I siste del av 1800-talet auka det kulturelle mangfaldet i Noreg gjennom innvandring frå fleire kantar. På denne tida vart det for første gong etablert eit jødisk miljø på norsk jord, og dermed fekk også språkfloraen ein ny tilvekst: jiddisk. Ein stor del av den jødiske innvandrargruppa hadde jiddisk som morsmål, og språket vart halde i hevd heilt fram til andre verdskrigen. Tendensen var likevel ein snøgg overgang til norsk i mange brukssamanhengar. Her skal vi sjå på nokre av årsakene til dette språkskiftet og dermed kaste lys over kvifor jiddisk aldri fekk status som minoritetsspråk i Noreg.
Av Stian Hårstad, professor i nordisk språkvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU)
Ei endring av Grunnlova i 1851 sette punktum for ei lang historie med særbehandling av jødar og andre som ikkje følgde «den evangelisk-lutherske Religion». Tidlegare hadde desse gruppene berre unntaksvis fått opphalde seg i riket, men no vart restriksjonane fjerna.

Denne endringa av Grunnlova førte ikkje til noka massiv innvandringsbølgje til Noreg. Utover i 1880-åra vart talet på jødiske immigrantar likevel så stort at vi kan snakke om ein jødisk kulturfellesskap i Noreg. Da vart det skipa til ulike foreiningar, og det voks etter kvart fram ei sjølvforståing hos desse individa som norske jødar.
Den jødiske innvandrargruppa var mangfelt og femna alt frå velhavande forretningsfolk til lutfattige skreppehandlarar. Språkbakgrunnen deira var òg samansett, men fleirtalet av dei som kom flyttande frå det russiske tsarriket, område som i dag ligg innanfor Litauen, Latvia, Polen, Belarus og Ukraina, hadde jiddisk som førstespråk.

Jiddisk er kort sagt ein germansk varietet og dermed i slekt med både tysk, nederlandsk og dei skandinaviske språka. Det som særmerker jiddisk, er at det gjennom tidene har teke opp i seg mange element frå dei språka som brukarane har vore omgjevne av, framfor alt ulike slaviske språk. Det inneheld dessutan ei rekkje ord og former frå hebraisk, det sentrale språket i jødane sine religiøse tekstar.
Ein stadig meir undertrykkande politikk overfor den jødiske gruppa i Tsar-Russland førte med seg fleire utvandringsbølgjer i tiåra omkring 1900. Amerika var det mest tillokkande målet, men det var dyrt og strevsamt å komme seg heilt dit, og mange måtte ende reisa på europeisk jord. Nokre tusen fann vegen til Skandinavia, og etter kvart etablerte det seg altså jødiske samfunn i Noreg, særleg konsentrert om Oslo og Trondheim.

I starten av det nye hundreåret voks det fram eit livleg organisasjonsliv innanfor den jødiske minoriteten. Ungdomslag, teatergrupper, politiske forum og andre skipnader som på ulike vis krinsa om «det jødiske», vart også viktige arenaer for bruken av jiddisk. Kjeldene er mangelfulle, så vi veit ikkje kva språk som var dei rådande i dei ulike samanhengane, men særleg på kulturelle arrangement, med teaterframsyningar, musikkinnslag eller høgtlesing av litteratur, var jiddisk i bruk heilt fram til starten av andre verdskrigen.
I andre forum tok norsk raskt over, og i skriftleg bruk, som i møtereferat og protokollar, ser vi at norsk vart einerådande nokså tidleg. Denne utviklinga speglar det som var ei rådande haldning i den jødiske minoriteten: Det var eit viktig mål å tileigne seg «det norske» snøgt og på gagnleg vis. Å lykkast i omfamninga av alt norsk var for mange ein målestokk for generell framgang.
Denne innstillinga må ein sjå som ei viktig forklaring på at minoritetsgruppas eige språk fekk mindre og mindre plass utover på 1900-talet. Vi veit at ein del eldre familiemedlemmar aldri kom særleg langt i innlæringa av norsk og heldt seg til jiddisk livet ut. Dermed var det naudsynt også for dei yngre generasjonane å ha ein viss kjennskap til «bestemorspråket», men for mange vart denne «heimebruken» den einaste delen av jiddisk dei meistra. Dei fekk øvd opp forståinga, altså den reseptive sida, men snakka sjeldan, altså produserte lite jiddisk sjølve. Kjeldene har mange forteljingar om unge norske jødar som vart snakka til på jiddisk, men som i hovudsak svara på norsk.
Dette er eit mønster som vi kjenner att frå mange minoritetsgrupper der eit språkskifte er på gang. Eit språk blir overlevert til den oppveksande generasjonen, men språket blir ein stadig meir passiv del av språkrepertoaret deira, mens eit anna språk, oftast majoritetsspråket, tek over i dei fleste brukssituasjonane.

Ein annan faktor som må trekkjast inn for å forklare kvifor jiddisk fekk stadig mindre oppslutnad, er den statusen språket hadde både innanfor den jødiske minoriteten og i samfunna som dei var ein del av. I områda som innvandrarane forlét, kunne jiddisk vere majoritetsspråk, målt i reine tal, i landsbyen, men det hadde likevel ingen offisiell status. Språket var såleis nokså lite brukt i skriftlege samanhengar, og fordi det var så tett knytt til det heimlege, kvardagslege og verdslege, vart det jamt over lite påakta. Det var ei mykje utbreidd haldning at jiddisk ikkje var eit «eigentleg» språk; det var berre eit rotete blandingsmål med betar av tysk, hebraisk og slavisk. Trass i at jiddisk for mange var sjølve hjartespråket, eller mame-loshn ‘mors språk’, som dei gjerne kalla det, bringa innvandrarane med seg dette språksynet til dei samfunna dei flytta til. Den grunnleggande låge sjølvtilliten på vegner av eige morsmål hadde utan tvil noko å seie for overlevingsevna til jiddisk.
Språket til dei jødiske immigrantane fekk lite omtale i norske kanalar i samtida, men det som vart skrive, stadfesta ofte dei haldningane som var kjent frå heimtraktene: Jiddisk vart omtalt som eit uraffinert samansurium som mangla den reinleiken som «normale» språk har. Det var kort sagt eit ikkje-språk som var dårleg eigna for høgkultur og moderne livsførsel. Ein tidleg omtale i norsk presse, i Morgenbladet frå 1897, slår fast at «Jødernes Sprog er et fordærvet, modbydeligt lydende Tysk».
Det fanst meir nøytrale framstillingar også, men det var få jødar i Skandinavia som såg seg mon i å kjempe for dette «kjøkkenspråket». Tvert imot ville det å løfte fram ein slik jødisk markør bryte med strategien som var djupt rotfest i dei jødiske innvandrarmiljøa, nemleg å søkje til ei framferd der ein i størst mogleg grad «gjekk i eitt med omgjevnadene» for å unngå negativ merksemd omkring alt jødisk. Det å ligge lågt i terrenget vart forstått som den beste taktikken for å unngå forfølging og forskjellsbehandling av den typen som eldre generasjonar fortalde om frå oppvekstmiljøet.
Også denne innstillinga må vi ta med som delforklaring på det raske skiftet frå jiddisk til norsk: Av dei jødiske markørane som kunne «tonast ned», var talespråk og personnamn heilt sentrale, og utover i mellomkrigstida fornorska mange jødar namna sine og lét stadig sjeldnare mame-loshn komme utfor daglegstova.

Da andre verdskrigen braut ut, hadde jiddisk så å seie gått under jorda i Noreg. Ein god del av minoritetsgruppa hadde framleis solid kompetanse i språket, men ettersom berre norsk vart rekna som gangbart i deltakinga i storsamfunnet, gjekk det stadig dårlegare med overleveringa av jiddisk til dei yngste generasjonane. Massemorda under krigen rydda på forferdeleg vis bort mange av dei stødigaste brukarane av jiddisk, og dermed vart ei vidare tradering bortimot umogleg. Ein språkkompetanse kan ikkje slettast over natta, og heilt opp til våre dagar har det funnest Holocaust-overlevarar med omfattande kunnskapar i jiddisk. Men for mange var dei traumatiske hendingane frå krigen ei grunngjeving for ein enda meir stillfarande profil. Jødiske særdrag måtte dekkast til, og dermed vart det jiddiske språket lagt fullstendig på hylla. Det var ikkje rom for å halde eit heilt språk i hevd, var omkvedet mellom mange etter krigen.
Ein kompleks samverknad mellom eit ytre press frå majoriteten og eit indre tildriv innetter i minoriteten resulterte over tid i at jiddisk vart bortimot utradert i Noreg. Storsamfunnet forventa tilpassing til ein felleskultur med norsk språk i sentrum, og mange innanfor den jødiske gruppa såg på morsmålet som noko gammaldags og avleggs som ikkje passa i ei moderne verd, og som heller ikkje var strengt naudsynt for å halde på ein identitet som jødisk.
Da statens politikk overfor nasjonale minoritetsgrupper vart drøfta på slutten av 1990-talet, fekk dei norske jødane status som nasjonal minoritet, og styresmaktene forplikta seg med det til å arbeide for at denne gruppa kan bevare sin religion og kultur. Men dei fekk ikkje eit eige språkvern. Ei utgreiing slo fast at jiddisk berre vart forstått «av nokre få eldre personar i Noreg», og at det derfor ikkje kunne reknast som eit levande minoritetsspråk på linje med kvensk, romani og romanes.
Vil du vite meir?
Jeffrey Shandlers Yiddish. Biography of a Language (2020) er ein lettfatteleg presentasjon av historia til jiddisk.
Paul Kriwaczeks Yiddish Civilisation. The Rise and Fall of a Forgotten Nation (2005) er ei fascinerande framstilling av den jiddiske kulturen meir generelt.
Desse to artiklane fortel meir om utforskinga av språkhistoria til den jødiske minoriteten i Noreg: «‘Norsk er nu det eneste sprog vi virkelig kan’ – om språklig praksis i jødiske miljøer i Norge 1880–1940» (2022) og «Jødetysk, jargon, jiddisk: Et språknavns historie i lys av språkskapingsprosesser på norsk grunn» (2022).
