Språk er eit stoff som ofte er vanskeleg å fange på ein måte som gjer det eigna for vitskapeleg gransking. Språkforskarar har derfor til alle tider leita etter verktøy som kan hjelpe dei i språkjakta. Teknologiske framsteg har òg ført med seg metodiske nyvinningar i lingvistikken, og særleg hendingsrik har denne utviklinga vore den siste generasjonen. I dette innlegget skal vi sjå eit døme på kva ny teknologi har gjort med kvardagen til språkforskarar.
Av Stian Hårstad, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU
