Ordklassar 

Temaet for dette undervisningsopplegget er ordklassar. Med ordklassane meiner vi dei klassane ein deler ord inn i. Kva er grunnen til at vi deler ord inn i ordklassar, kva ordklassar har vi i norsk, og kva kjenneteiknar kvar av desse ordklassane? Desse tre spørsmåla står sentralt i dette undervisningsopplegget. Kunnskap om ordklassane er viktig både for å kunne beskrive norsk og andre språk og for å kunne samanlikne ord og bøying i ulike språk.

Undervisningsopplegget startar med nokre introduserande spørsmål i del A, for å få fram kva ein veit frå før. Vidare skal ein i del B lese eit Språkprat-innlegg av Klara Sjo om kva som er grunnen til at ein deler ord inn i ordklassar, og det relativt nye (frå 2005) ordklassesystemet i Norge, og gjere oppgåver om denne teksten. I del C er oppgåve C-1, der ein skal lære om dei ti ordklassane, og oppgåve C-2, der ein skal teste kva ein har lært, særleg viktige. I tillegg til dette er det her ei rekkje andre oppgåver om ordklassar, inkludert ei oppgåve der ein får testa kva ein kan om preposisjonar.

Er du lærar og ønskjer meir informasjon, løysingsframlegg og vurderingsoppgåver, finn du dei på lærarsida til «Språkprat til skolen». Lærarsidene er passordbeskytta, og du kan få passordet ved å skrive til post@sprakprat.no

DEL A: INTRODUKSJON TIL TEMAET OG TEKSTEN  

A-1: Introduserande spørsmål  

  1. Kva meiner ein med ordklassar?  
  1. Kor mange ordklassar har vi i norsk? Nemn dei du kjem på.   
  1. Kva er poenget med å dele ord inn i ulike klassar? 

DEL B: LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTEN  

Les Språkprat-innlegget «Hva har biler og forvirring til felles? Om ordklasser og inndeling av ord (2025) av Klara Sjo, og svar på desse spørsmåla: 

B-1: Spørsmål til teksten  

  1. Kva vil det seie at inndeling i ordklassar ikkje er naturgitt? 
  2. Om lag når kom den første inndelinga i ordklassar som liknar på vår? 
  3. Kva er overordna prinsipp (kriterium) for å dele ord inn i ordklassar? 
  4. Gi nokre døme på morfologiske kriterium i norsk.  
  5. Korleis kan ein plassere i ordklassar ord som ikkje kan bøyast? Gi to døme på ord som ikkje kan bøyast i norsk. 
  6. Kva har vore problematisk med at inndelinga vår i ordklassar har bygd på den latinske inndelinga?  
  7. Kva for eit år la Språkrådet og Utdanningsdirektoratet fram eit framlegg til ei ny ordklasseinndeling og nye grammatiske termar til bruk i skolen, og kva status har denne no i Noreg?  
  8. Kva er dei viktigaste endringane i den nye ordklasseinndelinga i Noreg frå 2005? 
  9. Kva var grunnen til å skilje frå kvarandre konjunksjonar (tidlegare sideordna konjunksjonar) og subjunksjonar (tidlegare underordna konjunksjonar) i to ordklassar?   
  10. Kva er felles for determinativ, og kva undergrupper er determinativ inndelt i? 

B-2: Forklar uttrykka  

  1. ordklasse 
  2. substantiv 
  3. verb  
  4. adjektiv 
  5. naturgitt 
  6. klassifikasjon 
  7. morfologiske kriterium 
  8. syntaktiske kriterium 
  9. semantiske kriterium 
  10. latin 
  11. determinativ 
  12. subjunksjon 
  13. konjunksjon 

B-3: Diskusjonsoppgåver  

Kva fordelar og ulemper er det ved å dele ord inn i ordklassar for a) språkforskarar, b) lærarar og c) elevar? 

DEL C: UTFORSKING OG REFLEKSJON RUNDT TEMAET  

C-1: Gruppepresentasjonar om ordklassar i norsk  

I dag reknar vi med 10 ordklassar i norsk:   

  1. substantiv  
  1. verb  
  1. adjektiv  
  1. pronomen  
  1. determinativ  
  1. preposisjon  
  1. adverb  
  1. subjunksjon  
  1. konjunksjon  
  1. interjeksjon  

Elevgruppene blir delt inn i grupper og skal presentere for resten av klassen den ordklassen dei får ansvar for.   

C-2: Quiz om ordklassane  

Læraren les opp 20 ord frå dei ulike ordklassane. Elevane jobbar i grupper på ca. 3 elevar og skal notere ned kva ordklasse dei ulike orda høyrer til i.  Eit framlegg til 20 ord med fasit står på lærarsida. 

C-3: Kven er du? 

Kva for ein ordklasse føler du deg mest som? / Kva for ein ordklasse identifiserer du deg mest med? Grunngi svaret. 

C-4: Klasseromsdiskusjon om ordklassar  

Er det viktig at elever på vidaregåande skule har god kompetanse i kva for ordklassar vi har, og kva som kjenneteiknar kvar av dei?   

C-5: Utforsking av skiljet mellom ordklassar   

Nedanfor er nokre ord på norsk som kunne ha passa inn i fleire ordklassar. Finn ut kva ordklasse desse orda høyrer til i dag, ved hjelp av Bokmålsordboka eller Nynorskordboka (https://ordbokene.no/), og tenk over kva andre ordklassar orda også kunne ha passa delvis inn i.   

  1. skriving  
  2. ein  
  3. min  
  4. tre  
  5. tredje  

C-6: Skap dine eigne ordklassar!  

Om du stod fritt til å lage nye ordklassar, kva slags ordklassar ville du i så fall ha laga? Her skal du finne på namn på minst tre moglege ordklassar, og gi døme på ord i desse nye ordklassane. Grunngi også kvifor du synest at dette kunne ha passa som eigne ordklassar.   

C-7: Konkurranse – set inn rette preposisjonar 

Å bruke rette preposisjonar kan vere vanskeleg på norsk. Dette er vanskeleg for dei som har norsk som morsmål, og spesielt vanskeleg for dei som ikkje har norsk som morsmål. Nedanfor er nokre eksempel på setningar med bruk av feil preposisjonar:  

  1. Når vi er med middagsbordet, har vi det hyggelig.  
  1. Det har litt å si på hvordan vi takler utfordringen.  
  1. Han kjemper om livet.   
  1. Hun har fortsatt forventninger på ferien.  
  1. Det har vært store kontraster på hva mennesker har tenkt.   
  1. Hva som skjer mellom forholdet til mor og barn er viktig.  
  1. Kjønnsrollene er ulike mellom kvinner og menn.   
  1. Dette lærer samfunnet i dag mye på.   
  1. Han er ikke begeistret ovenfor kjæresten.   
  1. Å reflektere rundt et spørsmål tar litt tid.  
  1. Motivet til boken er interessant.   
  1. Nynorsk er fortsatt sterkt hatet av bokmålsbrukere gjennom hele landet.    
  1. Fra hele sitatet hans virker det som om han er sur.  
  1. Han snakker opp nynorsken.   
  1. … som vanskeligheter for læring hos utlendinger.   
  1. I sitatet fra Fosse til Nobelprisen ser vi at han ble glad.    
  1. Nynorsk er karakterisert på dens bruk av a-ending.   
  1. Nynorsk sikter for å reflektere talemålet i distriktene.    
  1. Bokmål ble introdusert til Norge for mer enn 100 år siden.   
  1. Hvilket av skriftspråkene de foretrekker å skrive i er uvisst.  
  1. Ettersom de fleste på media i Norge snakker dialekt, hører vi et stort mangfold.  
  1. Nynorsk burde bli det offisielle skriftspråket til Norge.  
  1. Flere og flere følger strømmen om bokmål.   
  1. Opphavet av det nynorske skriftspråket er dialektene.  
  1. Han vant Nobelprisen i litteratur i 2023, skrevet med nynorsk.    

  

Kva kling best? Prøv å skrive inn rette preposisjonar i setningane nedanfor. Slå undervegs opp i ordbøker og sjå på kva korleis ein skal bruke dei ulike preposisjonane. De får eitt poeng for kvart godt val av preposisjon, totalt maks 25 poeng.   

  

  1. Når vi er ___ middagsbordet, har vi det hyggelig.   
  1. Det har litt å si ___ hvordan vi takler utfordringen.  
  1. Han kjemper ___ livet.   
  1. Hun har fortsatt forventninger ___ ferien.  
  1. Det har vært store kontraster ___ hva mennesker har tenkt.   
  1. Hva som skjer ____ forholdet ____ mor og barn er viktig.   
  1. Kjønnsrollene er ulike ____ kvinner og menn.   
  1. Dette lærer samfunnet i dag mye ___.   
  1. Han er ikke begeistret ___ kjæresten.   
  1. Å reflektere ___ et spørsmål tar litt tid.   
  1. Motivet ___ boken er interessant.   
  1. Nynorsk er fortsatt sterkt hatet av bokmålsbrukere ____ hele landet.    
  1. ___ hele sitatet hans virker det som om han er sur.  
  1. Han snakker ___ nynorsken.   
  1. … som vanskeligheter for læring ___ utlendinger.   
  1. I sitatet fra Fosse ___ Nobelprisen ser vi at han ble glad.  
  1. Nynorsk er karakterisert ___ dens bruk av a-ending.  
  1. Nynorsk sikter ___ å reflektere talemålet i distriktene.  
  1. Bokmål ble introdusert ___ Norge for mer enn 100 år siden.   
  1. Hvilket av skriftspråkene de foretrekker å skrive ___ er uvisst.  
  1. Ettersom de fleste ___ media i Norge snakker dialekt, hører vi et stort mangfold.  
  1. Nynorsk burde bli det offisielle skriftspråket ___ Norge.   
  1. Flere og flere følger strømmen ___ bokmål   
  1. Opphavet ___ det nynorske skriftspråket er dialektene.  
  2. Han vant Nobelprisen i litteratur i 2023, skrevet ___ nynorsk.    

Språkprat til skolen er utvikla av ei arbeidsgruppe som består av både forskarar og lærarar. Les meir om Språkprat til skolen og kven som står bak nettressursen, på sida Om Språkprat til skolen.