Dialektskriving og tilpassing av talespråk – Språk og identitet

 

DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET OG TEKSTANE

A-1: Introduserande spørsmål

Diskuter desse spørsmåla i klassa eller i mindre grupper

  1. Har du mange i din omgangskrins som skriv dialekt på Facebook eller i andre sosiale kanalar (Instagram, tik tok, sms, messenger ol.)?
  2. Snakkar du alltid likt, eller kan du sjå for deg ulike situasjonar der du snakkar ulikt?

DEL B: LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTANE 

B-1: Les artiklane

«Dialekt på busstur» og «Snakkar vi ulikt i ulike situasjonar»

B-2: Spørsmål til «Dialekt på busstur»

1.  Kva handlar dette innlegget om?

2.  Forfattaren av innlegget skriv at språkforskaren Preston meiner at «den som skriv på dialekt står fram som lite høfleg, lite utdanna, gamalmodig og kriminell». Er du einig i denne påstanden? Kvifor? Kvifor ikkje?

3.  Kva er augedialekt?

4.  Kva er talemålsvedtaket?

B-3: Spørsmål til «Snakkar vi ulikt i ulike situasjonar»

1.  Kva handlar dette innlegget om?

2.  Korleis kan nettverket til ein person verke inn på korleis han eller ho snakkar?

3.  Kva for ein faktor ser ut til å ha størst innverknad på språkleg tilpassing?

4.  Kva vil det seie at ein har eit språkleg register?

DEL C: FORDJUPING OG UTFORSKING AV TEMAET

C- 1: Refleksjonsoppgåver

1.  Begge desse innlegga tek i vid forstand for seg identitet knytt til språk. Diskuter korleis vi kan bruke dialekta vår, anten skriftleg eller munnleg for å vise andre kven vi ynskjer å vere?

2.  Kvifor trur de folk vel å skrive på dialekt?

3.  Nokon uttrykker frykt for at dialektane kjem til å døy ut. Ville det vore eit problem for dykk om det skjedde?

4.  Reflekter: heng svaret ditt i oppgåve 3 saman med korleis du bruker dialekta di for å vise kven du ynskjer å vere?

5.  Kvifor trur de vi tilpassar vi språket vårt til ulike situasjonar?

C-2: “Prøv deg som forskar” – klasseoppgåve

Leik språkforskarar sjølv og intervju folk de kjenner. Bruk dei same spørsmåla kvar gong, og still spørsmåla til fleire personar, slik at de kan sjå etterpå om det finst visse svar som går igjen. De kan bruke spørsmåla som er føreslått nedanfor, eller lage nye i fellesskap i klassa.

  1. Har du mange i din omgangskrins som skriv dialekt i sosiale kanalar?
  2. Skriv du på dialekt i nokon sosiale kanalar?
  3. Kvifor eller kvifor ikkje?
  4. Snakkar du ulikt i ulike situasjonar?
  5. Kvifor eller kvifor ikkje?
  6. Vil du seie at dialekta di heng saman med identiteten din?
  7. Kvifor eller kvifor ikkje?