Diskusjonen om tomaten er frukt, bær eller grønnsak dukker opp med jevne mellomrom, men hvorfor har vi denne diskusjonen så ofte? I denne språkpraten skal vi se på hvordan ting klassifiseres, og hvorfor og hvordan ting defineres forskjellig i ulike sammenhenger. Ikke minst skal vi finne ut om tomaten er frukt, bær eller grønnsak.

Av Klara Sjo, universitetslektor ved Norges Handelshøyskole

Når folk seier at ein ikkje må kaste barnet ut med badevatnet, handlar det om at ein ikkje må bli så overivrig når ein kvittar seg med noko som er uønskt eller har liten verdi, at ein òg vrakar det som er av verdi. Dette innlegget tek føre seg om det finst ein bokstavleg bruk av dette uttrykket, og kva det betyr når somme skriv at ein bokstavleg talt ikkje må kaste barnet ut med badevatnet.

Av Margunn Rauset, stipendiat i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen

Har du nokon gong hatt lyst på ein jordbæris i Sverige eller bringebærsyltetøy i Danmark? Det kan visa seg å vera meir utfordrande enn forventa, for det er svært få bær som blir kalla det same i heile Skandinavia. Då hamnar ein fort på bærtur – metaforisk sett, sjølvsagt. Men korfor er der så stor forskjell mellom dei skandinaviske språka når det gjeld ord for bær, og kva tyder orda opphavleg?

Av Krister SK Vasshus, doktorgradsstipendiat med tilknyting til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen

Kva ordklasse høyrer forkortingar som «lol» til i? Og kva ordklasse høyrer emojiane til i? Er dei interjeksjonar? Desse spørsmåla kom frå ei gruppe grunnskulelærarstudentar då eg underviste dei i morfologi i vinter. Saman med studentane gjekk eg gjennom nokre ordklassar og kjenneteikna deira og såg deretter på ulike måtar å skilja mellom dei. Inneheld ordklassen ord med eller utan bøying? Kjem det til nye ord i ordklassen, eller har han eit fast inventar av ord? Stoffet fanga studentane, og dei kom med gode spørsmål og nye idear. Spørsmåla ovanfor gjorde meg riktig nyfiken, og eg skal her prøva å gje nokre svar på dei.

Av Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen

Dagane mellom jol og nyttår er som ei verd for seg. Tida står stille, ein kjem av dagetalet, alt maset er over, roa og refleksjonane styrer, og ettertankane tek over. Bøkene som aldri vart lesne ferdig, kjem fram att. Den gode maten bognar på fat og i skåler. Dette blogginnlegget kåserer over jola og dagane mellom jol og nyttår og om kva nemningar ein har nytta om desse tidene.

Av Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen

Har du nokon gong hørt om skosnø, knesnø og merragrynning? Korleis forklarte folk kor djup snøen var før dei fekk centimetermål? Her kan du utvide ordforrådet ditt: Bli kjend med nokre folkelege norske snømål som er sprunge ut frå praktiske behov og gjerne med referanse til kroppen!

Av Tor Erik Jenstad, redaktør på prosjektet NAOB (Det Norske Akademis Store Ordbok) og forskar på prosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible)