Språkhaldningar

Bidialektale språkbrukere har det til felles at de har tilegnet seg og bruker to eller flere norske dialekter. De kan for eksempel snakke forskjellig dialekt med faren og moren sin om disse snakker hver sin dialekt. Illustrasjon: Ida Torkildsen.

 

DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET OG TEKSTANE

A-1: Introduserande påstandar – “Aktivering av forkunnskapar og eigne haldningar i trafikklysaktivitet”

Alle i gruppa di skal ha ein raud, gul og ein grøn lapp. Trekk opp ein påstand og les han høgt på gruppa. No skal de argumentera for dykkar syn etter tur. De set i gang ved at alle på eit signal, som de vert samde om, legg fram ein av lappane på bordet framfor dykk. Legg du fram den grøne lappen, betyr det at du er samd i påstanden og difor skal argumentera for kvifor du er einig. Raud lapp betyr at du er usamd i påstanden og må grunngje kvifor du ikkje er einig. Den gule lappen betyr at du er både litt samd og litt usamd og må argumentera for begge standpunkta dine. 

Påstandar:

1) Eg heng meg aldri opp i måten folk snakkar på, men konsentrerer meg berre om kva dei seier.

2) Alle talemål er like fine å høyra på. 

3) Talemåla på øyane utanfor Bergen (strilemål) er ikkje så fine som bergensk.

4) Dei som snakkar oslomål, har eit talespråk som fungerer godt over heile landet.

5) Dersom ein person har eit talemål som me ikkje skjønar så godt, bør denne personen normalisera.

6) Ein som har eit lokalt talemål, bør endra talespråket sitt dersom hen flyttar til ein annan stad.

7) Det er greitt å ha lov til å snakka dialekt i alle samanhengar i Noreg (t.d. på talarstolen i kyrkja, på Stortinget, i nyhendeformidling på NRK og i klasserommet). 

8) Lærarane våre bør tilpassa talemålet sitt til oss elevar.

9) Ein person med utanlandsk aksent kan godt jobba som norsklærar.

10) Gamle folk snakkar ofte gamaldags. 

11) Eg vil aldri begynna å snakka slik som foreldra eller besteforeldra mine.

12) Ein person med utanlandsk aksent kan snakka perfekt norsk.

13) Eg synest det er greitt å tilpassa talemålet sitt etter kven ein pratar med.

14) Eg vil alltid snakka med det same talemålet som eg har no.

DEL B: LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTEN/TEKSTANE

B-1: Lesing av eit Språkprat-innlegg

No er det tid for fagleg påfyll. Først skal du no jobba individuelt og lesa ein av dei tre artiklane nedanfor: 

Kva seier ungdomar i Meland om strilemålet? (sprakprat.no) (2019, juni) av Ragnhild Lie Anderson

Kan lærarar snakka norsk med utanlandsk aksent? (sprakprat.no) (2018, juli) av Ragnhild Lie Anderson

Haldningar til bergensk, austlandsk og strilemål hjå ungdomar i Bergen (sprakprat.no) (2017, august) av Ragnhild Lie Anderson

B-2: Arbeid med Språkprat-innlegget ved hjelp av støtteark

Bruk det vedlagde støttearket når du les artikkelen. Les artikkelen så godt at du etterpå kan forklara sentrale fagomgrep og hovudpoenget i artikkelen for andre elevar etterpå. 

Støtteark til arbeid med artikkel:

DEL C: UTFORSKING OG REFLEKSJON RUNDT TEMAET

C-1: Diskusjon og argumentasjon etter kafémetoden

a) Alle dei elevane som har lese den same artikkelen, vert no samla på same gruppe. Talet på elevar i kvar gruppe kan liggja på 3 – 4 stk. Elevane tek no fram skjemaet dei har skrive på under lesinga. Dei snakkar og deler informasjon om og tankar rundt den samen artikkelen med kvarandre for å få ei auka forståing av temaet og utveksla synspunkt. 

b) Deretter vert elevar som har lese den same artikkelen, splitta. Elevane vert no sette saman i nye grupper slik at det i gruppa er minst éin elev som har lese den same artikkelen, men der alle dei tre artiklane er representerte. Etter tur skal elevane no formidla «sin» artikkel for dei andre på gruppa. Dei som lyttar, kan gjerne notera ned det dei høyrer på eit tomt støtteskjema. Eit sentralt tilleggspoeng med denne oppgåva er også å trena elevane til å bli trygge lyttarar og formidlarar for kvarandre i klassen. 

c) Elevane som sat saman i den siste gruppa, kan jobba vidare saman, eller om ein vil, kan ein no laga nye vilkårlege smågrupper i klassen. På nytt tek ein fram «trafikklyskorta» og dei same 12 påstandane som ein starta med. Elevane tek no ein ny runde med argumentasjon rundt desse. Dei skal også kunna seia om dei har endra syn og/eller argument frå den første gongen dei gjorde denne aktiviteten.