvart gjekk av bruk, blei ordet for fødselshjelparen lydleg utvikla i to retningar: éi gav jordmor som resultat (med tilknyting for folk til ordet jord), og den andre gav ljosmor (med assosiasjon til ordet lys / ljos).

Det tiltalande med denne fjerde forklaringa er at ho både er språkleg og sakleg forståeleg. Vi slepp å argumentere med fødslar på jordgolv, heller ikkje treng vi å appellere til Moder Jord-symbolikk. At ei jordmor har med eit foster/nyfødd barn (jó∂) å gjera, er som det skal vera, og språkleg er utviklinga ikkje usannsynleg. Folkelege omlagingar, såkalla folkeetymologiar, når tydinga av eit ord(element) – her jó∂ – ikkje lenger blir forstått, finst det mange døme på. At ordet jordmor først dukkar opp i denne forma så seint som på 1500-talet, passar òg godt inn i denne forklaringa.

Og det heiter framleis jordmor, sjølv etter at styresmaktene har vedtatt å ha kjønnsnøytrale yrkesnemningar. Jordmødrene hadde nett det same standpunktet no som da dei på 1960-talet hadde den første mannlege jordmorstudenten. Jordmorforeininga stod beinhardt på at namnet ikkje skulle endrast, det skulle framleis heite jordmor. Og slik er det enno, vi held på den eldste kvinnelege yrkesnemninga vi har. Det er flott om fleire menn vil utdanne seg til yrket, men dei må finne seg i å ha det same yrkesnamnet: jordmor.

Vil du vite meir?

I NRK-artikkelen «Kjønnsmarkerte titler forsvinner – jordmor består» (08.03.23) kan ein lese meir om namnestriden når det gjeld om jordmor framleis skulle heite dette. Kjelde: NRK.  

I nrk.no-teksten ovanfor er det lenkja til eit lesarinnlegg, «Jordmor-tittelen er ikke kjønnsnøytral og må endres» (19.06.18), som argumenterer for endring av jordmor-tittelen:

Eg har skrive ein artikkel om etymologien til ordet jordmor i eit nordisk tidsskrift:

«Etymologien til ordet ‘jordmor’». I: Eaker, Birgit; Larsson, Lennart; Mattisson, Anki (red.): Nordiske studier i lexikografi 11. Rapport  från Konferansen om lexikografi i Norden, Lund 24-27 maj 2011 (= Skrifter utgivna av Nordiska föreningen för lexikografi, Skrift nr 12). Lund 2012: Nordiska Föreningen för lexikografi, s. 318-327.

Her er ei lenkje til tekst om historia til jordmorutdanninga på jordmorforeininga si nettside: https://www.jordmorforeningen.no/om-dnj/jordmorutdanningen-i-et-historisk-perspektiv (merk at her snakkar dei om hjelpekoner i den eldre perioden).