Temaet for dette undervisningsopplegget er setningsstruktur, dvs. at de skal bli meir medvitne om korleis setningane me lagar, er bygde opp. Det er bra om de på førehand har litt kjennskap til korleis me kan laga enkle setningar på norsk, og at det finst ulike setningsledd som kan stå på ulike stader i ei setning. Når me får betre kontroll over dei ledda som setningane er bygde opp av, er det også lettare å forstå når ein skal setja komma i setningar. Sentrale spørsmål som de skal få svar på etter å ha arbeidd med dette opplegget, er: Kva setningsledd må ein ha for å laga setningar på norsk? Kva er ei leddsetning? Kvar skal kommaet stå?
I dette undervisningsopplegget skal du først finna ut kva du kan ved å samanlikna språk du kjenner før du les ein tekst der du kan læra meir om setningsledd. Etterpå kan du på nytt sjekka kva du kan ved å svara på spørsmål til teksten du har lese. Vidare blir du utfordra på nokre fagtermar før du får høve til å utforska kunnskapane dine i ein liten gruppekonkurranse. Til slutt får du ei oppgåve der du kan jobba litt friare og vera den som utfordrar ved å laga oppgåver, og som medelevane dine kan løysa om dette temaet.
Er du lærar og ønskjer meir informasjon, løysingsframlegg og vurderingsoppgåver, finn du dei på lærarsida til «Språkprat til skolen». Lærarsidene er passordbeskytta, og du kan få passordet ved å skrive til post@sprakprat.no
DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET OG TEKSTEN
A-1: Evna til imitasjon
Skriv ca. tre setningar om kva du har gjort tidlegare i dag. Skriv setningane først på tilnærma dialekt, deretter på bokmål og nynorsk.
- Kva skilnader legg du merke til?
- Korleis vil du forklara skilnadene?
- Er det nokon ordklassar du måtte ha med i alle setningane? (I tilfelle kvifor trur du det er sånn?)
- Kva tenkjer du på når du høyrer ordet “setningsledd”? (Kva oppgåve trur du setningsledda har i ei setning?)
DEL B: LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTEN
Les Språkpraten “Ledd, setningar og kommareglar – kva er samanhengen?” av Ragnhild Lie Anderson her før de skal prøve å svara på spørsmåla og forklara omgrepa nedanfor. Viss de treng litt meir repetisjon om setningsledd før de går laus på oppgåvene, kan de for eksempel lesa dykk litt opp via sidene til Norsksidene til Globalskolen om dette temaet.
B-1: Spørsmål til teksten
1) Kva kan eit ledd vera?
2) Kva er eit setningsledd?
3) Kva reknar ein som eit obligatorisk setningsledd i norsk?
4) Kva andre setningsledd pleier å vera med for at det skal bli ei fullverdig setning?
5) Kva må ein sjekka når det kjem ei leddsetning først i heilsetninga?
B-2: Forklar uttrykka og kom med døme
- Setningsspiss
- Spørjeord
- Leddsetning
- Subjunksjon
DEL C: UTFORSKING OG REFLEKSJON RUNDT TEMAET
C-1: Gruppekonkurranse om leddsetningar
Den på gruppa som har bursdag sist i året, les opp kvar av setningane nedanfor to gonger i roleg tempo. Dei andre på gruppa lyttar intenst. Første gongen berre lyttar dei. Den andre gongen skal éin på gruppa til dømes leggja seg ned på golvet kvar gong dei høyrer ei leddsetning, og gjera ein situp kvar gong dei meiner det skal vera eit komma i setninga. Dei får eitt poeng for å identifisera kvar leddsetning, eitt poeng for situpen og eitt for å plassera komma på rett stad. (Andre alternativ er at elevane i staden for sit up gjer andre ting, som til dømes set seg i nitti graden, klappar eller slår handflata på skrå i bordplata for kvart komma.)
- Mannen som skulle stella heime var ein knakande kjekk kar.
- Når eg vert stor skal eg gjera alt eg har lyst til.
- I morgon skal eg byrja eit nytt og betre liv dersom eg får litt meir smågodt i dag.
- Eg er elev på vidaregåande skule på dagtid og eg driv med idrett på fritida.
- Dersom du vil krangla kan du melda deg inn i eit politisk parti.
- Det er ikkje sant at alle andre får lov til å gjera som dei vil sjølv om dei skryter av det.
- Har du høyrt om han som ikkje ville gjera lekser på ein fredag?
- Det at mange ikkje ryddar etter seg i kantina må ikkje gå utover dei som gjer det.
- Viss du et poteter og fisk held du deg då ung og frisk?
- Det er mange fiskar i havet.
- Då eg var fire år lærte eg å sykla.
- Ho som du ser der borte har gått i klassen min på barneskulen.
- Om kvelden når det mørknar kjem gjerne hjorten til syne.
- Om nokon hadde sett meg no hadde dei trudd eg var heilt sprø.
- Etter at eg fylte år vart eg ein myndig person.
C-2: Gruppekonkurranse om leddsetningar
Skriv ned minst fem setningar der du sjølv legg inn leddsetningar, men ikkje set inn teiknsetting. Byt deretter tekst med læringspartnaren din og set inn komma og andre skiljeteikn på rett stad i teksten.
Språkprat til skolen er utvikla av ei arbeidsgruppe som består av både forskarar og lærarar. Les meir om Språkprat til skolen og kven som står bak nettressursen, på sida Om Språkprat til skolen.
