Dette hjartesukket høyrer vi ofte i framandspråksklasserommet. Det lette svaret er «fordi eg seier det», men veldig pedagogisk […]
Språkdidaktikk
Kva skjer når ein let lærarstudentar bryne seg på grammatikkoppgåver berre med utgangspunkt i sin eigen språklege intuisjon? Vi undersøkte!
Av Brita Ramsevik Riksem, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved fagseksjon for norsk, Institutt for lærarutdanning, NTNU Trondheim
Norskfaget er kanskje det viktigaste faget i skulen og har blitt kalla «alle fags mor». Faget er ein sentral møtestad for alle elevar frå det første året i grunnskolen til det siste året i vidaregåande; alle skal ha norsk uavhengig av bakgrunn, faginteresser og evner. Det store mangfaldet i norskklasserommet gir mange moglegheiter, men også utfordringar for læraren. I denne språkpraten er vi særleg interesserte i kva norsklæraren tenkjer om det språklege mangfaldet i klasserommet. Kva haldningar har norsklærarar til fleirspråklegheit og det å jobba ut frå ei fleirspråkleg tilnærming til undervisninga?
Av Aasne Vikøy, høgskulelektor i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet og Åsta Haukås, professor i framandspråksdidaktikk/tysk ved Universitetet i Bergen
Mykje av intensjonen med den nye læreplanen LK20 går på å gje elevane overføring av kunnskap frå eitt domene til eit anna. I denne språkpraten viser eg kor mykje læring det kan vera i å fordjupa seg i eit autentisk talemålsmateriale, og korleis elevane kan få ein smak av sosiolingvistisk forsking.
Av Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen
I dei nye læreplanane for grunnskulen og vidaregåande opplæring vert «Demokrati og medborgarskap» eitt av tre tverrfaglege tema. Som ein del av norskfaget sitt bidrag må sjangeren klasseromsdebatt brukast meir. I denne språkpraten skal eg, gjennom døme frå ein klasseromsdebatt frå 8. steget, sjå på kva potensial sjangeren har med tanke på å utvikle elevane sin munnlege og retoriske kompetanse.
Av Kjersti Maria Rongen Breivega, førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet
