
Del A: Introduksjon til temaet og teksten
Oppgåve A-1: Introduserende spørsmål
- Kva er fagspråk for noko?
- Opplever du at det blir brukt meir fagspråk i nokre fag enn i andre fag?
- Kan du gje eksempel på nokre fagord som de har lært i det siste?
- Kveit du om skyer frå før?
- Kva veit du om namn på ulike typar skyer?
DEL B: LESING AV SPRÅKPRAT-INNLEGG OG OPPGÅVER TIL TEKSTEN
Les Språkprat-innlegget «Skynamn – ei forteljing om fantasi, poesi og vitskap» (2022) av Anders Doksæter Sivle og Helga Mannsåker.
B-1: Spørsmål til teksten
- Kva er hovudforskjellen på folkelege og vitskaplege namn på naturfenomen?
- Kva var dei tre fordelane med Howard si klassifisering av skytypar?
- Kor mange typar skyformasjonar finst det, og kva heiter dei ulike typane?
- Kor mange variantar av høgd på himmelen finst det, og kva består skyene på dei ulike høgdene typisk av?
- Kva er fellestrekket for skyer som har leddet nimbus i namnet sitt?
- Kva vêr er skytypane cirrus, cirrostratus, altostratus og cumulus teikn på?
B-2: Forklar uttrykka
- omsettingslån/kalkar
- meteorologi
- å kondensere
- å klassifisere
- milepæl
- term
- (ein) variabel
- forleddsform
- nedbør
DEL C: FORDJUPING OG UTFORSKING AV TEMAET
C-1: Klasseromsdiskusjon og debatt
a. Ekstremvêr får tildelt personnamn av meteorologar. Kvifor det, trur du?
b. Kvifor trur du ein starta å bruka mannsnamn i tillegg til kvinnenamn i 1978?
c. Hadde du likt at eit ekstremvêr fekk ditt fornamn? Kvifor/Kvifor ikkje?
C-2: Praktiske aktivitetar utanfor klasserommet
Observer, dokumenter og klassifiser skyer.
