DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET OG TEKSTEN
A-1: Introduserande spørsmål
Har dokker høyrt eller lese svensk eller dansk i det siste? Er det enkelt eller vanskeleg å forstå dansk og svensk? Har dokker lagt merke til ting som dansk eller svensk har heilt andre ord for enn norsk?
A-2: Lærarpresentasjon med utgangspunkt i spørsmål
1. Kva vil det seie at to eller fleire språk er i slekt?
2. Kva for land omfattar Skandinavia, og kva for språk er skandinaviske?
3. Kva for land omfattar Norden, og kva for språk er nordiske?
4. Kva for andre språk enn dei nordiske er germanske?
A-3: Kjeldeoppgåve
Kva for kjelder kan ein bruke for å finne ut kva eit dansk eller svensk ord betyr, eller korleis ein kan omsette eit norsk ord til dansk eller svensk?
DEL B: OPPGÅVER TIL TEKSTAR
B-1: Lesing av Språkprat-innlegg
Les Språkprat-innlegget «På bærtur i Skandinavia» (20.07.17) av Krister S.K. Vasshus.
B-2: Spørsmål til teksten
- Kva ønskjer forfattaren å formidle med teksten?
- Korleis forklarar forfattaren kva forledda (dei første delane) i orda bringebær og tyttebær betyr?
- Fleire svenske ord for bær sluttar på -on. Korleis forklarar forfattaren det historiske opphavet til ‑on?
B-3: Forklar uttrykka
- etymologi
- analogi
- metafor
B-4: Diskusjonsoppgåve
Finn dokker ein metafor i tittelen på Språkprat-teksten?
DEL C: FORDJUPING OG UTFORSKING AV TEMAET
C-1: Klasseromsdiskusjon og debatt
- Kva forstår dokker med orda frukt og grønsaker?
- Kjenner dokker til kva ulike slags frukt og bær heiter på dansk og svensk? Kva heiter potet? Kva heiter gulrot?
C-2: Praktiske aktivitetar utanfor klasserommet – skandinaviske ord for frukt og grønnsaker
Elevane arbeider i grupper på tre til fem.
Ut av klasserommet
a. Gå i ein daglegvarebutikk. Lag der ei liste over norske ord for frukt og grønnsaker som butikken har (ikkje bær som er omtalte i Språkprat-tekstane). Lista bør ha med 10–20 ord.
Inn att i klasserommet
b. Bruk ordbøker eller til dømes Wikipedia til å omsette ordlista til dansk og svensk.
c. Samanlikn ordlistene for norsk, dansk og svensk. Er dei stort sett like, eller er det store skilnader mellom språka? Har norsk mest til felles med dansk eller med svensk? Er dei danske og svenske orda enkle eller vanskelege å forstå?
C-3: Praktiske aktivitetar utanfor klasserommet – skandinaviske ord for klede
Elevane arbeider i grupper på tre til fem.
Ut av klasserommet
a. Gå i ein klesbutikk. Lag der ei liste over norske ord for ulike klede som butikken har. Lista bør ha med 10–20 ord.
Inn att i klasserommet
b. Bruk ordbøker eller til dømes Wikipedia til å omsette ordlista til dansk og svensk.
c. Samanlikn ordlistene for norsk, dansk og svensk. Er dei stort sett like, eller er det store skilnader mellom språka? Har norsk mest til felles med dansk eller med svensk? Er dei danske og svenske orda enkle eller vanskelege å forstå?
DEL D: VURDERINGSOPPGÅVER
Munnlege oppgåver
D-1: Lag eit produkt i grupper – plakat om skandinaviske ord for frukt og grønnsaker
Tenk dokker at ein butikk der det arbeider og handlar både dansk-, svensk- og norsktalande, vil lage ein plakat som viser kva ulike slags frukt og grønsaker heiter på dei tre språka. No skal dokker lage plakaten. Plakaten skal vere i A3-format. Bruk bilde og tekst.
D-2: Lag eit produkt i grupper – plakat om skandinaviske ord for klede
Tenk dokker at ein butikk der det arbeider og handlar både dansk-, svensk- og norsktalande, vil lage ein plakat som viser kva ulike slags klede heiter på dei tre språka. No skal dokker lage plakaten. Plakaten skal vere i A3-format. Bruk bilde og tekst.
Skriftlege oppgåver (kan brukast både som hovudmål og sidemål):
D-3: Fagartikkel med fokus på skandinaviske ord for frukt og grønnsaker
Skriv ein fagartikkel der du:
a. forklarar kva det vil seie at dansk og svensk er nært i slekt med norsk
b. skriv noko allment om at mange ord er like eller nesten like i dei tre språka, mens somme er ulike (gi døme på likskapar og skilnader)
c. gjer greie for undersøkinga av ord for frukt og grønsaker i dansk, svensk og norsk
1. Korleis sette dokker opp den norske ordlista? Var det enkelt eller vanskeleg å avgjere om noko skal reknast som frukt eller som grønsak?
2. Korleis fann dokker omsettingar av orda til dansk og svensk?
3. Kva likskapar og skilnader fann dokker mellom språka?
4. Akkurat på feltet frukt og grønsaker, er språka stort sett like, eller er dei veldig forskjellige?
5. Akkurat på feltet frukt og grønsaker, ser det ut til at det er dansk eller svensk som er nærmast i slekt med norsk?
D-4: Fagartikkel med fokus på skandinaviske ord for klede
Skriv ein fagartikkel der du:
a. forklarar kva det vil seie at dansk og svensk er nært i slekt med norsk
b. skriv noko allment om at mange ord er like eller nesten like i dei tre språka, mens somme er ulike (gi døme på likskapar og skilnader)
c. gjer greie for undersøkinga av ord for klede i dansk, svensk og norsk
1. Korleis sette dokker opp den norske ordlista?
2. Korleis fann dokker omsettingar av orda til dansk og svensk?
3. Kva likskapar og skilnader fann dokker mellom språka?
4. Akkurat på feltet klede, er språka stort sett like, eller er dei veldig forskjellige?
5. Akkurat på feltet klede, ser det ut til at det er dansk eller svensk som er nærmast i slekt med norsk?
