I denne språkpraten skal me sjå nærare på kva setningsledd er, og kva som er samanhengen mellom setningsledd og bruk av komma.
Av Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen
I kroppen vår har me mange ledd. Ledda bind saman to knoklar og gjer at me kan røra på oss. Skulderledd, olbogeledd og kneledd er døme på ledd som kan bevegast i kroppen vår, og som gjer at me kan utføra ulike fysiske handlingar. Ledda bør vera mjuke og smidige og ikkje knirka for mykje.

Språket vårt er også som ein slags kropp og er oppbygd av ulike ledd. Ei fullverdig setning på norsk er sett saman av setningsledd. Kravet til ei fullverdig setning, altså ei setning som kan stå aleine med punktum bak, er at ho inneheld eit verbal. Det er mogeleg å skriva berre «Kom», «Reis» eller «Køyr», men i desse tilfella oppfattar me det som ei sterk oppfordring eller nærast som ein ordre og har brukt det som blir kalla imperativforma av verbet, og då treng me ingen andre setningsledd.
Det vanlegaste når me skal laga ei setning, er likevel at me bruker ei bøygd form av verbet, ofte notidsforma (presens), som kjem, reiser eller køyrer, eller fortidsforma (preteritum) som kom, reiste eller køyrde. Då treng me eit setningsledd til for at setninga skal bli fullverdig.

Det andre setningsleddet som då må vera med, er eit subjektsledd. Det fortel som oftast om kven som utfører det verbalet uttrykkjer.
I motsetnad til verbalet, som berre kan hentast frå ordklassen verb, kan subjektsleddet henta ord frå ulike ordklassar. Det vanlegaste er å henta ord frå substantiva. Me kan til dømes seia: «Per kjem/kom», «Lise reiser/reiste» eller «Familien køyrer/køyrde». Me kan samtidig også henta inn ord frå ordklassen pronomen og få: «Han kjem/kom», «Ho reiser/reiste» eller «Dei køyrer/køyrde».
Men subjektet treng ikkje berre vera eitt ord. Det kan vera ei heil leddsetning. Akkurat som med kroppen vår, der for eksempel kneleddet ikkje kan fungera aleine, er ei leddsetning eit usjølvstendig ledd og kan ikkje stå aleine med punktum etter seg. Eit døme har vi i denne heilsetninga, der leddsetninga er kursivert: «Ho som du ser der borte, går i klassen min.» Subjektsleddet i den fullverdige setninga er «ho», pluss «som du ser der borte». Denne relativsetninga (setningar som vert innleia av som) fungerer som ei utdjuping eller eit tillegg som fortel meir om «ho». Viss me vil strippa denne setninga og gjera ho så kort som råd, kan me stå att med «Ho går». Men me ser at viss me berre skal laga så snaue setningar, får me fram veldig lite informasjon. Det er som om me kler på setninga når me utvidar setningsleddet ved å leggja til meir informasjon, eller ein kan leggja til nye ledd i setninga.

For å testa kva som høyrer saman som eit setningsledd, kan me flytta på orda i ei setning. Viss orda må henga saman for å gje meining, kan me vera nokså sikre på at dei høyrer til det same setningsleddet. I dømet vårt ser me då at «ho som du ser der borte», er eitt ledd, «går» er eit anna og «i klassen min» eit tredje setningsledd. Dermed har me desse tre setningsalternativa:
«Ho som du ser der borte, går i klassen min.»
«I klassen min går ho som du ser der borte.»
«Går ho som du ser der borte, i klassen min?»
Det leddet me set fremst i setninga, kallar me setningsspissen, og det får ofte ein framheva posisjon ved å stå nettopp fremst. I det første dømet dreiar innhaldet seg om å framheva «ho». I det andre dømet er det viktig å få fram at «ho» går «i klassen min», og i det tredje dømet vert heile setninga rett og slett gjort om til ei spørjesetning når me startar med verbalet.
Men kva har alt dette med komma å gjera? Me ser her at leddsetninga «som du ser der borte» berre får komma etter seg når ho står langt framme eller midt i setninga og ikkje når denne leddsetninga står som det siste leddet i setninga, for då set me heller punktum.

Det er ein rettskrivingsregel som seier at leddsetningar som står først i ei fullverdig setning, skal ha komma etter seg. Og for å kunna avgjera dette må me rett og slett vera i stand til å avdekka kva som er ei leddsetning. Det er mange ord som kan hjelpa oss med å avdekka at det er ei leddsetning. Det enklaste er rett og slett å sjå etter ord som ofte innleier leddsetningar.
Subjunksjonar er døme på ein ordklasse som innleier leddsetningar. Her har me til dømes: at, viss, mens, medan, idet, fordi, sjølv om, dersom og som:
«Viss du meiner alvor, gjer du det straks.»
«Dersom du slår meg i kort, blir eg lei meg.»
«At det er sant, er det ingen tvil om.»
«Som det står i kontrakten, eig eg alt saman»
Leddsetningar kan også starta med ord frå ordklassen adverb, for eksempel når eller då, og får då ein funksjon som adverbial i setninga. Eit adverbial fortel ofte om tida, måten eller omstenda noko vert gjort på:
«Når eg blir vaksen, skal eg byggja mitt eige hus.»
«Då han reiste, vart eg lei meg.»
Spørjeorda korleis, kvifor og kvar høyrer også til ordklassen adverb og kan innleia leddsetningar når dei fungerer som indirekte spørjesetningar:
«Korleis du gjer det, er opp til deg.»
«Kvifor det blei bråk, forstår eg ikkje.»
«Kvar han er no, er uklart.»
Leddsetningane kan også stå midt inni ei setning. Når dei er innskotne som eit valfritt tillegg i den overordna setninga, markerer me det med komma både før og etter leddsetninga:
«Boka, som eg las i går, var skikkeleg keisam.»
På same måten som kroppen vår er bygd opp av ulike ledd for å henga saman, er altså språket vårt bygd opp av ulike setningsledd. Viss leddsetninga kjem først eller er innskoten i den fullverdige setninga, skal det setjast eit komma etter. Me høyrer gjerne kvar leddet sluttar, for det er naturleg å ta ein liten pause der det skal vera komma, også når me les setninga. Er me usikre på kva som er eit setningsledd, kan me prøva å flytta på orda i setninga for å sjå kva ord som må høyra saman i leddet. Viss du no har sete og ledd av dette innlegget, er det sikkert fordi du alt har god kontroll på alle ledda.

Vil du vita meir?
Grammatikkar tek opp i seg definisjonar på setningar og setningsledd og kommareglar. Den mest fullstendige grammatikkboka er Norsk referansegrammatikk frå 2001 av Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo. Men også ulike digitale kjelder er fine å slå opp i, og her kjem fleire døme på aktuelle digitale kjelder:
Språkrådet er det offisielle statlege forvaltingsorganet i Noreg når det gjeld språkspørsmål. Dei arbeider med å følgja opp det departementet (Kultur- og likestillingsdepartementet) har vedteke om den norske språkpolitikken. Språkrådet har ei eiga side om kommareglar: Kommaregler – Språkrådet (sprakradet.no)
I Store Norske Leksikon er det fagpersonar som skriv artiklar om ulike fenomen. Her kan du såleis finna definisjonar på kva ein fagleg definisjon på kva ei leddsetning er: Hagemann, Kristin. 2024. leddsetning – grammatikk – Store norske leksikon (snl.no)
Globalskolen hadde i mange år ei nettside dei kalla “Norsksidene” som var laga i samarbeid med Høgskulen i Volda og Språkrådet. Sidene vart oppdaterte fram til 2022, men fakta om leddsetningar, gjeld framleis: Globalskolen. 2022. Leddsetninger (norsksidene.no)
