Norsk teiknspråk (NTS) – eit gestuelt-visuelt språk

Temaet for dette undervisningsopplegget er teiknspråk, som er gestuelt-visuelle språk. Hovudfokuset ligg på norsk teiknspråk (NST), det offisielle teiknspråket i Noreg. Undervegs i undervisningsopplegget skal ein også samanlikna med norsk talespråk, som er verbalspråk. Teiknspråk er altså ein annan type språk enn verbalspråk.

Undervisningsopplegget startar med introduserande oppgåver om teiknspråk generelt, før elevane skal lese eit Språkprat-innlegg om norsk teiknspråk og svare på spørsmål om dette. Undervisningsopplegget inneheld vidare ei rekkje ulike utforskings- og fordjupingsoppgåver. Det er ikkje meininga at ein skal jobbe med alle desse, verken som sjølvstudium eller i ein klasse, så her kan ein gjere eit utval.

Er du lærar og ønskjer meir informasjon, løysingsframlegg og vurderingsoppgåver, finn du dei på lærarsida til «Språkprat til skolen». Lærarsidene er passordbeskytta, og du kan få passordet ved å skrive til post@sprakprat.no

DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET OG TEKSTEN 

A-1: Introduserande spørsmål  

  1. Kva er spesielt med teiknspråk til skilnad frå talespråk? 
  1. Kva er skilnaden mellom teiknspråk og gestar som blir brukt saman med talespråk, som til dømes å nikke eller rista på hovudet, trekkje på skuldrane osv.? 
  1. Kan du uttrykkje noko på teiknspråk? 
  1. Kjenner du nokon som brukar/kan teiknspråk? 

DEL B: LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTEN 

Les Språkprat-innlegget «Å kommunisere med hender og kropp – en introduksjon til norsk tegnspråk» (2019) av Eli Raanes og Georg L Bjerkli, som du finn her, og svar på oppgåvene nedanfor.

B-1: Spørsmål til teksten 

  1. Kva funksjon har kroppsspråk, stemmebruk osv. i teiknspråk? 
  1. Kva er NTS? 
  1. Når oppstod NTS og kvifor? 
  1. Kor lenge har NTS vore anerkjent som eit språk i det offentlege? 
  1. Kva er ein dialekt? Finst det dialektar innanfor NTS? Kvifor / kvifor ikkje?  
  1. Kva meiner ein med fagspråk, og skjer det noka utvikling av fagspråk innanfor NST? 

B-2: Forklar uttrykka 

  1. teiknspråk 
  1. gestuelt 
  1. visuelt 
  1. vokabular 
  1. minoritetsspråk 
  1. non-manuelle uttrykk 
  1. stakkato 

B-3: Diskusjonsoppgåve 

Trur du det er lett eller vanskeleg å lære seg teiknspråk som framandspråk samanlikna med for eksempel tysk eller spansk, eller japansk? Grunngje svaret ditt. 

DEL C: FORDJUPING OG UTFORSKING AV TEMAET 

C-1: Praktisk oppgåve i klasserommet – prøv å forstå norsk teiknspråk 

Sjå denne videoen av ei av framføringane til Vilde Winge i Norske talenter 2017, der talentet hennar var å bruke teiknspråk på songar. Videoen viser songen «La meg leve»:

Individuelt/grupper: Sjå videoen nøye fleire gonger, og skriv ned om de merkar dykk nokre teikn og eventuelt kroppsspråk som ser ut til å ha ei klar tyding opp mot verbalteksten i songen.  

Klassen: Del med resten av klassen det som de har observert og skrive ned. Har dei ulike gruppene gjort like eller ulike observasjonar? 

C-2: Utforskingsoppgåve – få kunnskap om norsk teiknspråk! 

Lær om korleis teiknspråk fungerer, ved hjelp av Statped (Statlig spesialpedagogisk teneste) sin ressurs «Lær norsk tegnspråk», som du finn her. På denne nettsida kan du lese og sjå videoar på teiknspråk og norsk om ulike sider ved norsk teiknspråk. 

C-3: Utforskingsspørsmål om teiknspråk 

Prøv å finne svar på desse spørsmåla ved å søkje i digitale kjelder: 

  1. Kva typar innhald må eit språk vere i stand til å uttrykkje for å fungere som eit fullverdig språk? 
  1. Er teiknspråk eit fullverdig språk? Grunngi svaret ditt. 
  1. Kva for status har norsk teiknspråk (NTS) i Noreg i dag?  
  1. Kva skjedde 25. mars 2021 som var veldig viktig for norsk teiknspråk (NTS)? 

C-4: Rettane til teiknspråkbrukarar – lag ein presentasjon 

Språkrådet har ei nettside om rettane til teiknspråkbrukarar, som de finn her

Lag  ein presentasjon der de trekkjer fram eit utval av stoffet frå denne kjelda som de synest er spesielt viktig/interessant.  

C-5: Praktiske aktivitetar i klasserommet – lag ei veggavis om teiknspråk!  

Jobb i grupper på to–tre elevar. Kvar elev lagar ei veggavis om temaet teiknspråk, som må få fram både noko generelt om teiknspråk og kva norsk teiknspråk (NTS) er. De kan bruke ressursar som er nemnde i dette undervisningsopplegget, og andre eigna kjelder som passar til å få fram den informasjon de treng. Tenk godt gjennom kva det særleg kan vere aktuelt å ha med stoff om. 

Heng etterpå veggavisene opp i klasserommet og les veggavisene til dei andre gruppene.   

C-6: Utforsking – finn ut kven Norges døveforbund er, og kva dei jobbar for 

Ifølgje nettsidene til Norges døveforbund er dei «en språkpolitisk organisasjon som jobber for å styrke norsk tegnspråks stilling». Les meir om dei på nettsidene deira, som de finn her. Korleis jobbar dei for å styrke norsk teiknspråk? 

C-7: Utforsking av døvetolking og inkludering av døve i samfunnet og praktisk aktivitet i klasserommet – lag ei veggavis  

Sjå videoen på denne sida: https://www.aftenbladet.no/kultur/i/eeaPl/mods-for-doeve 

Lag ein presentasjon/podcast/veggavis der de forklarer 

  1. korleis døvetolkar førebur seg til tolkeoppdrag, og kva informasjon dei treng for å førebu seg best mogeleg 
  1. kvifor døve kan ha glede av å gå på konsertar 

C-8: Klasseromsdiskusjon 

Kva kan ein gjere for å styrkje statusen til teiknspråk i samfunnet?

Språkprat til skolen er utvikla av ei arbeidsgruppe som består av både forskarar og lærarar. Les meir om Språkprat til skolen og kven som står bak nettressursen, på sida Om Språkprat til skolen.