Emojis – kjenneteikn, bruksområde og plassering i ordklasse

Kjelde: Designed by Freepik

 

DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET OG TEKSTANE

A-1: Introduserande spørsmål

  1. Kva er emojis?
  2. Bruker de sjølve emojis? Gi i så fall nokre døme.
  3. Kva tid bruker de emojis (om de bruker det)? 
  4. Kva tenkjer de er grunnen til at folk bruker emojis?
  5. Er det viktig å vite kva emojis tyder?

A-2: Ordbøying

Korleis bøyer ein ordet emoji på norsk? Skriv ned bøyinga av ordet på både bokmål og nynorsk ut frå korleis de trur ein bøyer ordet.

Sjekk etterpå med Bokmåls- og Nynorskordboka.

A-3: Praktisk aktivitet i klasserommet

Grupper: Arbeid i grupper med det vedlagde emoji-skjemaet og kom fram til forklåringar på kva emojiane tyder. Skriv dette inn i dykkar eige skjema.

Klassen: Samanlikn i klassen kva gruppene har kome fram til. Har gruppene kome fram til det same, eller er det skilnader i svara?

A-4: Klasseromsdiskusjon

Er emojiar ord? Prøv å finne argument både for og mot dette.

DEL B: LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTEN

Les Språkprat-innlegget «Ordklasser og gamle damer» (2017) av Ingvil Brügger Budal.

B-1: Spørsmål til teksten

Svar på desse oppgåvene med hjelp av Språkprat-innlegget og andre supplerande kjelder:

  1. Kva meiner ein med emojiar?
  2. Kva meiner ein med forkortingar?
  3. Kva meiner ein med språkleg økonomisering, og kva er koplinga til omgrepa ovanfor?
  4. Kva kjenneteiknar ordklassen interjeksjonar?
  5. Kva slags argument brukar Ingvil Brügger Budal for at emojiar og forkortingar er interjeksjonar? Kva taler imot?

B-2: Forklar uttrykka:

  1. morfologi
  2. ordklasse 
  3. interjeksjonar
  4. verb
  5. alfabetisk skriftsystem
  6. akronym
  7. ideogram
  8. modus
  9. latinsk skrift
  10. symbolspråk

DEL C: FORDJUPING OG UTFORSKING AV TEMAET

C-1: Lesing av supplerande tekst

Les teksten: «– Emojis er språkets kjønnssykdom», som vart publisert på NRK Kultur og underholdning 11.02.17, og svar på desse oppgåvene:

  1. Kva er emotikons, og kva er koplinga til emojis?
  2. Guri Idsø Viken, som er omtalt i teksten, kallar emojis for «språkets kjønnssjukdom»? Kva meiner ho med dette uttrykket, og kva slags verkemiddel bruker ho her?
  3. I teksten kjem det fram argument for å bruke emojis. Kva går argumentet/argumenta ut på? Har de nokre fleire argument for å bruke emojis?
  4. I teksten kjem det også fram argument mot å bruke emojis. Kva går argumentet/argumenta ut på? Har de nokre fleire argument mot å bruke emojis?
  5. Kva er ditt/dykkar syn på emojis: Vil de seie at det er mest positivt eller negativt å bruke emojis?

C-2: Intervju

Individuelt: Intervju ein eller fleire midaldra familiemedlemmer (foreldre, tante, onkel osv.) eller andre de kjenner på 35–50 år + ein eller fleire eldre familiemedlemmer eller andre de kjenner på 60+ år om kva emojiane i emoji-skjemaet tyder. Skriv ned svara deira i skjemaet og samanlikn med dine eigne svar i ei tidlegare oppgåve.

Grupper: Gå gjennom svara dykkar i grupper. Har dei midaldra og dei eldre personane same tyding av emojiane som dykk sjølve, eller finn de nokre skilnader? Og er skilnadene kopla til alderen til personane?

Klassen: Diskuter i klassen dette: Har dei midaldra og dei eldre personane same tyding av emojiane som dykk sjølve, eller finn de nokre skilnader? Og er skilnadene kopla til alderen til personane?

C-3: Lag nye emojiar!

Arbeid individuelt, i par eller i grupper. Lag eit forslag til tre nye emojiar, og bestem kva emojiane tyder. Teikn opp emojane fysisk eller digitalt, og heng dei opp på veggen i klasserommet. La dei andre i klassen gjette på kva dei trur dei ulike emojiane tyder. Etterpå skal kvar gruppe oppgi svaret og argumentere for tydinga si.