Norskfaget er kanskje det viktigaste faget i skulen og har blitt kalla «alle fags mor». Faget er ein sentral møtestad for alle elevar frå det første året i grunnskolen til det siste året i vidaregåande; alle skal ha norsk uavhengig av bakgrunn, faginteresser og evner. Det store mangfaldet i norskklasserommet gir mange moglegheiter, men også utfordringar for læraren. I denne språkpraten er vi særleg interesserte i kva norsklæraren tenkjer om det språklege mangfaldet i klasserommet. Kva haldningar har norsklærarar til fleirspråklegheit og det å jobba ut frå ei fleirspråkleg tilnærming til undervisninga?

Av Aasne Vikøy, høgskulelektor i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet og Åsta Haukås, professor i framandspråksdidaktikk/tysk ved Universitetet i Bergen