Læringsløype om bokmål og nynorsk

Dette er ein læringsaktivitet der elevar skal både lære meir om og teste kva dei kan om bokmål og nynorsk, i ein engasjerande gruppekonkurranse. Det er ein fordel om elevane på førehand har jobba med grammatikk, både på bokmål og nynorsk.  

Læringsløypa har fem stasjonar. Oppgåvene på stasjonane handlar om verbbøying på bokmål og nynorsk, plassering av ord i rett målform, omsetjing mellom bokmål og nynorsk, kjønn på substantiv på bokmål og nynorsk og retting av tekst på nynorsk. Sjå nedanfor for ei oversikt over dei fem stasjonane.

Elevane vert på førehand delte inn i fem grupper. For at alle på gruppene skal vere aktive, bør det ikkje vere meir enn fire personar på kvar gruppe. Dersom klassen er stor, kan de heller lage fleire grupper på den same stasjonen. Gruppene rullerer mellom stasjonane, og ein bør sette av 15–20 minutt per stasjon. Det er ikkje lov å bruke mobil eller internett når ein løyser oppgåvene. De kan gjerne bruke fysiske ordbøker.  

Er du lærar og ønskjer meir informasjon om og heile læringsløypa, inkludert poengskjema, pdf-filar av alt som trengst til alle stasjonane, og fasit for poengutrekning? Alt dette finn du samla på lærarsida til Språkprat til skolen. Lærarsidene er passordbeskytta, og du kan få passordet ved å skrive til post@sprakprat.no

Stasjon 1: Nynorsk, sterke og svake verb  

Verba som er lista opp, er anten sterke eller svake, eller parverb der dei finst både som sterke og svake. Elevane får eitt poeng for å kategorisera dei rett som sterke og svake og eitt poeng for kvar rett bøyingsform.  Ein kan totalt få maks 48 poeng på denne oppgåva. 

Stasjon 2: Nynorsk, bokmål og begge delar - plassering i ordklassar  

Elevane får eit blankt ark til å plassere 45 ord i rett målform eller rette målformer. Læraren kopierer arket med dei 45 orda (inkl. ordklasse) og gjev kvar gruppe eit sett med ord som dei skal plassere i riktig målform(er). Det er ikkje lov å bruke hjelpemiddel, verken internett eller mobiltelefon.

Læraren fotograferer elevane sine svar og reknar ut poenga. Ein får eitt poeng for kvart riktig svar, og maks 45 poeng. Ein får ikkje poeng for å plassere ord som høyrer heime i begge målformene, i berre ei av dei.   

Stasjon 3: Nynorsk og bokmål  

Finn motsett målform til desse orda. De får 2 poeng for kvart rett svar, maks 56 poeng 

Stasjon 4: Skiljet mellom kjønn på bokmål og nynorsk   

Gruppeaktiviteten har to delar. Gruppene gjennomfører først del a, og læraren tek bilete av sorteringa i a før elevane kan starte på b. Til slutt tek læraren også bilete av sorteringa i b.    

a)   Kjønn på bokmål: Sorter alle orda ved å leggje dei på rett stad på bokmålsarket ut frå kva kjønn dei har på bokmål. Gruppene får 1 poeng per rette plassering ut frå kjønn på bokmål. For ord som høyrer til fleire kjønn, får de 1 poeng uansett kva kjønn de vel.    

b) Kjønn på nynorsk: Flytt alle orda til nynorskarket ved å leggje dei på rett stad på arket ut frå kva kjønn dei har på nynorsk. Har orda same kjønn som på bokmål? Gruppene får 1 poeng per rette plassering ut frå kjønn på nynorsk. For ord som høyrer til fleire kjønn, får de 1 poeng uansett kva kjønn de vel.

Stasjon 5: Retteoppgåve  

Elevane får ein tekst på nynorsk der dei skal finne feil i teksten og føreslå rett løysing. Dei skal finne 17 feil. Dei får 3 poeng for kvar feil dei finn, og maks 51 poeng.    

Språkprat til skolen er utvikla av ei arbeidsgruppe som består av både forskarar og lærarar. Les meir om Språkprat til skolen og kven som står bak nettressursen, på sida Om Språkprat til skolen.