Regjeringa er i gang med ei stor kommunereform. I det nye framlegget frå kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår dei å redusera talet på kommunar frå 428 til 356 innan år 2020. Det vil seia at på relativt kort tid vil mange lokalsamfunn gå gjennom store endringar. Vanlege konsekvensar av kommunesamanslåing er at ein får eit nytt kommunesentrum, nytt handelssentrum, nye pendlevegar og sentralisering av ulike offentlege tenester. Kan dette få konsekvensar for språket i kommunane som vert påverka av reforma?
Av Liv Torunn Tjelmeland, master i nordisk språkvitskap