Språk og kjønn

 

Del A: Introduksjon til temaet og teksten

A-1: Introduserande spørsmål

  1. Kva er pronomen, og kva brukar vi pronomen til?
  2. Kor mange undertypar av pronomen finst det i norsk?
  3. Kan du nemna nokre pronomen i norsk og i andre språk som du kan?

A-2: Finn personlege pronomen

Kva er dei personlege pronomena i 

a. bokmål 

b. nynorsk

c. dialekten din

d. eventuelt andre dialektar du kjenner til (snakka av foreldre, besteforeldre, venner osv.)

e. norrønt

f. samisk

g. engelsk

h. andre språk du kjenner til (tysk, fransk, spansk …) 

Del B: Lesing av Språkprat-innlegg og oppgåver til tekstane

B-1: Lesing av Språkprat-innlegg og andre tekstar

Les Språkprat-tekstane Hen, men også they, zie, xe og ey – kjønnsnøytrale pronomen i norsk, svensk og engelsk og Det grammatiske hen – et kjønnsnøytralt pronomenDesse tekstane er skrivne før norske ordbøker tok inn det kjønnsnøytrale pronomenet hen i 2022. 

Les deretter om innføringa av hen i Språkprat-teksten Hen – vårt korte og kontroversielle kjønnsnøytrale pronomen og i denne NRK-teksten og i denne teksten frå Språkrådet 

I tillegg skal du slå opp hen i ordboka.

TEMA: ENDRING AV STATLEGE YRKESTITLAR M.M.

Les desse nrk-sakene: Malin har tittelen «styrmann»: – Det er det minste problemet på sjøen og Kjønnsmarkerte titler forsvinner – jordmor består

OPPGÅVER TIL TEKSTANE I DEL B

Oppgåve B-1: Hen

Forklar uttrykkene

a. Kjønnsnøytralt pronomen

b. Kjønnet pronomen

c. Kasus 

d. Objektsform

e. Eiendomsform

f. Kontroversiell 

g. Konservativ

Oppgåve B-2: Svar på følgjande spørsmål (individuelt eller i grupper)

a. Kva tyding(ar) har dei kjønnsnøytrale pronomena hen på norsk og svensk, og they, zie, xe og ey på engelsk? Forklar og lag eksempelsetningar som viser dei ulike tydingane.

b. Kva (om nokon) språklege alternativ har vi til å bruka kjønnsnøytrale pronomen i desse tydingane? Forklar og vis ved å (prøva å) skriva om setningane du laga i førre spørsmål der du erstattar dei kjønnsnøytrale pronomena med andre språklege uttrykk.

c. Kva grunnar oppgav det norske språkrådet til kvifor dei var skeptiske til å innføra pronomenet hen i norsk? Og kva rådde dei språkbrukarane til å gjera i staden for å bruka hen? Kva tyding av hen var Språkrådet likevel positive til? Kvifor blei hen innført i norske ordbøker med begge tydingane?

d. Kvifor meiner Maria-Rosa Doublet vi treng pronomenet hen i norsk? Er du enig i denne påstanden? Kvifor/kvifor ikkje?

Oppgåve B-3: Yrkestitlar m.m.

Forklar uttrykkene

a. Kjønnsnøytral yrkestittel

b. Kjønnsbasert yrkestittel

c. Gjerningsperson

d. Det allmenne ordforrådet

Svar på følgjande spørsmål 

e. Kvifor er Abid Raja glad for at yrkestitlar i staten no skal vera kjønnsnøytrale? Er du glad for det? Kvifor/Kvifor ikkje?

f. Kva seier Språkrådet ved Daniel Ims om slike endringar – meiner han dei speler ei rolle eller ikkje? Er du einig med han? Kvifor/Kvifor ikkje?

g. Kvifor vil Malin F. Storøy halda fram med å kallast / kalla seg styrmann?

h. Er Malin nøydd til å slutta med å kalla seg styrmann no? Kvifor/Kvifor ikkje?

DEL DFORDJUPING OG UTFORSKING AV TEMAET (OPPGÅVEBANK)

Oppgåve D-1:

Diskusjonsoppgåver 

a. I 2022 vart hen innført i norske ordbøker med alle dei tydingsvariantane som er omtalte i dei to Språkprat-tekstane. Betyr det at ein no MÅ eller i det minste BØR bruka dette pronomenet i alle desse tydingsvariantane, anten ein vil eller ikkje?

b. Fyll ut dei tomme felta i vedlegg 1 med eigne forslag til erstatningstitlar og i vedlegg 2 med nye vedtekne titlar.

Vedlegg 1:

Vedlegg 2:

Eit argument som vert trekt fram av ein del menneske som er imot endring av titlar og ord som inneheld ordet mann, er at ordet mann i tillegg til den kjønna tydinga ‘vaksen person av hankjønn’ òg kan tyda ‘menneske’, sjå ordboka

Denne «menneske generelt-tydinga» av ordet mann er like gamal som ordet sjølv, og vi finn same fleirtydigheita i engelsk, sjå dictionary.  

Språkvitaren Helene Uri skriv i boka Hvem sa hva? (2018: 204) at ordet menneske (som er avleidd av mann) dukka opp frå 1000-1100-talet som ein konkurrent til den kjønnsnøytrale tydinga til mann, og at mann mista si kjønnsnøytrale tyding rundt 1500-talet, då ordet folk overtok.

Likevel har altså språket bevart ein del spor av denne forelda kjønnsnøytrale tydinga, og norske ordbøker har framleis denne tydinga lista i oppslaget til ordet mann.

Oppgåve D-2:

Drøft følgjande spørsmål:

a. Er språkhistorie og tradisjon/konvensjon eit gyldig argument for å ikkje endra namnet på yrkestitlar og ev. andre ord som no blir rekna av mange som problematiske, som f.eks. «n-ordet»? Kvifor/Kvifor ikkje?

b. Kven bestemmer (og kven bør bestemma) over språket – Språkrådet/styresmaktene eller språkbrukarane? 

c. Kan ein tvinga folk til å slutta å bruka visse ord, og å begynna å bruka andre ord i staden for?

d. Trur du det har noko å seia for likestillinga i samfunnet generelt at Språkrådet/styresmaktene gjer offisielle vedtak om å gjera språket meir kjønnsnøytralt?

e. Trur du at overgangen til kjønnsnøytrale yrkestitlar noko å seia for yrkesvalet til ungdom generelt / deg sjølv spesielt?

f. Trur du at innføringa av hen i tydingsvariant 2 (og ev. andre variantar som f.eks. dei) har noko å seia for synet på personar som definerer seg som ikkje-binære? Kvifor/Kvifor ikkje?

g. Trur du at innføringa av hen i tydingsvariant 2 (og ev. andre variantar som f.eks. dei) har noko å seia for korleis personar som definerer seg som ikkje-binære, har det? Kvifor/Kvifor ikkje?

Oppgåve D-3:

«Prøv deg som forsker» – utfør ei spørjeundersøking blant f.eks. familie (foreldre, sysken, besteforeldre)/venner/elevar på andre linjer. Still f.eks. følgjande spørsmål: 

a. Kjenner dei til pronomenet hen, har dei brukt / vil dei bruka det sjølve? Og i så fall: kva tydingsvariant(ar) av hen er aktuelle for dei å bruka?

b. Kjenner dei til nye versus gamle yrkestitlar og ev. andre kjønnsnøytrale erstatningar for kjønna ord/uttrykk? Kva synest dei om dette?

c. Finn du at det er forskjellar mellom generasjonane når det gjeld kva dei svarer på spørsmåla?