I november 2015 vart det klart at Språksamlingane og ansvaret for desse skulle flyttast frå Universitetet i Oslo (UiO) til Universitetet i Bergen (UiB). Det var mykje ståhei og skriving rundt saka: Språkforskarane i Oslo gremma seg over at UiO ikkje tok ansvaret med å drive samlingane vidare, mens tilsette ved UiB og andre språkforskarar på Vestlandet jubla over å få Språksamlingane til Bergen. Men kva er Språksamlingane for noko? Og kva er det som er så interessant med ei slik samling?
Av Randi Neteland, førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet
