Falske venner

 

DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET OG TEKSTEN

A-1: Introduserande spørsmål 

a) Kva språk kan du? Kor mykje synest du at ulike språk du kan, liknar på kvarandre? Kan du koma på ord på norsk som er like på andre språk du kan?

b) Kva språk er norsk påverka av? Og motsett, kva språk har norsk påverka i løpet av historia? Kjenner du til ord på norsk som kjem frå engelsk? Og ord på engelsk som kjem frå norsk? 

c) Kjenner du til uttrykket «falske vener» brukt om språk? Kjenner du til ord som liknar på ulike språk, men som har ulik tyding? Ta gjerne utgangspunkt i bileta under: 

DEL B:  LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTEN 

Les teksten «Kan falske venner bli venner?»

B-1: Spørsmål til teksten 

a) Kva betyr «falske venner» når det gjeld språk?

b) Kan du gi nokre døme på ord der norsk og engelsk har påverka kvarandre? 

c) Kva påverknad har tysk språk hatt på norsk? 

d) Kor stor del av norske ord har nedertysk opphav?

e) Kva har norsk og polsk til felles av vokabular?

f) Teksten viser mange døme på falske vener mellom norsk og engelsk, tysk og polsk. Kva betyr desse orda (henta frå teksten) på norsk? 

novel, eventual, paragraph, map, rasieren, werden, beklagen, Betrag, morela, renowacja og grawer?

B-2: Forklar uttrykka 

a) vokabular

b) språkleg slektskap

c) lånord

d) kvardagsspråk

e) abstrakte ord

f) språkleg overføring

B-3: Diskusjonsoppgåver

a) Kjenner du til andre døme på falske vener mellom norsk og andre språk enn dei som er nemnd i artikkelen?

b) Kvifor kan det vera viktig å læra seg falske vener mellom norsk og andre språk?

c)  Har du sjølv opplevd å ha samtalar der du brukte eit ord på eit anna språk som ikkje betydde det du trudde? Kva skjedde i så fall med samtalen?

DEL C: FORDJUPING OG UTFORSKING AV TEMAET

C-1: Falske vener i skandinaviske språk

Teksten du har lese, handlar om ord i engelsk, tysk og polsk. Det er også mange «falske vener» i dei skandinaviske språka, og i dei to tabellane under ser du døme på ord på svensk og dansk som liknar på norske ord, men som har ulik tyding frå dei norske. Kor mange av orda kan du tydinga av? Bruk ordbok eller søk på nettet og finn tydinga av dei orda du ikkje kjenner. Fyll ut den norske tydinga av dei svenske og danske orda til høgre i tabellane under (sjå dømet):

a. Falske vener mellom norsk og svensk

Norsk ordSvensk ordNorsk tyding av svensk ord
Døme: glasglassiskrem
lovlov 
kunstigkonstig 
rarrar 
semestersemester 
tulltull 
rolegrolig 

b. Falske vener mellom norsk og dansk: 

Norsk ordDansk ordNorsk tyding av dansk ord
Døme: flinkflinkhyggeleg
frukostfrokost 
raskrask 
grinegrine 
 
friskfrisk 
sværtsvært 

C-2: Falske vener mellom norsk og engelsk 

Sjå på lista over falske vener mellom norsk og engelsk i språkpraten «Kan falske venner bli venner?». Vel deg fem ord på engelsk som ikkje tyder det same som det norske ordet som liknar. Lag setningar med kvart av dei fem orda  engelskder du bevisst bruker orda feil. Sjå dømet.

Døme: He attended a spider camp last summer. = Han deltok på ein edderkoppleir førre sommar. (Her skulle det ha stått scout camp, som betyr speidarleir). 

1. ____________________________________________________________________________

2. ____________________________________________________________________________

3. ____________________________________________________________________________

4. ____________________________________________________________________________

5. ____________________________________________________________________________

C-3: Lag ei spørjeundersøking om falske vener

Lag ei liste med 10 ord frå engelsk som liknar på norske ord, men har ei anna tyding. Du kan gjerne finna fleire døme enn dei frå artikkelen, til dømes her: Liste over falske venner – Wikipedia.

No skal du laga ei lita spørjeundersøking for medelevane dine. Til kvart ord på engelsk lagar du tre svarmoglegheiter på norsk, der berre eitt ord er riktig, eitt er ein «falsk ven» og det siste ordet er noko heilt anna. Du kan så laga eit spørjeskjema (enten på papir eller digitalt) der medelevane dine skal kryssa av for riktig svar på dei ulike orda. Kor mange klarer dei? Lag ei oversikt over riktige og feil svar, og presenter dei for klassen.